Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Helseekspressen

Helse Fonna har eigen Helseekspress, ein ekspressbussen som er i trafikk måndag til fredag på strekninga frå Haugesund sjukehus til Bergen, og med retur same dag.

Helsepersonellet om bord vil gi deg profesjonell bistand, om du skulle trenge det på turen, og dyktige sjåførar og spesialtilpassa buss sikrar deg ein behageleg transport.

Oppmøtetid i Haugesund 07:10

Avgang​​​stider:

​Haugesund Sjukehus 07:20
Aksdal busstasjon 07:40
Haukås 08:00
Føyno 08:25
Leirvik bussterminal 08:37
Stord Sjukehus 08:50
Sandvikvåg 09:30
Halhjem 10:15

Ankomst, Haukeland 10.50

Avga​ng, Haukeland 14:25

​Halhjem 15:00*
Sandvikvåg 15:45
Stord sjukehuset 16:10
Leirvik bussterminal 16:30**
Føyno 16:45
Haukås 17:05
Aksdal 17:20

Ankomst Haugesund 17:45

*Ankomsttidene på returen kan variere noe. Bussen tar ferje kl. 15.00, ved forsinkelser blir det ferje kl. 15.20. 
**Hurtigbåt til Sunde båt-kai 17:05​

​​Det er mogleg å sitte i bussen under fergeturen.


  • Tre båreplassar
  • 20 sitteplassar i fremre del av bussen og ein «luksusstol»
  • Heis
  • Handikaptoalett
  • Regulerbare seter
  • Medisinsk utstyr/medikament om bord
  • Hjertestartar
  • Utstyr for medisinsk overvaking 
  • Plass til rullestol
  • Kald og varm drikke
  • Trådlaust internett
  • Bussen har spesiallaga støytdemparar som gjer at ingen dumpar i vegen blir ubehagelege for pasientane

Når du skal til behandling eller undersøking ved helseinstitusjonar og spesialistar som har avtale med Helse Vest RHF.

Tilbodet gjeld befolkninga i Helse Fonna sitt sjukehusområde. Bussen går ei fast ekspressrute, og ein blir brakt til busstoppa med drosje eller personbil.

Med rekvisisjon

Har du behov for tilrettelagt transport, ta kontakt med din behandlar for rekvirering.

Utan rekvisisjon

Har du ikkje har rekvisisjon kan bestiller du turen hos Pasientreiser, telefon 915 05 515. Innkallingsbrevet visast i bussen.

Det kan leggast inn seriebehandling for fleire reiser samtidig.

Alle bestillingar til Haukeland skal bestillast seinast klokka 13.00 virkedagen før reise.

Skal du tur og retur same dag får du plass på Helseekspressen begge veier. Dette gjelder også deg som ikkje har rekvisisjon.

Blir du innlagt eller kjem for seint til avgangen frå Haukeland, gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport.

Med rekvisisjon

Om du har rekvisisjon og skal reise tur og retur same dag, men ikkje er klar når Helseekspressen kjører, må du gi beskjed om dette. Då gjeld vanlege reglar for rekvirering av transport.

Må du sitte i rullestolen under transport, bestillast transport via AMK-sentralen.

Utan rekvisisjon

Har du ikkje rekvisisjon må du for eksempel Kystbussen heim om du er for sein til returavgangen.

Har du ikkje rekvisisjon kan du ta kontakt med personalet i ventearealet ved Haukeland Sjukehus eller ringe Pasientreiser, telefon 915 05 515, for bestilling av transport med Helseekspressen.

Du vil då bli satt på venteliste og dersom det er ledig plass på bussen frå klokka 13.30, kan du få sitte på.

Ønskjer du å ha med pårørande, må dei ta Kystbussen.

Om du ikkje skal reise likevel må du huske å avbestille transporten. Ring Pasientreiser, telefon 915 05 515.

Alle må betale eigedel. Personar med frikort og barn under 16 år slepp å betale eigendel.

Inni Helseekspressen (Foto)

Samanlikna med alternative transportformer som til dømes drosje og ambulanse vil vi hevde at Helseekspressen er vel så trygg og triveleg.

Om til dømes ein pasient får brystsmerter på bussturen, kan ambulansepersonellet ta EKG av hjerte og overføre data direkte til hjerteovervakinga, som vurderer tilstanden. Med andre ord langt tryggare enn i ei drosje.

Maŋemus ođastuvvon 2024-12-06