Helseregistre
Helseregistre blir brukt for å betre kvaliteten og gjennomføre forsking i helsetenesta. Registra baserer seg på innsamling av data frå pasientjournalar.
Som pasient har du høve til å reservere deg («reservasjonsretten») mot at nokre opplysningar om deg blir registrert, lagra eller utlevert (behandla).
Nærmare informasjon om reservasjonsretten med meir, finn du på heimesidene til Kreftregisteret:
Når det gjeld forsking er det ein generell reservasjonsrett for bruk av biologisk materiale.
Skjema finn du hos Folkehelseinstituttet.
Du kan altså sjølv ta kontakt med det enkelte helseregister, for å få meir informasjon om registeret og korleis opplysningar om deg kan brukast.
Nasjonalt traumeregister
Blir du behandla for alvorlege skadar i Noreg registrerast dette i eit nasjonalt traumeregister (skaderegister). Det registrerast ikkje namn eller fødselsnummer i dette nasjonale registeret, kun ein kode, slik at opplysingane er indirekte identifiserbare.
Du har rett til å få innsyn i dei opplysingar som er registrert om deg, samt å be om å bli anonymisert i registeret.
Har du spørsmål om registeret eller dersom du ønskjer å bli anonymisert i registeret, kan du kontakte Nasjonalt traumeregister, telefonnummer 22 11 79 53.