Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Om barn og unges helseteneste

Både dei som skal bruke tenestene og fagfolk kan oppleve systemet av hjelpeinstansar som forvirrande. Det kan vere vanskelig å vite kor ein kan få hjelp og kva som er rett hjelp.

I prosjekt Barn og unges helseteneste har brukarar, kommunale tenester og spesialisthelsetenesta samarbeida om å utvikle samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Forløpa fungerar som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde. Forløpa er først og fremst laga for fagfolk i tenestene, men informasjonen er tilgjengeleg for alle. Det finst eigen informasjon for barn, unge og føresette.

Målet er at barn og unge skal få rett hjelp frå rett teneste og at tiltaka frå ulike tenester heng saman og blir opplevd som eit heilskapleg tilbod for barn, unge og deira familiar. 

Prosjekt Barn og unges helseteneste I Helse Fonna blei samhandlingsprosjektet «Barn og unges helseteneste» gjennomført i 2016/2017. Hovudmålet med prosjektet var å utarbeide pasientforløp på tvers av kommune og spesialisthelseteneste for å sikre samanhengande helsetenester. Alle 19 kommunar i føretaket har vore direkte eller indirekte involvert i arbeidet.

I prosjektet er det utvikla fem samhandlingsforløp for barn og unge som no skal bli implementert i kommune og føretak. Samhandlingsforløpa omtalar både korleis fastlege, helsesyster, barnehagemedarbeidarar, lærarar, barnevern, BUP og andre fagfolk skal saman skape barn og unge si helseteneste. Forløpa beskriv aktuelle tiltak frå første bekymring for barnet, til det er sett i verk tiltak i kommunale tenester til gjennomført behandling i spesialisthelsetenesta.

Dei fem tilstandsbilda er

  • Bekymring for barn 0-3 år
  • Spiseforstyrringar
  • Angstlidingar
  • Autismespektervanskar
  • Komplekse traumer

Det er samtidig laga enkel informasjon til pasient og pårørande om tilstandsbilda.

Regjeringa sin nye strategiplan for god psykisk helse slår fast at hovudutfordringa med tenestetilbodet til barn og unge er å betre samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. Prosjektet er eit av få nasjonale eksempel på at ein med brei involvering frå brukarar av tenestene og alle relevante tenester i kommunar og spesialisthelseteneste, har samhandla om utvikling av felles tverrsektorielle helsetenesteforløp for barn og unge.

Arbeidet bygger på og utfyller satsinga på Bedre Tverrfaglig Innsats (Stafettlogg) i vår region. Saman bidrar dette til heilskapleg og koordinert innsats rundt barn og unge med psykiske vanskar. Helse Fonna har i 2018 fått Innovasjonsmidler frå Helse Vest for å vidareutvikle forløpa. Planen er å lage to nye samhandlingsforløp for ADHD og depresjon.

For meir informasjon kontakt prosjektleder Ester Espeset, ester.marie.stornes.espeset@helse-fonna.no, eller prosjektdeltaker Ingrid Ø. Våge, ingrid.oritsland.vage@helse-fonna.no


Maŋemus ođastuvvon 2022-01-05