Guidar
Vi har utvikla guidar som kan brukast som støtte og hjelp i lokale samhandlingsprosjekt som ønskjer å ta i bruk metodikk frå Barn og unges helseteneste.
Kva kan eg bruke guidane til?
Guidane syner ulike fasar som anbefalast for å ta i bruk metodikk for barn og unges helseteneste.
Innhaldet tek utgangspunkt i prosessane som Helse Fonna har gjennomført, supplert med erfaringar frå Helse Stavanger, Helse Bergen, Helse Førde og Helse Møre og Romsdal.
Guidane utgjer ei verktøykasse og skal fungere som støtte og hjelp for prosjekt som ønskjer å ta i bruk Barn og unges helseteneste lokalt, men merk at stega må tilpassast lokale forhold.
Guidane er delt inn i fasar. For kvar fase er det definert steg som inneheld aktivitetar, tips og råd, og lenkjer til verktøy, rapportar og eksempel frå andre prosjekt som har erfaring med barn og unges helseteneste.