Barn og unge sine rettar under innlegging
Vi har samla det meste.
BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) på Stord gir eit spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske utfordringar og deira pårørande. Tilbodet består av utgreiing, behandling og saman med kommunale instansar forebyggje utvikling av psykiske lidingar hos barn og unge. Våre ansatte har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut i frå tverrfagleg teamarbeid. BUP Stord er og godkjent som utdanningsinstitusjon. Flere faggrupper blir utdanna til spesialistar i sine fagområder.
Pålogging behandler - Checkware
Video: Pasientpålogging med Bank-ID
Video: Pasientpålogging uten Bank-IDBrukerveiledning Checkware
Som hovudregel er det fastlegen som tilviser til BUP. Leiar for barnevernet i kommunen kan også tilvise, men det må alltid vurderast om barnet eller ungdommen også bør innom fastlegen for å få ein medisinsk vurdering av problema sine.
NB! Manglande samtykke og / eller manglande BUP-skjema gjer riktig vurdering av tilvisingar vanskelegare. Tilvisinga må gje eit godt bilde av barnet eller ungdommen sine symptomer, utvikling, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø, samt beskriving av dei hjelpetiltak som er prøvd.
Ein del undersøkingar kan med fordel gjerast før tilvising.
Ungdom som er fylt 16 år, kan utan samtykke frå sine foreldre kontakte fastlege for tilvising til BUP.
Vi ønskjer å ha eit samarbeid med dei som har tilvist både under utreiing og behandling.
Vi gir øyeblikkeleg hjelp når det er nødvendig.
Innan 10 virkedagar etter at tilvising er mottatt skal det vurderast om det er nødvendig med helsehjelp, og vi skal gje informasjon i brev om når behandlinga forventast å bli gitt.
Barn og unge har rett til nødvendig helsehjelp ved tilstandar som kan redusere livslengde, gje betydeleg nedsatt livskvalitet, og om nytta av hjelpa står i eit rimeleg forhold til kostnadane. Barn og unge, som ikkje har "rett til nødvendig helsehjelp" etter lova sine kriterier, kan også ha behov for eit tilbod hos oss, men dei får då ikkje rett til å få dette tilbadet innan ein viss tidsfrist, og får noko lenger ventetid.
Vi bruker felles tilvisingsskjema, likt for alle BUP i Noreg. Skjemaet er utvikla av «Norsk forening for barn og unges psykiske helse», N-bup, etter oppdrag frå Helsedirektoratet, og dekker den obligatoriske rapporteringa til Norsk Pasientregister (NPR).
Les meir om skjemaet på n-bup sine heimsider
Alle kan i periodar slite med å takle livet, særleg når det skjer store hendingar, eller når vi lev i situasjonar der det er mange risikofaktorar. Dette er normalt.
Men når treng barn ekstra støtte?
Når du er bekymra for eit barn eller ein ungdom du arbeidar med, er det ein rekkje ting du kan gjere
Gjer det du kan for å støtte barnet, men ta kontakt med andre hjelpeinstansar når du treng bistand. Drøft situasjonen anonymt med ein profesjonell person, for eksempel i BUP
Kva er BUP, og korleis jobbar vi?
Ein BUP er ein poliklinikk, eit slags kontor, der barn og ungdom under 18 år og foreldra deira får hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Du kjem til avtalt tid, og kan dra heim igjen etter timen.
BUP jobbar også saman med andre, for eksempel skule og helsesyster, for å finne ut korleis vi kan hjelpe deg på best mogleg måte.
Nokre barn og ungdom treng i ein periode tettare oppfølging, og då kan dei bli innlagt på ein sjukehuspost.
Desse er annleis enn dei vanlege sjukehuspostane. Alle får sitt eige rom, og det er andre barn / ungdommar som du kan prate og vere saman med. På sjukehuset er det alltid personale til stades.
Barn og ungdom er veldig flinke til å finne raskt fram på internett når dei leitar etter informasjon. Det kjem godt med, fordi det ligg mykje informasjon om psykiske vanskar på internett.
Sjølv om det framleis er litt nytt, har det kome nokre nettsider som tilbyr online hjelp.
Dette kan vere elektroniske spørreskjema, som undersøker kva som er vanskeleg for nettopp deg. Andre gir rettleiing i kva du kan gjere sjølv, for å få det betre.
Moodgym er eit godt eksempel på eit slikt nettbasert hjelpeprogram retta mot personar med depresjon. Men dette er ikkje for dei minste.
Du finn og mykje informasjon/tema for ungdom på ung.no og selvhjelp.no.
Det er heilt vanleg at du grublar på ting i ein periode. Det gjer dei fleste. Det kan vere alt mogleg, og mykje av det som ser mørkt ut ein dag, blir plutseleg betre, utan at vi veit kvifor.
Men så er det ein del tankar som kan bli tyngre for kvar dag som går, og som kan overskygge alt anna. Då er det viktig å ta kontakt med nokon du er trygg på, og som har tid til deg. Lærar, helsesyster, nabodamen, og ikkje minst pappa eller mamma.
Det er alltid nokon du kan snakke med, men du må gjerne sjølv ta kontakt. Det er jo ikkje alltid like lett for andre å sjå at du har det litt tøft. Dei vaksne rundt deg vil sette stor pris på at du fortél dei om at du slit. Dei kan lytte til deg, og saman med deg finne ut kva som kan hjelpe deg.
Mange barn og unge synast det er litt flaut å fortelje til nokon at dei har det vanskeleg. Da skal du vite at det er heilt i orden. Når du er ung som deg, er det heilt vanleg at du ikkje har svar på alt som er vanskeleg her i livet. Det kan ein vaksen hjelpe deg med. Og nokon gonger betyr det at du treng nokon på BUP til å hjelpe deg vidare.
Det ordnar seg. For deg også.
Når du får vonde tanker er det veldig viktig at du tek kontakt med ein vaksen som du er trygg på.
Det er alltid nokon du kan prate med om det du synast er vanskeleg. Det kan vere ein lærar, ein nabo, ein tante eller onkel, helsesyster på skulen, og sjølvsagt foreldra dine.
Det er ingenting som er dumt å spørre om. Ikkje vent for lenge, det er alltid betre å snakke om det du slit med enn å halde tyst. Og enda betre, det alltid hjelp å få. Også for deg.
På BUP får du snakke med nokon som kan mykje om dei vanskane barn og unge ofte slit med.
Dei fleste barn og ungdom kjem til BUP saman med foreldra sine første gongen. Det er sjølvsagt litt avhengig av kor gammal du er, men vi ser at barn og ungdom stort sett er glade for at far og / eller mor er med på nokre av samtalane. Spesielt første gongen kan det vere litt rart for dei fleste.
Du får ein fast kontaktperson, som følger deg heile den tida du er i kontakt med BUP.
Trur du at barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp? Da bør du oppsøke lege for å få barnet undersøkt.
Legen kan tilvise til ein av Poliklinikkane i nærleiken – BUP Haugesund for Haugalandet, BUP Stord for Sunnhordland og Hardanger.
På poliklinikkane vert ingen lagt inn. Pasientar får tilbod om ulike formar for behandling, og vi vil sjå på behovet til ditt barn når vi lagar ein behandlingsplan.
BUP jobbar også saman med andre offentlege instansar, som for eksempel skule / barnehage, fastlege, helsesyster og i nokon tilfelle barnevern, for å finne fram til det beste behandlingstilbodet for barnet ditt.
Dersom det viser seg at eit poliklinisk tilbod ikkje er tilstrekkeleg, kan barnet ditt bli innlagt ved ein sengepost for meir spesialisert utgreiing og behandling.
Hos helsenorge.no finn du informasjon som kan vere nyttig for deg som pårørande. Her kan du også finne mykje informasjon om psykiske lidingar og kva hjelp som finst.
Det er naturleg å vere usikker på om barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp eller ikkje. Her er nokon tips om kva du kan gjere for barnet ditt.
Fastlegen, leiar for barneverntenesta og psykologar i kommunen kan tilvise til BUP. PPT kan og henvise saman med lege.
Når du ser at barnet ditt treng hjelp, kan du gjere følgande
BUP vurderer tilvisinga innan ti verkedagar. Dersom barnet er under 16 år vil føresette få eit svarbrev frå BUP, der det vert opplyst om barnet har rett til naudsynt helsehjelp eller ikkje.
Er ungdommen over 16 år, vil brevet gå direkte til ham / henne. Avhengig av tilvisingsgrunn vert barnet tildelt ei ventetid. Den er aldri lengre enn tre månader ved rett til naudsynt helsehjelp.
Sjølv om dei fleste barn og unge vert tilvist via fastlegen, treng nokon barn akutt hjelp.
Desse instansane kan du ta kontakt med
Legevakten har samme nummer i heile landet : 116 117 - du vil kome til legevakta der du oppheld deg uansett kvar i Noreg du ringjer frå.
Sjå kva rettar du har som pasient i Helse Fonna
Foreldre har og rett til informasjon om sine barn inntil dei fyller 16 år, og inntil dei fyller 18 år om opplysningane er nødvendige for å ivareta foreldreansvaret. Pasientar over 16 år må sjølv samtykke til at pårørande blir involvert i behandlinga, i kva grad og kva informasjon dei skal få.
Sjølv om helsepersonell har teieplikt, er det mange tilfelle der pårørande også har rett på informasjon. Alle pårørande har rett til generell rettleiing, og det er ikkje brot på teieplikta å lytte.
I tillegg har pårørande rett til informasjon når
Det er næraste pårørande som har rett til informasjon. Pasienten eller brukaren har rett til å peike ut sin næraste pårørande. Om han / ho ikkje er i stand til å peike ut næraste pårørande, skal det vere den som i størst utstrekking har varig og løpande kontakt med pasienten.
Mindreårige søsken til barn og unge som er i behandling, har også rett på informasjon om pasienten si helsehjelp viss det blir vurdert behov for det.
Helsepersonell skal bidra til å ivareta det behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som mindreårige barn kan ha som følgje av at søsken er pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengighet eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade.
Når det er nødvendig for å ivareta behov til pasientens mindreårig søsken, skal helsepersonell blant anna tilby informasjon og rettleiing. Dette skal gjerast i samråd med pasient og foreldre eller andre som har omsorga for søsken.
Dei same reglane for teieplikt og innhenting av samtykke ( informasjon avtalt med pasient og foreldre) gjeld og her, at det kan gis informasjon om pasienten sin sykdomstilstand, behandling og behov. Informasjonen skal gis i ein form som er tilpassa mindreårig søsken sin alder og modning.
Klinikk for psykisk helsevern har tre poliklinikkar for barn og unge – ein poliklinikk på Stord og to i Haugesund. Poliklinikkane har ansvar for kvart sitt geografiske område.
Poliklinikken kan tilby utgreiing og behandling (pakkeforløp) til barn og unge med allmennpsykiatriske lidingar. Dette kan vere angstlidingar, utviklingsforstyrringar, depresjonar, ADHD-problematikk, avhengighetsproblematikk, spiseforstyrringar, reaksjonar etter traumatiske opplevingar eller ein kombinasjon av fleire vanskar.
Etter utgreiing vurderer vi om barnet/ungdommen treng behandling hos oss eller om det er nok med tilrettelegging i kommunen. Behandlingstilboda ved BUP er i all hovudsak medikamentfrie.
Kven møter du?
På BUP jobbar psykologar, legar, pedagogar, sosionomar og barnevernspedagogar, du kan møte fleire av desse som er med på di utgreiing/ behandling.
Døgnpostane har alle kommunar i Helse-Fonna som opptaksområde. Det er poliklinikkane i Haugesund og på Stord som vurderer behov for innlegging på døgn.
Post nord er ein 7-døgnspost med 4 døgnplassar og ei akuttseng for barn i alder 6-12 år. Posten dekker heile Helse-Fonna området og er lokalisert i Haugesund.
Post nord har både planlagde innleggingar og akutt hjelp funksjon (ØH).
Akutt hjelp er ofte ein kort innleggelse kor ein har fokus på stabilisering, i forhold til søvn, ro og kvile, og kor ein har mulighet til å observera og vurdera vidare behandlingsbehov.
BPP gir eit tilbod til barn som strevar med samspillsvanskar, angst, depresjon, tankekaos, vanskar i utviklinga - ofte i kombinasjon med andre vansker. Eit planlagd utrednings- og behandlingsopphold kan vare frå 2-4 veker, alt etter alvorlighet og behov.
Barn som kjem til oss, bur i avdelinga mandag til fredag og reiser heim i helga. Foreldre/foresatte er med under heile oppholdet, jmf. Forskrift om barn på sykehus.
Under oppholdet får barna eit skuletilbud ved Hollenderhaugen skulesenter, som vil ha eit samarbeid med heimeskulen til den enkelte.
Les om Hollenderhaugen skolesenter
Vi gir hjelp til å forstå og meistre vanskane, oppstart av behandling, støtte og rettleiing til barna og familien/foresatte, samarbeid med andre instansar under og etter oppholdet.
Post nord ligger i 2 etasje på BUP-bygget og har eigen inngang.
På avdelinga møtar du og foresatt fagpersonar som har barn med psykiske vanskar som sitt kompetansefelt. Vi har god erfaring med å arbeida saman med barn som strevar på ulikt vis.
Før ei planlagd innlegging, vil vi ha eit møte og eit heimebesøk for å bli litt betre kjent før ein kjem til avdelinga.
Ved ei planlagd innlegging vil du og foresatt ha kontakt med ein ansvarleg behandlar som entan er lege eller psykolog. Du og foresatt vil også samarbeide tett med 2 miljøterapeutar som følgjer deg gjennom heile oppholdet.
Barn og foresatt får eige rom med bad under oppholdet.
Post sør er ein 7-døgnspost med 6 senger for ungdom i alder 13-18 år. Posten dekker heile Helse Fonna-området og er lokalisert i Haugesund.
Post sør har både planlagde innleggingar og akutt hjelp funksjon (ØH).
Akutt hjelp er ofte ein kort innleggelse kor ein har fokus på stabilisering, i forhold til søvn, ro og kvile, og kor ein har mulighet til å observera og vurdera vidare behandlingsbehov.
Ein planlagd innlegging har ofte ein varighet på 3-4 veker, kor ein vanligvis vert permitert/reiser heim i helger. Nokre psykiske lidingar treng lengre behandlingstid enn 3-4 veker.
På avdelinga møter du fagpersonar som har ungdom med psykiske vanskar som sitt kompetansefelt. Vi har god erfaring med å arbeida saman med ungdommer som strevar på ulikt vis.
Ved ei planlagd innlegging vil du ha kontakt med ein ansvarleg behandlar som er enten lege eller psykolog. Du vil også samarbeide tett med 2 miljøterapeutar som følgjer deg gjennom heile oppholdet.
Før en planlagd innlegging, vil vi ha eit eller fleire møter/forvern der vi vil drøfta, vurdera og finne ut om du er motivert for å ta imot hjelp. Vi må også ta stilling til om vi kan gje deg den hjelpa du ønskjer og at dette kan være bra for deg/du kan ha nytte av den. Til dette møtet/forvernet vil du bli innkalt saman med dine foresatte.
Under eit opphold får du tilbud om å gå på vår intern-skule, Holllenderhaugen skole, som er ein viktig samarbeidspartnar og ein del av utredninga/behandlinga som blir gitt under oppholdet vårt. Nokre ungdommar kan gå på sin vanlige heimeskule hvis det blir vurdert som det beste.
Les om Hollenderhaugen skolesenter
Ungdommar innlagd hos oss, får eige rom med bad.
Dersom du er aktiv på fritida, prøver vi å legge til rette for at du kan fortsette med aktivitetane dine under opphaldet.
Ein kan ha besøk av familie og venner i visitt-tida. Dette og meir vil du få informasjon om i forvernsmøtet.
Poliklinikken ligg i 1. etasje, hovedinngang. Ved oppmøte, henvend deg i ekspedisjonen.
Parkeringshus ved Stord sjukehus kan nyttast.
Næraste busstopp er ved Stord sjukehus.
Behandling for barn og unge under 18 år er gratis, så lenge ein møter til avtalte timer.
Om du ikkje møter til avtalte timer eller ikke avbestillar innen 24 timer, vil vi sende regning på uteblitt timeavtale - for tida kroner 375.
Du kan ha rett til å få dekka nødvendige utgifter når du skal reise til og frå offentleg godkjent behandling. Hovudregelen er at du får dekka billigaste reisemåte med rutegåande transport til og frå næraste behandlingsstad. Avstanden til behandlingsstedet må vere minst 3 kilometer, og reisa må koste meir enn lokal minstetakst. Hvis dette gjeld deg, spør i ekspedisjonen om skjema (krav om dekning av reiseutgifter).
For meir informasjon, sjå nettstaden til Pasientreiser.
Ekspedisjonen i poliklinikken er open mandag til fredag frå klokka 08.00-15.30.
Se oversikt på Fritt sykehusvalg sine nettsider.
Målgruppa for denne sida er primært fastlegar og anna personell i primærhelsetenesta som tar kontakt med spesialisthelsetenesta i forbindelse med akuttpsykiatrisk hjelp.
I øyeblikkeleg-hjelp situasjonar kor pasienten har behov for umiddelbar behandling, har pasienten ikke rett til å velgje sjukehus.
BUP Haugesund er utpeika til å gi akutt psykiatrisk helsehjelp for barn og unge i Helse Fonna sitt opptaksområde.
BUP Vakt skal vere eit tilbod for barn og unge som er i ein akutt psykisk krisesituasjon der barnet, ungdommen, familien eller nettverket sine vanlege mestringsstrategiar ikkje strekker til, og som oppheld seg i opptaksområdet.
Dette kan vere barn og unge med for eksempel: Førstegangspsykose, psykotiske tilbakefall eller forverring, barn og unge i akutt suicidal krise, barn og unge i rusrelaterte psykiske kriser med meir.
LEON prinsippet skal gjelde. Behandling skal skje på lavast mogleg omsorgsnivå. BUP Vakt blir såleis ikkje ei erstatning av dei gode kommunale tenestetilboda, men skal vere eit supplement ved behov for rask tilgjengeleg spesialisthelseteneste i akutt krise.
Alternative behandlingsløp vil ha høg prioritet før eventuell innlegging i avdeling ved Barnepsykiatrisk post (BPP) eller Ungdomspsykiatrisk post (UPP).
BUP Vakt vil ha fire funksjonar:
Vi har samla det meste.