Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innsyn i pasientjournal

All pasientbehandling skal dokumenterast i ein pasientjournal. Pasienten har rett til å få kopi av eigen journal.

Les journal på nett

Logg inn Mi helse

Her er opplysingar om somatisk behandling frå medio mai 2016 til dags dato, og om psykiatrisk behadnling frå og med medio september 2016.

Tilsendt kopi

Dersom du ønskjer kopi av eigen pasientjournal, må du fylle ut skjema for innsyn i journal.  Om du er forelder eller har foreldreansvar, kan du be om innsyn i journal til barn. Det same gjeld om du er pårørande og ønskjer innsyn i journal til pasient. Hugs då å leggje ved fullmakt.

Last ned skjema

Ferdig utfylt og signert skjema, saman med eventuell fullmakt, sender du til:

Helse Fonna HF
Postboks 2170
5504 Haugesund 

NB! Journalkopien vil bli sendt til den adressa du har registrert i Folkeregisteret. Eventuelt kan du hente kopien i resepsjonen ved den aktuelle institusjonen. Sidan skjemaet inneheld personopplysningar, kan du ikkje sende utfylt skjema som e-post.

Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Vi har ikkje lov til svare på medisinske spørsmål eller sende kopi frå pasientjournalen din på e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at den skal bli saksbehandla, vil den bli lagd inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.

Les meir om innsyn i pasientjournal på helsenorge.no
 

Barn sin journal
For pasientar som er under 16 år har både pasient og foreldre (eventuelt andre med foreldreansvaret) rett til å få innsyn. Barn under 12 år kan ikkje sjølv be om innsyn. For barn mellom 16 og 18 år har foreldre i utgangspunktet ikkje innsynsrett. Dei kan ha krav på innsyn i opplysningar som er nødvendige for å oppfylle foreldreansvaret, dersom barnet ikkje har samtykkekompetanse.

Innsyn i journal som pårørande
For pasientar over 18 år har pårørande berre rett til innsyn dersom pasienten samtykkjer til det.

Næraste pårørande har innsynsrett i journalen til avdød pasient så lenge det ikkje er grunnar som talar mot det. Til dømes i tilfelle der avdøde har gitt uttrykk for at han ikkje ønskjer at pårørande skal få innsyn.

Avslag på innsyn
I heilt spesielle tilfelle kan helsepersonell nekte pasienten innsyn i heile eller delar av journalen. Du kan klage på denne avgjersla til Fylkesmannen i Hordaland.
Avslag på innsyn i pasientjournal

Lovar og reglar

Forskrift om pasientjournal

Sist oppdatert 11.04.2023