Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helsefellesskap:

Partnarskapsmøte 2023

Denne veka gjekk det årlege partnarskapsmøtet av stabelen i Helse Fonna

Publisert 10.02.2023

Helsefellesskapet i Helse Fonna regionen blei formelt etablert i april 2021 i tråd med føringar i Nasjonal helse- og sjukehusplan. Helsefellesskapet er i stor grad ei vidareføring av tidlegare samhandlingsstruktur mellom kommunar og helseføretak.

Her møtest representantar frå kommunane, føretak og brukarar for å planlegge og utvikle tenestene saman. Det er viktig å forankre ei felles forståing, målsetting og å ha ein felles strategi. Målet  er å kunne tilby  samanhengande pasientforløp for personar som har behov for tenester både frå kommune og helseføretak. 

Partnarskapsmøtet er det overordna organet i helsefellesskapet og  ein arena for dialog om aktuelle tema knytt til samhandling om helsetenester. Dette er eit årleg møte kor øvste politisk og administrativ  leiing i kommunane møter styremedlemer og administrativ leiing i Helse Fonna. Representantar frå tillitsvalde, Statsforvaltaren og KS i Vestland og Rogaland  var også til stades.

Eit styrka helsefellesskap​

Parnarskapsmøtet 1.jpg
Partnarskapsmøtet 2023: Frå venstre Reidun R Mjør, samhandlingssjef Helse Fonna, Olav Klausen, adm.direktør Helse Fonna, Svein Lie, konsulent Helsedirektoratet, Ellen Rønning Arnesen, statssekretær Helse- og omsorgsdepartementet, Åse Laila Snåre, avdelingsdirektør KS, og Marianne Hauge Wennersberg,  leiar FOUSAM/ interkommunal samhandlingskoordinator. Foto: Elisabeth Økland

Med bakgrunn i innspel som kom i partnarskapsmøtet i 2021,  blei den overordna samarbeidsavtalen mellom kommunane og Helse Fonna revidert og har vore ute i alle dei 16 kommunane til godkjenning og signering. 

Formålet med møtet i år  var  å forankre viktige saker/tema, informere kvarandre  og vidare diskutere utfordringar som vi står overfor slik at vi kan ha ein open dialog om  korleis vi kan løyse desse i fellesskap.

Eit godt utgangspunkt

Stein Lie, konsulent i Helsedirektoratet,  heldt eit  innlegg Nasjonal helse- og sykehusplan 2020-2023, med eit blikk på status og utfordringar for neste planperiode. Han meiner at helsefellesskapet i Helse Fonna har gode føresetningar  for å lukkast.

– Eg synest at det er utruleg flott at det er så mange samla her i dag, frå toppleiinga i kommunane, helseføretaket og representantar frå brukarane. Det viser at Helse Fonna er kome langt allereie. I helse-Noreg må vi heile vegen vere utviklingsorienterte og framtidsretta og jobbe med mekanismane som fører til endring. Men eg trur absolutt at Helse Fonna har eit godt utgangspunkt for å lukkast med arbeidet, seier Lie, og viser til at Barn og unges helseteneste har utmerka seg positivt, også i nasjonalt perspektiv.

Det er komme to nasjonale helse- og sjukehusplanar med overordna føringar for samhandling. Regjeringa har no starta arbeidet med ny plan, ein helse- og samhandlingsplan som skal avløyse Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023.​

«Frå partar til partnarar»

Administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, viser til at samhandlingsstruktur mellom kommunar og helseføretak har gradvis utvikla seg etter  at Samhandlingsreforma blei gjort gjeldande frå 2012. Målsettinga har likevel vore den same heile vegen:

Å sikre eit berekraftig, heilheitleg og samanhengande tenestetilbod av god kvalitet og høg pasientsikkerheit tilpassa den enkelte brukar.

Når det gjeld helsefellesskapet i Helse-Fonna  regionen, så peikar også Klausen på at vi har eit godt utgangspunkt. 

– Det er god grunn til å vere optimistisk i forhold til om vi vil lukkast med å etablere eit velfungerande helsefellesskap, og om vi vil klare overgangen frå partar til partnarar. Vi har er ein tett og god dialog med kommunane gjennom faste møtepunkt. Eit samarbeid som blei forsterka i pandemiperioden. Vi er også godt i gong med arbeidet i dei ulike faglege samarbeidsutvala som er ein viktig del i denne prosessen, fortel han.

IMG_4790_3.jpg
Likeverdige: Vi må sjå kvarandre , ikkje som partar, men som likeverdige partnarar med felles eigarskap og ansvar for pasientane, seier Olav Klausen, adm. dir i Helse Fonna, om det tverrfaglege samarbeidet. Foto: Elisabeth Økland

Helsefellesskapet i Helse Fonna

Pasientane våre skal oppleve  samanhengande tenester, på tvers av kommunar og sjukehus.

Eit hovudmål er betre felles planlegging og utvikling av helsetenester med særleg vekt på dei prioriterte pasientgruppene:

*Barn og unge

*Personar med fleire kroniske lidingar

*Personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem

*Skrøpelege eldre

– Mine forventningar til helsefellesskapet er at arbeidet med overordna målsetting for samhandling vert vidareført. Vi må jobbe saman for å skape eit heilskapleg og tverrfagleg tenestetilbod,  og eit samanhengande forløp med utgangspunkt i den enkelte pasient sitt behov, oppmodar Klausen.

– Det er mange oppgåver som ventar, men vi har sanneleg komme godt i gong med planlegging og vidareutvikling av samanhengande tenester, kjem det frå Reidun R. Mjør.

 Vi er stolte over å bli kontakta frå nasjonalt hald og frå andre helsefellesskap med spørsmål om modellen vår. No er det berre til å bretta opp ermane og fortsetta det gode arbeidet, avsluttar ho. ​

Partnarskapsmøte 2.jpg
Svært nøgd: Frå venstre Ingunn Toft, nestleiar, og Reidun R. Mjør, leiar Strategisk samarbeidsutval, er stolte over status for helsefelleskapet i Helse Fonna. Foto: Elisabeth Økland