Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjon av framfall i skjede eller livmor

Ein av tre kvinner som har fødd, får framfall i underlivet. Det fins ulike grader og typar av framfall, og ein operasjon kan gi gode resultat.

​Framfall i underlivet vil seie at livmor, skjedevegg eller begge deler har mista sin opprinnelege posisjon. Framfall finn ein i alle grader, frå små framfall til støre framfall der heile livmora fell ned. Det finst også ulike typar av framfall, etter kva organ det gjeld. Dei mest vanlege symptoma er ei kjensle av tyngde eller at du føler du har ein klump i skjedeopninga. Det kan vere urinblære, endetarm eller livmor som buler ut.

Ulike årskar

Framfall kan kome av svekka bindevev i underlivet, skade etter fødsel, nedsett østrogennivå i skjeden, tungt fysisk arbeid, forstopping, kronisk hoste og overvekt.

Typar framfall

Framfall av urinblære inn i skjeden: Dette er den mest vanlege typen. Symptoma kan vere plager med at blæra ikkje blir tømt etter toalettbesøk.

  • Endetarm eller bukhule inn i skjeden: Symptom frå tarm kan vere problem med å få ut avføring.
  • Framfall av livmor.
  • Kombinasjonar av dei ulike typane.

Operasjon

Operasjon av framfall har vist å gi gode resultat med få tilfelle av tilbakefall. Operasjonen blir gjort via skjedeopninga. Det er kryssa av for kva type behandling du har fått:

__ Framre skjedevegg er stramma opp og blære løfta til sin naturlege plass.

__ Livmorhalsen eller heile livmora er fjerna.

__ Bakre skjedevegg er stramma opp, og av og til er musklane i bekkenbotnen trekt saman for å styrke skjedeveggen.

__ Skjedeveggen er forsterka med eit nett laga av kunststoff

__ Ein kombinasjon av dette:


kvinnelig-underliv med tekst.png

Etter operasjonen

Når du er tilbake på sengepost etter operasjonen, vil vi hjelpe deg med å gradvis auke aktivitetsnivået ditt. Målet er å gi god smertelindring, starte tidleg fysisk aktivitet og inntak av mat og drikke. Då blir sjukeperioden etter operasjonen kortare, og sjansen for komplikasjonar blir mindre. Slik kjem du deg raskare.

Smerter

Det er vanleg å ha smerter bak mot endetarmen, men dette blir betre etter 3-5 dagar. For å lindre smertene, kan du prøve ulike kvilestillingar. Ligg du på sida, kan du ha ei pute mellom knea. Ligg du på ryggen, bruk ei pute under låra. Vi vil hjelpe deg slik at du har minst mogleg smerter. Du vil få smertestillande medisin til faste tider etter operasjonen, slik at du kan vere oppe og gå. Om du likevel har mykje smerter, gi beskjed til personalet slik at dei kan vurdere ekstra medisin.

Skala frå 0 til 10 der 1 er ingen smerter, 2 til 3 er svake, 5 er moderate, 7-8 er sterke og 10 er verst tenkelege smerter

Det er normalt å ha grad 3-4 i kvile og 4-5 i aktivitet. Er det vanskeleg å sette tal på smertene, kan du bruke orda under skalaen. Du bør bruke smertestillande medisiner til faste tider når du kjem heim, sjølv om du har lite smerter. Etter nokre dagar, når smertene blir mildare, kan du ta lågare dose, eller ved behov.

Aktivitet på sjukehuset

Tidleg fysisk aktivitet etter operasjonen er viktig. Det kan hindre forstopping, blodpropp og lungebetennelse.

På sjukehuset bør du vere oppe og gå tre turer på avdelinga på føremiddagen og tre om ettermiddagen. Bukpress auker belastninga på bekkenbotnen og kan vere ubehageleg. Be om kvalmestillande medisin om du er plaga med kvalme. Når du skal opp i eller ut av senga, bruk sideleie.

Aktivitet når du kjem heim

Når du kjem heim, kan du vere i vanleg aktivitet. Gå daglege turar. Du kan gå tilbake til jobb 1-4 veker etter operasjonen. Har du tungt fysisk arbeid, bør du vente 3-4 veker.

Det er ikkje gjort mykje forsking på aktiviteter ein bør unngå etter denne type operasjon. Våre råd dei fire første vekene er:

  • Hald avføringa mjuk. Dette er veldig viktig. Langvarig press når du er på do kan på sikt auke sjansen for tilbakefall av framfallet. Bruk tid når du sit på toalettet, ikkje press for å bli ferdig. Et fiberrik mat for å unngå treg avføring. Bruk eventuelt middel som Duphalac, som du får reseptfritt på apotek.
  • Prøv å ikkje bli forkjøla. Hosting og nysing gir høgt trykk nedantil. Ta hosestillande medisin om du skulle få hoste.
  • Ikkje løft tyngre enn det som er behageleg i operasjonssåret.
  • Vent med bading, symjing og samleie i tre veker etter operasjonen, eller til blødninga frå skjeden har stoppa.

Trening av bekkenbotnen

Ein operasjon av framfall kan i nokre tilfelle betre urinlekkasje, men nokre kan blir plaga med stressinkonstinens etter operasjonen. Dette er lekkasje av urin i samband med fysisk aktivitet som hopping, springin, løfting eller hoste, nys og latter. For å redusere risiko for dette, tilrår vi å starte med øvingar for å trene muskulaturen i bekkenbotn etter operasjonen. Dette gjer du med knipeøvingar.

Slik gjer du:

Tenk at du sit på toalettet. Trekk saman rundt urinrøyr, skjede og endetarm. Løft opp og inn. Slepp opp, men utan å presse nedover.

Ein test for å sjå om du bruker rett muskulatur for øvinga er å forsøke å stoppe urinstråla når du tisser. Då bruker du bekkenbotnet. Du bør ikkje trene på denne måten, då det kan forstyrre evna til å tømme urinblæra heilt.

Dei første to vekene etter operasjonen gjer du fem slike knip, to gonger dagleg. Det skal ikkje gjere vondt. Etter to veker kan du bruke meir kraft og gjere fleire repetisjonar. Det er bra om du klarar 8-12 repetisjonar, tre gonger kvar dag. Når du klarer å halde kvar muskelsamantrekning i 6-8 sekund, kan du legge til 3-4 raske samantrekningar vidare oppover før du slepp opp.

Det er lurt å legge øvinga til faste gjeremål, slik at du hugsar å faktisk gjere dei. Det kan vere når du er ferdig på toalettet, når du pusser tenner morgon og kveld eller i senga når du legg deg eller står opp.

Du bør halde fram med knipeøvingane til du har god kontroll og ikkje har ufrivillig vannlating. Hugs at trening er ferskvare - du mister effekten du har bygd opp viss du tek lange pausar frå treninga.

Sist oppdatert 17.01.2018