Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ViMo - Klar for lansering etter fem års arbeid

I fem år har dei jobba med eit digitalt hjelpemiddel som kan gjera kvardagen for barn og unge enklare. No er det endeleg klart for lansering.

Publisert 20.10.2020
Sist oppdatert 01.03.2024

Siv Marie Øyjord og Ingeborg Halvorsen i Habiliteringsavdelinga i Helse Fonna er initiativtakarar, pådrivarar og fagleg ansvarlege for det digitale verktøyet ViMo. Verktøyet blir presentert i Bergen i neste veke, i lag med samarbeidspartner Youwell.

Kort tid etter at invitasjonen var sendt ut, hadde over 100 personar meldt seg på lanseringa, som skjer fysisk i Grieg Gaarden, i tillegg til digitalt.

– Målet er å lære borna betre sosiale ferdigheiter. Det handlar rett og slett om å få og halde på venene, og på lang sikt kan det føre til at barnet som vaksen har større sjanse for å få seg ein jobb, og delta i yrkeslivet, forklarar dei to initiativtakarane.

Ingeborg Halvorsen og Siv Marie Øyjord. (Foto: Eirik Dankel)
Interessa for lanseringa av ViMo er stor, og neste veke skal Ingeborg Halvorsen og Siv Marie Øyjord presentere fem år med arbeid. (Foto: Eirik Dankel)

70 ulike ferdigheiter

Kort sagt er ViMo eit sosialt treningsprogram for å utvikla ferdigheiter, spesielt mynta på skuleelevar med autisme eller andre sosiale og kommunikative vanskar.

Sosiale utfordringar i samhandling med andre kan gjere skulekvardagen vanskeleg. Med denne metoden kan brukarane enkelt nytte seg av verktøy som er utvikla av spesialistar, og metoden har påvist god læringseffekt innan sosial fungering, språk og kommunikasjon, og repititiv åtferd.

Totalt er det laga program for 70 ulike sosiale ferdigheiter, og video er blant dei nyttige verktøya i opplæringa.

Bakgrunnen for det er at barn og unge med autisme er visuelt sterke, og såleis forstår ferdigheitene betre ved å observere, forklare, trene og så utføre det sjølv. Her har dei teke utgangspunkt i utfordringar som ein kan møte i kvardagen. Skodespelarane er frå dramalinja på Skeisvang vidaregåande skule og Haugesund barne- og ungdomsteater.

«Kan eg få vere med?»

To ungar spelar brettspel. Ei jente kjem bort bort og dunkar i bordet slik at brikkene veltar. Ungane blir irriterte og ropar at ho øydelegg for dei. Jenta blir lei seg og går. Men meinte ho verkeleg å øydeleggje? Jenta ville eigentleg vere med, men klarte ikkje å finne ein god måte å nærme seg på. Videoen viser scenene om att, men denne gongen seier jenta «Det såg kjekt ut. Kan eg få vere med neste runde?»

Dette er innhaldet i ein av dei totalt 63 filmane som er laga.

– Meistringa kan styrkje borna i kvardagen og førebyggje psykiske lidingar som følgje av einsemd eller vanskar med å handtere sosiale situasjonar. Slik kan videomodellering vere aktuelt også for barn med ADHD, sosial angst, eller andre sosiale og kommunikative vanskar, forklarar Øyjord.

Prosjektet har så langt hausta gode tilbakemeldingar og fått økonomisk støtte frå Helse Fonna, Helse Vest, Extrastiftelsen, Innovasjon Norge, Autismeforeningen og Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og Narkolepsi i Helse Vest.

Skjermdump Youtube.
Totalt er det laga program for 70 ulike sosiale ferdigheiter, og video er blant dei nyttige verktøya som er laga ved Habiliteringsavdelinga i Helse Fonna. (Foto: Eirik Dankel/Skjermdump)

Se spillelista

Eit stort engasjement

Avdelingsleiar Anne Margrethe Øritzland i Habiliteringsavdelinga rosar arbeidet som Øyjord og Halvorsen har lagt ned gjennom desse åra.

– Dei har jobba aktivt for at menneska rundt desse barna skal få auka si forståing av kor viktig det er for barna sine livsløp at ein jobbar med nettopp sosiale ferdigheiter. Dei har eit stort engasjement for barn og unge med autismespekterforstyrring, og vi har står tru på at dette hjelpemeiddelet er eit langt steg i rett retning. Siv og Ingeborg har heile tida hatt barna i fokus, og det er nok mykje av nøkkelen i dette viktige arbeidet, seier Øritzland.

Les om ViMo hos Habilitering