Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil skape framtidas sjukehus i Odda

Styret i Helse Fonna vedtok i dag å avvikle det akuttkirurgiske tilbodet ved Odda sjukehus. Først skal det utarbeidast ein beredskapsplan for å ivareta stabiliseringsfunksjon av akuttpasientar.

Publisert 07.03.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Styret legg til grunn at Odda sjukehus skal tilby spesialisthelsetenester som er framtidsretta, trygge og med god kvalitet for det innbyggarane treng ofte, mykje og nært. Det var i dagens styremøte i Haugesund i brei debatt om framtidas sjukehus i Odda. I underkant av hundre tilhøyrarar var til stades og møtet blei følgt av fleire hundre på overføring via nett.

- Det er i dag gjort eit viktig vedtak for å sikre gode helsetenester for framtida, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

SKAL HA AKUTTFUNKSJON
Styret si avgjerd er basert på rapporten som gir tilrådingar for korleis Odda sjukehus bør utviklast i lys av Nasjonal helse- og sykehusplan som blei vedtatt i Stortinget i mars i fjor. Det har vore mykje merksemd og sterkt engasjement rundt rapporten, som blei lagt fram tidleg i januar. Mest engasjement har det vore rundt spørsmålet om Odda sjukehus skal ha akuttkirurgi eller ikkje, der prosjektgruppa var delt i si tilråding.  I dag blei det tatt avgjerd om å avvikle det akuttkirurgiske tilbodet i Odda, men ikkje umiddelbart. Det akuttkirurgiske tilbodet skal ikkje avviklast før administrerande direktør har lagt fram ei eiga sak om tiltak og konsekvensar av endringa for styret. Medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta skal delta i det vidare arbeidet med tiltak og planlagde endringar.

- Det har vore ein god debatt og eit stort engasjement i saka. Nå skal det utarbeidast ein beredskapsplan som sikrar at pasientar med alvorlege skader kan bli stabilisert i Odda før vidare transport til andre sjukehus. Med dette vedtaket styrkjer vi Odda sjukehus for framtida, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Han presiserer at sjukehuset i Odda framleis skal ha akuttfunksjon i indremedisin, røntgen- og laboratorietenester og anestesilege i døgnvakt. Sjukehuset skal halde fram med å gi eit breitt og godt tilbod for å behandle dei tilstandane det er størst behov for blant innbyggarane i Indre Hardanger.

Vedtaket frå dagens styremøte er på ni punkt:

1. Styret legg til grunn at Odda sjukehus skal tilby spesialisthelsetenester som er framtidsretta, trygge og med god kvalitet for det innbyggarane treng ofte, mykje og nært.
2. Odda sjukehus blir vidareført som akuttsjukehus med akuttfunksjon i indremedisin, radiologiske tenester, laboratorietenester, planlagd kirurgi og anestesilege i døgnvakt.
3. Akuttkirurgisk verksemd ved Odda sjukehus blir avvikla. Før det akuttkirurgiske tilbodet blir lagt ned, skal det utarbeidast ein beredskapsplan som ivaretar stabiliseringsfunksjonen av akuttpasientar. Den planlagte ambulerande spesialisttenesta kan vere ein del av denne beredskapsplanen.
4. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør legge fram eiga sak i styret om tiltak og planlagde endringar som følgje av avgjerd i saka
5. Styret i Helse Fonna HF føreset at administrerande direktør tek omsyn til pasienttryggleik, kvalitet, medisinsk prioritering og arbeidsmiljø i det vidare arbeidet med tiltak og planlagde endringar
6. Styret i Helse Fonna HF føreset at administrerande direktør involverer medarbeidarar og deira organisasjonar samt vernetenesta i det vidare arbeidet med tiltak og planlagde endringar
7. Styret i Helse Fonna HF føreset at administrerande direktør involverer kommunane i indre Hardanger i det vidare arbeidet med tiltak og planlagde endringar
8. Styret i Helse Fonna HF føreset at administrerande direktør involverer medarbeidarar og deira organisasjonar samt vernetenesta i det vidare arbeidet  med risikovurderingar med fokus på pasienttryggleik og arbeidsmiljø
9. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør sende vedtaket til Helse Vest.


Det endelege vedtaket blei vedtatt med seks mot fem stemmer kor styreleiaren si dobbelstemme utgjorde fleirtalet. Mindretalet stemte for forslaget om at akuttkirurgisk verksemd ved Odda sjukehus inntil vidare skulle bli vidareført som i dag i påvente av at administrerande direktør skulle leggja fram ei sak for styret med vurdering av konsekvensar av ei avvikling av akuttkirurgien. Det blei òg votert over å halde fram med akuttkirurgisk beredskap ved Odda sjukehus som i dag. Dette forslaget fekk bare éi stemme.

FRAMTID
Rapporten om Odda sjukehus i lys av Nasjonal helse- og sykehusplan inneheld også omfattande tilrådingar om korleis sjukehuset bør utviklast til å best mogleg dekke behovet for helsehjelp på sjukehusnivå til innbyggarane i Indre Hardanger. Tilrådingane i rapporten er sortert under tema sjukehus i nettverk, poliklinisk verksemd, dagkirurgi, samarbeid med kommunar, bemanning, rekruttering og kompetanse, stadleg leiing og teknologi og digital kommunikasjon. Rapporten og dagens vedtak vil ligge til grunn for dei tiltak og endringar som administrerande direktør vil legge fram for styret.

- Rapporten har gitt oss grundig informasjon om det reelle behovet for helsetenester i Indre Hardanger, og det er mi oppgåve som administrerande direktør å utvikle sjukehusa i Helse Fonna slik at dei er best mogleg tilpassa folk sine behov og krav til kvalitet og pasienttryggleik, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Han ser fram til å legge fram ei ny sak for styret om korleis dette skal skje, og kva tiltak som kan styrke og vidareutvikle Odda sjukehus. Dette skal sjølvsagt skje saman med medarbeidarar, tillitsvalte og vernetenesta, seier Klausen.

BETRE ENN BUDSJETTERT
For 2016 hadde Helse Fonna eit resultatkrav frå eigaren Helse Vest på 40 millionar kroner. Administrerande direktør kunne nok ein gong vise til god økonomisk styring i Helse Fonna, og eit resultat på 45, 1 millionar kroner. Overskotet går til framtidige investeringar.

- Det er fantastisk og stor honnør til medarbeidarane som bidrar til dette gode resultatet, kommenterer styreleiar Svendsen.

Overskotet styrker den framtidige investeringsevna til føretaket.

NYTT MÅL FOR VENTETID ALLEREIE INNFRIDD
I sjukehustalen lanserte helse- og omsorgsminister Bent Høie nytt krav til ventetid i spesialisthelsetenesta. Målet på 65 dagar i snitt skal reduserast til 60 dagar frå og med 2017. Helse Fonna har hatt låge ventetider over lengre tid. Tala frå januar viser at gjennomsnittleg ventetid i Helse Fonna no er 55 dagar, altså godt innanfor det nye målet.  Enkelte pasientar ventar lenger på behandling enn dei skal. Ved Stord sjukehus har utfordringar knytt til sårbare fagmiljø med éin eller få spesialistar ført til ei auke i fristbrot. For å unngå fleire fristbrot sørgjer Helse Fonna for ekstra oppfølging av enkeltpasientar, tettare samarbeid mellom einingar og sjukehus, kveldspoliklinikk og ekstra innleige av vikarar ved manglande spesialist.


10 NYE MILLIONAR TIL VEDLIKEHALD
Helse Fonna har fått 10,3 millionar i sysselsettingsmidlar. Desse skal gå til vedlikehaldstiltak. I Haugesund vil det omfattande arbeidet med kjøkkenet blir ferdigstilt, medan utbetring av fasaden på Stord kan halde fram og gjere det mogleg å bytte vindauga som planlagt. Helse Fonna fekk også i fjor sysselsettingsmidlar, som kom alle sjukehus i heile føretaket til gode.


MELDER MEIR
Administrerande direktør var glad for å legge fram tal som viser at medarbeidarane i Helse Fonna melder fleire avvik.

– Vi jobbar bevisst med meldekulturen i Helse Fonna. Det skal vere låg terskel for å melde avvik, og vi skal ha gode system for å sikre læring og betring.

I januar 2017 blei det meldt 487 saker i avvikssystemet Synergi, mot 353 i januar i 2016.