Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil hjelpe barn med diabetes til eit best mogleg liv

Som barnelege har Heiko Bratke fulgt opp mange barn med diabetes. No vil han forske på korleis val av behandling kan påverke barnas helse og livskvalitet.

Stina Steingildra
Publisert 15.08.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Portrett av overlege Heiko Bratke

– Målet er å finne ut om ulike behandlingsalternativ som insulinpenn, insulinpumpe eller glukosesensor kan gi barn og unge med type 1 diabetes betre helse og livskvalitet og bidra til at dei meistrer sjukdomen betre, seier Bratke.

Han forklarar at dei fleste barn med diabetes bruker insulinpumpe, eit lite apparat som gir kroppen insulintilførsel gjennom døgnet.

– Det fins fleire typar på marknaden og dei har ulike eigenskapar. Eg håpar prosjektet vil gi viktig kunnskap for å kunne hjelpe helsepersonell og familiane til å ta gode helsefaglege val som er førebyggande for seinkomplikasjonar.

Bitt av forskingsbasillen

Vegen til ph.d-prosjektet Bratke no søker finansiering til, gjekk via eit heilt anna prosjekt:

–  Det begynte eigentleg med at ein kollega i Bergen spurte om eg ville forske litt. Han er barneendokrinolog og jobba med oppdatering av dei nasjonale percentilane, kurvene vi bruker for å følgje barns vekstutvikling. Han hadde derfor mange nye data å forske på.

Bratke sa ja til å undersøke om det var samanheng mellom norske jenters vekt og kor gamle dei var ved menarke, den første menstruasjonsblødninga. Tidlegare studier på emnet har gitt motstridande resultat, men Bratke og medforfattarane fann ein tydeleg samanheng; Tidlegare menarke er assosiert med indikatorar på overvekt, og då særleg med høgare BMI. No er artikkelen Timing of menarche in Norwegian girls: associations with body mass index, waist circumference and skinfold thickness publisert i BMC Pediatrics.

Vil kombinere klinikk og forsking

Bratke er den første ved barneseksjonen i Helse Fonna som har publisert ein vitskapleg artikkel. Det ga meirsmak og derfor søkte han eitt av stimuleringsstipenda som blei lyst ut i Helse Fonna i fjor. Etter eitt år med kombinert klinisk arbeid og prosjektskriving, er ph.d.-søknaden klar.

– Eg har fått veldig god hjelp frå forskingsseksjonen. Dei er støttande og hjelper deg vidare, seier Bratke. Om ph.d-søknaden går gjennom, vil han likevel ikkje gi heilt slepp på livet i klinikk.

– Det var kjekt å forske, og eg er veldig motivert for å gjere meir av det. Men ønsket mitt er å halde fram som lege i barneseksjonen halve tida. Slik kan eg vere ein del av fagmiljøet her og følgje opp barn med diabetes eg har vore lege for i fleire år, samtidig som eg forskar.


Forskingssjefen: – Vellukka satsing

– Om dei forskingsstimulerande stipenda har fungert etter hensikta veit vi først når kandidatane får svar på ph.d.-søknadane sine, seier forskingssjef i Helse Fonna, Anne Lise Kvalevaag.

Saman med fagdirektør Haldis Ø. Lier fekk ho i fjor inn mange sterke søknadar til stipenda. Det enda med at fire medarbeidarar i Helse Fonna fekk tildelt stipend som ga 20 % frikjøp i eitt år for å utarbeide prosjektbeskriving og ph.d.søknad. Ho meiner satsinga har vore vellukka så langt.

– Det er eit strategisk mål å bidra til forsking av god kvalitet i alle kliniske einingar i Helse Fonna. No har vi fire medarbeidarar med kliniske prosjekt innan barnediabetes, behandling av KOLS, ny bruk av MR i undersøking av skuldre og ei helseforskingsstudie om samanheng mellom ernæring og behov for helsetenester etter utskriving frå sjukehus.

Portrett av forskingssjef  Anne Lise Kvalevaag

God støtte frå forskingsseksjonen

Kvalevaag fortel at dei fire som fekk stipend i fjor har jobba iherdig gjennom året. I august skal alle fire vere klare med prosjektbeskriving og søknad om ekstern finansiering frå Samarbeidsorganet i Helse Vest og Ekstra Stiftelsen. Ho er glad for at Bratke opplever støtten frå forskingsseksjonen som god.

– Vi kan tilby eit forskingsmiljø med kollegastøtte, faglege seminar og konferansar. Hos oss kan dei få hjelp til faglege problemstillingar og til å finne rettleiarar. Vi har statistikar som kan gi rettleiing og ikkje minst forskingsadministrativ rettleiing med dei nødvendige godkjenningane prosjekta må ha. I tillegg har vi eit brukarpanel med erfaring frå både somatikk og psykisk helsevern.

Her er dei fire som fekk forskingsstimuleringsstipend i 2016:

• Heiko Bratke – Barnediabetes
• Vidar L. Kloster: Accuracyof MRI with and without 3D sequences before injection of intraarticular contrast agents in comparison to traditional MRA
• Kristin Folven – Identifisere ernæringsstatus sin predictive verdi for utskrivingsdestinasjon og helsetjenestebruk
• Lan Le – Hvilke parameter kan predikere prognose ved KOLS?

Har rekruttert fleire forskarar

Det var Anne Lise Kvalevaag som for to år sidan leia arbeidet for å utvikle den nye strategien for forsking og innovasjon i Helse Fonna.

– Det å få på plass ein forskingsstrategi har vore nyttig for å gjere forskinga betre kjent i føretaket. Vi har gjort organisatoriske endringar og jobba meir med formidling saman med mellom anna kommunikasjonseininga. Ikkje minst har vi rekruttert fleire forskarar.  Vi har oppretta Idébank for innovasjon og to av våre prosjekt har også fått innovasjonsmidlar frå Helse Vest, seier Kvalevaag.

Ho ser fram til å komme i gang med fleire av måla i strategien.

– Neste mål er å utvikle klinisk relevante tematiske forskingsgrupper i Helse Fonna. Vi fleire forskingsmiljø i sterk utvikling. Det gjeld særleg innan nyreforsking der Bjørn Egil Vikse bygger opp eit miljø i medisinsk klinikk, demensforsking leia av Arvid Rongve, Oddbjørn Hove si forsking på psykisk utviklingshemming og psykisk helse og rus og helsetenesteforsking i psykisk helsevern der både Miriam Hartveit og Eva Biringer er sentrale. Både Hartveit og Vikse har fått midlar til fleirårige prosjekt i sterk konkurranse med andre forskarar i Helse Vest.

Nysgjerrig? Her kan du sjå forskingsfilmar og bli betre kjent med satsinga på forsking og innovasjon i Helse Fonna.