Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil heve kompetansen på autisme med e-læringskurs

Forskar og psykologspesialist Oddbjørn Hove har deltatt i utviklinga av eit nasjonalt e-læringskurs for autismespekterforstyrringar. Kurset skal heve kompetansen om autisme for helsepersonell.

Margareth Langebro
Publisert 02.10.2017
Sist oppdatert 01.03.2024
​– Dette er spennande og det er nyttig å dele kunnskap på denne måten. Dei ulike formene for autisme råkar ei stor gruppe med pasientar og pårørande, seier Oddbjørn Hove. Han fortel at e-læringskurset som er utvikla i regi av Stiftelsen SOR  vil vere eit viktig verktøy for å heve kompetansen innan området. Kurset er retta både mot helsepersonell, dei som arbeidar med opplæring og som møter barn eller vaksne med barneautisme, atypisk autisme eller Asperger syndrom.  

Portrett av psykolog og forskar Oddbjørn Hove

Stress og søvnvanskar

Kurset er delt i fire og fokuserer på dei ulike diagnosane innan autisme og kva som kan vere utfordringar for den enkelte:

  • Kva er autisme
  • Tilleggsvanskar
  • Korleis møte pasientar med autismespekterforstyrringar
  • Samarbeid
Oddbjørn Hove har delt sin kompetanse under punktet om stress og søvnvanskar i e-læringskurset.

– Søvn har lækjande, førebyggande og gjenoppbyggande effekt på kroppen. Når søvnen uteblir eller er mangelfull over tid kan det ha store konsekvensar for helsa vår. Søvnvanskar er vanleg hos både barn, unge og vaksne med autisme. Det kan vere alt frå uro og høgt aktivitetsnivå hos barn i samband med legging til tankekjør og grubling hos vaksne.

Kapitelet om stress og søvn gir ei kortfatta oversikt over forskingsbasert kunnskap om søvnvanskar hos personar med autismespekterforstyrring. I tillegg er det lagt inn nyttige lenker til ressurssider og videoillustrasjonar på nett.

Kurset finn du her:

http://asf.helsekompetanse.no/

Autisme


Autismespekterforstyrringar(ASF) er ei eit fellesnamn på ulike tilstandar innan ei felles diagnosegruppe som alle blir kjenneteikna av kvalitative avvik eller påfallande vanskar med sosial interaksjon, språk og kommunikasjon og fleksibilitetsvanskar. Dei ulike diagnosane innan autisme skil seg frå kvarandre ved ulike diagnosekriterier. Variasjon innan ein og same diagnose er stor.