Vil du vere med i Ungdomsrådet?

– Ungdomsrådet skal få fram kva ungdom som slit fysisk eller psykisk har å seie, seier Elise Fredriksen. 18-åringen har vore med å lage plattformen for det nye Ungdomsrådet i Helse Fonna.

Publisert 15.12.2016
Sist oppdatert 01.03.2024
Elise Fredriksen. Foto: Thomas Mortveit/TV Haugaland
Foto: Thomas Mortveit/TV Haugaland

Elise Fredriksen har sjølv erfaring med å vere sjuk, og levde ein periode med angst. Etter god hjelp frå familien og BUP i Helse Fonna er ho i dag frisk og går på skule. Erfaringane med sjukdomen bruker ho til å bidra til at helsetenestene til barn og unge skal bli betre. No håpar ho fleire unge vil gjere det same ved å bli med i ungdomsrådet.

Vil du bli med?

Ungdom mellom 12 og 23 kan søkje om å vere med. Du må ha erfaring med sjukdom, anten at du sjølv eller nokon i nær familie er eller har vore sjuk. Les meir om korleis du kan bli med.

– Det er viktig at vi som har erfaring og veit kva vi snakkar om kan få bringe det vidare, og at vaksne som jobbar med helsetilbodet høyrer på oss, seier Elise.
– Ungdom har gjerne andre tankar og vil gjere ting annleis enn vaksne, meiner ho.

Gode overgangar

Ho får støtte frå Liv Alsaker Sande, som jobbar som erfaringskonsulent. Ho brukar sine erfaringar som pårørande i prosjekt som skal betre sjukehus og DPS.
– Eg håpar ungdomsrådet vil bidra til at tilboda til unge i Helse Fonna-området blir ennå meir tilpassa kva som er viktig for den enkelte, anten dei er på sjukehus, BUP eller DPS.

Ho trur eit viktig tema vil bli overgangar, som det er mange av i helsetenesta.
– Ein må sikre gode overgangar frå å vere barne- og ungdomspasient til tilboda ein får som vaksen. Som erfaringskonsulent i FOUSAM håpar eg også at samhandlinga internt i Helse Fonna og med kommunane blir diskutert.

– Bare ta kontakt

Sølvi Heimestøl har ansvar for jobben med å finne unge som vil vere med i ungdomsrådet. Ho seier det bare er å ta kontakt viss ein er nysgjerrig.
– Viss nokon tenkjer at dette er interessant, er det bare til å ringe meg for ein prat, seier Sølvi. Du nå ho på telefon 996 29 365, eller du kan sende mail til solvi.heimestol@helse-fonna.no

En person som bruker briller