Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Møtte statsråden:

Positivt møte om Vestlandslegen

Regjeringa vil følgje planlagt framdrift i utrullinga av den desentraliserte studiemodellen Vestlandslegen.

Publisert 11.11.2024
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Det var eit positivt og avklarande møte med statsråden. Frå venstre F.v. Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest, Anders Hovland, adm.dir i Helse Fonna, Marte Eide Klovning, ordførar Utsira, Oddmund Hoel, minister for forsking og høgare utdanning (Sp), Ole Johan Vierdal, ordførar Vindafjord og Sigmund Lier, dagleg leiar i Haugaland Vekst.

Det slo ministeren for forsking og høgare utdanning, Oddmund Hoel (Sp), fast i eit møte måndag. Det betyr at Helse Fonna får eit kull på 25 legestudentar i 2029, og 75 legestudentar i løpet av ein treårsperiode.

 – Vi er svært letta og glade for lovnaden statsråden kjem med. Å styrkje legerekrutteringa er enormt viktig for både nærings- og samfunnsutviklinga på Haugalandet i åra som kjem. No forventar me at dette blir følgt opp og går som planlagt, seier Marte Eide Klovning og Ole Johan Vierdal, som representerte Haugalandsrådet på møtet.

 

Bad om møte

Lovnaden kjem etter at regjeringa i september kom med nye signal som kunne tyda på at Helse Fonna ville bli nedprioritert. Dette vekte stor usikkerheit, stort engasjement og fleire medieoppslag på Haugalandet, som har store utfordringar med legerekruttering. Delegasjonen som måndag reiste til Oslo for å ta opp saka om Vestlandslegen bestod av to representantar frå Haugalandsrådet, Marte Eide Klovning (ordførar i Utsira kommune) og Ole Johan Vierdal (ordførar i Vindafjord kommune), administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland, eigardirektør i Helse Vest, Ivar Eriksen, og dagleg leiar i Haugaland Vekst, Sigmund Lier.

 – Dette var ein vellukka Oslo-tur med ei klar stadfesting om at Vestlandslegen er i rute, og at regjeringa vil satsa på legeutdanning ved Helse Fonna, seier Vierdal og Klovning.

 

Ønskjer samarbeid

Regjeringa har stor tru på Vestlandslegen Føremålet med Vestlandslegen er å utdanna fleire legar på og til Vestlandet gjennom Universitetet i Bergen. Etter å ha tatt tre år av utdanninga si ved UiB, blir studentane sende vidare til Stavanger, Haugesund eller Førde for å ta dei tre siste der. I den opphavlege framdriftsplanen for utrullinga av den nye desentraliserte studiemodellen, var Helse Fonna prioritert med oppstart i 2026 og dei første studentane inne i 2029. Det er estimert 25 plassar til Helse Fonna – til ei kvar tid 75 studentar i praksis her.

Nyleg kom det fram at Helse Førde har blitt løfta fram i køen, og dermed vil få si første gruppe med medisinstudentar via Vestlandslegen i 2028. Det har fram til no vore uklart kva dette vil få å seie for oppstarten ved Helse Fonna. I møtet med Haugalands-delegasjonen, sa Hoel at regjeringa har stor tru på Grimstadutvalet og på Vestlandslegen. Regjeringa vil rulla ut ordninga som planlagt og oppmoda til tettare samarbeid mellom Helse Fonna og Helse Førde i tida framover.

 

Stort engasjement

Vestlandslegen er noko Haugalandsrådet og regionen har jobba for lenge, saman med Helse Fonna og Høgskulen på Vestlandet (HVL). Rekruttering av legar til regionen er generelt viktig for utviklinga av regionen, som har store ambisjonar om berekraftig vekst i verdiskaping i åra framover. For Helse Fonna har Vestlandslegen stor strategisk betydning for målsettinga om å sikra ei berekraftig rekruttering av legar for framtida.

 – Vestlandslegen vekkjer stort engasjement blant dei tilsette ved Helse Fonna, politikarar og andre i regionen. Eg er takksam for mobiliseringa og dei lokale kreftene som har fått denne saka opp på dagsordenen. Ordninga er svært viktig for føretaket og dei kommunale tilboda med tanke på rekruttering av legar i åra framover, seier Hovland, adm.dir. i Helse Fonna.

Med utgangspunkt i den kommuniserte opptrappingsplanen, har Helse Fonna lagt ned mykje arbeid og store ressursar i å førebu seg på å ta imot Vestlandslegen-studentane, mellom anna i form av kompetanseheving på undervising.

 

Fakta om Vestlandslegen

  • Vestlandslegen er ei satsing ved UiB og helseføretaka som skal sikra studieplassar og tal på legar som blir utdanna i Noreg. Satsinga kjem i kjølvatnet av utgreiinga til Grimstadutvalet (2019), som tilrår ein betydeleg auke i utdanningskapasiteten av helsepersonell i Noreg.
  • Den desentraliserte studiemodellen er eit samarbeidsprosjekt mellom universitet, høgskule, helseføretak og kommunar.
  • Ordninga inneber at medisin-studentane tek dei tre første åra i Bergen, og dei tre siste i Stavanger, Haugesund eller Førde. Slik kan ein sikra at ressursar og kompetanse på heile Vestlandet kan byggast ut og takast i bruk i medisinutdanninga.
  • Totalt skal det etablerast 120 nye studieplassar ved UiB. Stavanger universitetssjukehus var først ut til å tilby full klinisk medisinutdanning frå hausten 2023.