Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Veg- og vêrforhold gir beredskap i Helse Fonna

Grunna veg- og vêrforhold i Odda-området har Helse Fonna valt å sette beredskapsleiing og følgje situasjonen tett.

Publisert 23.11.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Klinikkdirektør og fungerande beredskapsleiar Anne Hilde Bjøntegård seier situasjonen så langt er oversiktleg.

- Vi har plassert ambulansebilar strategisk, slik at vi når områda på kvar side av stengte vegar. Ved behov for overflytting av pasientar frå Odda til Haukeland er vegane opne for dette.

- Vi har ordinær drift ved sjukehuset i Odda. Dei som har vakt bur stort sett i Odda og kjem seg til og frå jobb. Bemanningssituasjonen er derfor avklart, seier Bjøntegård.

- Når det gjeld dagpasientar med planlagte avtalar, kontaktar vi dei for å undersøke om dei kjem seg til sjukehuset. For dei som bur slik til at dei ikkje kjem seg til sjukehuset i Odda, lagar vi nye avtalar. For pasientar med kroniske tilstander, for eksempel dialysepasientar som skal til behandling, lagar vi avtalar med andre sjukehus, som Haugesund eller Voss utifrå kor pasienten er busett.

Beredskapsleiinga i Helse Fonna følgjer situasjonen.