Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vedtok eit revidert budsjett

Likviditetssituasjonen gjer at vidare utbygging av Haugesund sjukehus blir forlenga med to år.

Publisert 13.01.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Helse Fonna har oppdatert årets driftsbudsjett, investeringsbudsjett, økonomisk langtidsplan og forprosjektet til byggjetrinn 2 i tråd med endringane i statsbudsjettet. Endeleg resultatkrav vert fastsett i konsernbudsjettsak i Helse Vest RHF i februar. 

Styremøte 13-1-2023 - foto Eirik Dankel_5.jpg

Måtte ta grep: Administrerande direktør Olav Klausen (t.v.) og styreleiar Petter Steen jr. er samde om at den økonomiske situasjonen i Helse Fonna er tøff og utfordrande. Styret vedtok likevel både driftsbudsjett, investeringsbudsjett, økonomisk langtidsplan og revidert forprosjekt byggjetrinn 2 samrøystes. Foto: Eirik Dankel

 

– Helse Fonna er i same situasjonen som elles i sjukehus-Noreg og på Vestlandet. Vi har for høg styringsfart, og ligg an til eit underskot på 150 millionar kroner for 2022. Statsbudsjettet kompenserer ikkje for løns- og prisvekst, og vi har difor 92 millionar kroner mindre å rutte med i år i høve til i fjor. I tillegg må vi ta høgde for årets pris- og lønsvekt. Då budsjettet vart behandla i november blei det vedteke at vi skulle komme tilbake att med revidert budsjett i januar. Med dette som bakteppe legg vi no fram eit nullbudsjett, forklarar administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.

 

Høg risiko

Budsjettet har mange risikofaktorar.

– Drift av tre somatiske sjukehus med akuttfunksjonar fører til at det er etablert mange vaktlag for å dekke øyeblikkeleg hjelp-funksjonar på alle lokalitetar. Kompetansen og bemanninga som er nødvendig for beredskapen ved desse sjukehusa gjer at Helse Fonna tydeleg må prioritere kjerneverksemda. Den største kostnaden er personalkostnadar og dette er området som peikar seg ut med størst risiko. Det må i 2023 vere kontinuerlige endrings- og forbetringsprosessar for å tilpasse bemanninga til drifta på sengepostane i Helse Fonna. Trenden viser at det er færre pasientar som får døgnbehandling i sjukehus, medan fleire får poliklinisk behandling, heiter det i saka.

Fleire i styret påpeika at Helse Fonna, i lag med dei fleste andre helseføretak, er underfinansiert. Styreleiar Petter Steen jr. fekk difor i oppdrag å kontakte eigaren, Helse Vest RHF, om den økonomiske situasjonen.

 – Vi er i ein alvorleg situasjon, i lag med dei andre føretaka på Vestlandet. Vi skal ikkje «sutra» over for lite pengar, men vi må vera ærlege og realistiske. Vi veit at vi får ekstra utfordringar i etterkant av beredskapssituasjonen etter nyttår. Difor vil vi alt no kontakta vår eigar, Helse Vest RHF, og be om at Helse- og omsorgsdepartementet får tydelege signal i førekant av handsaminga av revidert nasjonalbudsjett i Stortinget til våren, seier Steen jr.

 

Forlengje​r byggjeperioden

Forprosjektrapporten til byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus er også revidert, og den nye framdriftsplanen tar omsyn til den økonomiske bærekrafta til føretaket.

Større investeringssummar er flytta frå dei første åra av prosjektet slik at prosjekttida og ferdigstillinga er forlenga med to år. Den store totalentreprisen er utsett til 2024 og byggjeperioden er forlenga med eitt år. Totalentreprisen kan, om det syner seg naudsynt, også delast i to totalentreprisar før ein går ut på anbod. All ombygging av M-blokk er flytta til 2027. Lånebehovet er difor redusert i starten av byggetrinn 2.

byggjetrinn2 - fasade aust.jpg

Lenger byggjetid: Neste byggjetrinn ved Haugesund sjukehus skulle etter planen vere ferdig i 2025. No blir ikkje prosjektet ferdig før i 2027. Skissa viser fasaden mot Karmsundgata.


– Det er slett ikkje ideelt å strekkja prosjektet ut i tid. Det tek lenger tid å få ut effektane av investeringane i form av meir effektiv drift, og det blir dyrare. Likevel må vi sjå at vi er der vi er. Då er det aller viktigaste at byggeprosjektet ikkje stoppar opp, og at vi legg opp til ein prosess med lågast mogeleg risiko, kommenterer styreleiaren.​

Ventetida gjekk ned

I siste driftsrapport, som er frå november, kjem det fram at gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar var 65 dagar, ein nedgang frå 71 dagar i oktober. Sjukefråværet var 7,9 prosent.

– Det har vore eit høgt tal på innlagde pasientar med smitte på sjukehusa i føretaket. Dette, saman med rekrutteringsutfordringar, spesielt ved medisinsk klinikk på Stord, har utfordra drifta og mellom anna ført til at medarbeidarar har arbeidd mykje. Ventetida innan psykisk helsevern har betra seg, innan somatikken har ventetida stabilisert seg på eit høgt nivå. Det er sett inn fleire tiltak for å betre ventetida. Med det budsjettet som er revidert, må styringsfarten dempast monaleg for å nå resultatkravet, oppsummerer Klausen.

Det vart også brukt tid til å diskutere utfordringar knytt til rekruttering og turnover.

– Det kan vere utfordrande å rekruttere fagfolk, men endå meir utfordrande å behalde dei. Det er alltid leit når gode og flinke medarbeidarar sluttar, seier overlege Heiko Bratke, som er ein av fire tilsettrepresentantar i styret.

 

For ​​mange uønskte hendingar

Årets første styremøte starta med gjennomgang av internrevisjonsrapport - Læring på tvers av uønskte hendingar. Internrevisjonen har undersøkt om helseføretaka si handtering av uønskte hendingar bidrar til å sikre læring og forbetring på tvers av fagmiljø og avdelingar i føretaka og mellom føretaka. Revisjonen har omfatta Helse Vest RHF og dei fire helseføretaka. Føremålet med revisjonsprosjektet har vore å undersøkje om helseføretaka si handtering av uønskte hendingar bidrar til å sikre læring og forbetring på tvers av fagmiljø og avdelingar i føretaka og mellom føretaka. Revisjonen er avgrensa til handtering av pasientrelaterte uønskte hendingar.

Metodane som er nytta i revisjonen er dokumentanalyse av relevant dokumentasjon frå helseføretaka, intervju med leiarar og tilsette på fleire nivå i organisasjonane, casegjennomgang av eit utval uønskte hendingar, samt ei spørjeundersøking som blei distribuert til eit utval tilsette og leiarar. Revisjonen har omfatta Helse Vest RHF og dei fire helseføretaka Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde og Helse Stavanger.

 

Lovar å følgje opp​

Omfanget av pasientrelaterte avvik og uønskte hendingar som er meldt i systemet Synergi ligg på i underkant av 20.000 meldingar per år for heile Helse Vest, med noko variasjon frå år til år. Ein stor del av dei som har svart på spørjeundersøkinga i revisjonen opplever at det skjer for mange uønskte hendingar som har eller kan få konsekvensar for pasienttryggleiken på si avdeling, og at det er uønskte hendingar som gjentek seg. Tilsette peikar på samansette årsakar til at uønskte hendingar oppstår, mellom anna knytt til mangel på tid og personell, samtidigheitskonfliktar, manglande samhandling mellom yrkesgrupper og avdelingar, samt system som ikkje snakkar saman. For å kunne lære av uønskte hendingar og avvik er det ein føresetnad at det er etablert ein god avviksmeldekultur i det enkelte føretak. I undersøkinga går det fram at det er noko varierande oppfatningar av om det er ein god openheitskultur, og det blir peikt på variasjonar både på individnivå, på avdelingsnivå og mellom ulike fagmiljø. Undersøkinga viser vidare at det er mange faktorar som påverkar omfanget og innhaldet av det som blir meldt i Synergi. Mangel på tid, opplæring, tydelegheit rundt kva som skal meldast og kven som skal melde, samt frykt for å henge ut kollegaer synest å vere dei mest betydelege hindringane som gjer at uønskte hendingar ikkje alltid blir meldt. Det er også ein del tilsette som svarar at dei har opplevd negative konsekvensar av å melde avvik. Dette gjeld primært negative kommentarar frå kollegaer og leiarar, men også nokre som har opplevd formelle arbeidsrettslege reaksjonar, heiter det i rapporten.

– Uønskte hendingar som gjentek seg er i samband med legemiddelhandtering, fall og nestenulukker og manglande etterleving av prosedyrar. Vi har eit system på plass, men det blir mest brukt til registrering, og i mindre grad til læring. Helse Fonna har utarbeidd ein handlingsplan , og tilbakemeldinga frå internrevisjonen er at vi svarar godt ut i høve dei tilrådingane som er gitt, opplyser fagdirektør i Helse Fonna, Andreas Andreassen.

Olav Klausen innrømmer at Helse Fonna har ein veg å gå både når det gjeld meldekultur, saksbehandling og oppfølging.

– Og eg godtek ikkje at nokon blir trakasserte dersom dei melder avvik, er den klare tilbakemeldinga frå Klausen.

Styremøte 13-1-2023 - foto Eirik Dankel_1.jpg


Læring på tvers: Helseføretaka har eit godt system for å melde og lære av avvik, men dette blir mest brukt til registrering og lite til læring, konstaterer fagdirektør Andreas Andreassen. Foto: Eirik Dankel