Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vann Kvalitetsprisen 2016

I alt åtte gode prosjekt konkurrerte om å vinne årets Kvalitetspris i Helse Fonna. Seksjon for dokumentbehandling vann prisen som er på 40.000 kroner, inkludert heider og ære. Styreleiar Kjell Arvid Svendsen sto for den høgtidlege overrekkinga.

Publisert 25.11.2016
Sist oppdatert 01.03.2024

vinnarar-intranett.jpg
VINNAREN: Rigmor Sørbø er leiar for Seksjon dokumentbehandling, som vann Kvalitetsprisen 2016. Til venstre Oddbjørn Hove, som representerte ein av finalistane. Til høgre styreleiar i Helse Fonna Kjell Arvid Svendsen. Foto: Stina Steingildra

- Eg er imponert over alle dei gode kvalitetsprosjekta i Helse Fonna, seier Svendsen. Seksjonsleiar Rigmor Sørbø tok i mot prisen for forbilledleg kvalitetsarbeid med pasientane sine opphaldsmapper. Det er utarbeidd god struktur og godt system for å sikre for at pasientinformasjon i journal er riktig og oppdatert til ei kvar tid. Prosjektet har hatt systematiske målingar og gode resultat. I Helse Fonna er det mapper for kvar enkelt pasientbehandling, noko som gjer prosjektet omfattande og viktig.
Av dei åtte prosjekta blei to nominerte trekt fram som finalistar etter fagjuryen sine vurderingar og publikumsstemmer frå medarbeidarar i Helse Fonna.

Den andre finalisten var prosjektet «Bruk av strukturert forløp og kartleggingsprosedyre ved en spesialisert poliklinikk i psykisk helsevern for utviklingshemmede». Dette er eit særs godt prosjekt som blei presentert av psykologspesialist og forskar Oddbjørn Hove.

Kvalitetsdagane

Helse Fonna har i ei veke arrangert «Kvalitetsdagane». Til saman har fleire tusen publikummarar deltatt på ulike arrangement på sjukehusa i Odda, på Stord og i Haugesund. Fokus på kvalitetsdagane har vore kvalitet og kommunikasjon, med mål om å dele kunnskap og skape betre behandling og oppleving for dei pasientane som til ei kvar tid treng hjelp av spesialisthelsetenesta. For første gang har Helse Fonna også arrangert opne publikumsforedrag under Kvalitetsdagane, som alle var fullsette.


-Det har vore ei spennande veke. Svært mange medarbeidarar har hatt høve til å delta på dei ulike føredraga, seier fagdirektør Haldis Ø. Lier. Ho er òg svært nøgd med den store publikumstilstrøyminga.