Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilgangslogg i din pasientjournal

For eitt år sidan fekk du som er pasient tilgang til pasientjournalen din på nett. No blir løysinga utvida med tilgangslogg – ei oversikt over helsepersonellet som har opna journalen din.

Publisert 23.05.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

At helsepersonell treng tilgang til journalar kan ha fleire årsaker. I samband med behandling på sjukehus, blir journalen brukt til å planlegge og dokumentere behandlinga. I tillegg blir journalen brukt til administrativt arbeid, internkontroll og kvalitetssikring av tenesta.

No kan du sjå kven som har gjort oppslag i din pasientjournal etter 1. mars 2016, og etter 12. september 2016 for behandling innan rus og psykisk helsevern.

Du skal vere trygg på at din informasjon blir handtert på ein god måte, og oppleve å ha kontroll over dine opplysingar.

Lurer du på noko?

For å opne pasientjournalen din må helsepersonellet ha ein grunn. Kva det er kan du sjå i feltet «Begrunnelse for innsyn» heilt til høgre i Tilgangsloggen.

Du kan krevje ei forklaring på kvifor det er gjort oppslag i journalen din. Har du spørsmål om eit spesifikt oppslag må du fylle ut eit skjema og sende til sjukehuset.