Til Haugesund frå Haukeland for å lære

Bioingeniørar frå Haukeland universitetssjukehus har vore hos nyføddintensiven ved Haugesund sjukehus for å lære venøs prøvetaking på spedbarn. – Veldig kjekt at dei vil lære av oss, seier fagsjukepleiar Anne-Berit Sundal.

På undersøkingsbenken ligg den vesle babyen roleg på magen og suttar på smokken. Masse svart hår stikk opp frå det mjuke teppet han er tulla inn i. Gasbind rundt hovudet fungerer både som stase og lysskjerming. Med vare hender undersøker sjukepleiar Christine Lilledahl det vesle hovudet. Ho leiter etter ei fin og tydeleg blodåre å stikke i.

Bioingeniørane Ingunn Børø og Cecilie Misje observerer konsentrert når Lilledahl forsiktig fører kanylen inn i ei vene på det vesle hovudet. Bloddråpane piplar fint ned i prøveglaset.

KONSENTRERT: Christine Lilledahl har drevne hender og leitar fram ei fin og tydeleg vene på hovudet til den vesle babyen.

– Viss blodet kjem for seint, kan du snu litt på nåla, eller stryke forsiktig her, seier Lilledahl. Dei to bioingeniørane nikkar. Dei er utsendt frå seksjon for nyfødde ved Haukeland universitetssjukehus for å lære. På Haukeland, som ved fleire andre sjukehus, er det nemleg framleis vanleg å ta blodprøve frå hælen på babyar. Ved nyføddintensiven i Haugesund har dei dei siste ti åra tatt blodprøvar frå vener på hovudet (venøs prøvetaking) i staden for i hælen, der ein bruker lansett til å stikke hol på huda og samle opp blod frå såret (kapillær prøvetaking). Fagsjukepleiar Anne-Berit Sundal forklarar kvifor:

– Det gir mindre ubehag for barnet og vi kan ta færre prøvar. Ved kapillær prøvetaking hender det oftare at prøven ikkje kan brukast på grunn av kontaminasjon, og då må vi ta ny prøve. Vi vil helst ta så få blodprøvar som mogleg for å ikkje utsette babyen for unødig stress og ubehag.

Saman med barneoverlege Andreas Andreassen hadde ho på trykk ein artikkel om erfaringane med venøs prøvetaking i fagtidsskriftet Bioingeniøren. Det var slik bioingeniørane på Haukeland bestemte seg for å ta kontakt.

GLADE FOR Å LÆRE: Bioingeniørane Ingunn Børø og Cecilie Misje frå Haukeland er glade for opplæringa frå fagsjukepleiar Anne-Berit Sundal og kollegene ved nyføddintensiven.

Ingunn Børø smiler breitt på spørsmål om kva ho synest om opplæringa så langt.

– Det er spennande og veldig interessant, seier ho. – Hos oss har vi enno tidlegare fødde babyar som er mykje mindre enn dette, så det kan kanskje vere litt vanskelegare, lurar ho.

– Samtidig er gjerne venene tydelegare på dei små, seier Anne-Berit Sundal.

– Vi er van med å ta prøvar av små spedbarn, så det er bare ein ny teknikk å lære seg. Sjølve situasjonen er vi vane med og trygge i. Det er bare litt uvant å skulle stikke i hovudet, så det er nok mest psykisk, seier Børø.


RETT I PRØVEGLASSET: Bloddropane piplar jamt frå ei vene på hovudet og Lilledahl fangar dei opp med prøveglasset. Babyen ligg roleg og verkar heilt uberørt.

Det er ingen tvil om at det ser litt skummelt ut når nåla stikk ut under huda på det vesle hovudet. Men babyen har det bra, forsikrar leiar ved nyføddintensiven, Mette Erdal:

– Hos oss er vi veldig opptatt av å tenke på barnets beste. Vi tar ikkje blodprøve når det passar oss, men når det passar babyen.

Anne Berit Sundal nikkar:
– Barnet skal vere mett og god, og helst klar for ein kvil. Viss babyen er sulten eller uroleg, lar vi mor amme litt først og så er begge klare for blodprøve etterpå.

Babyen ligg i fosterstilling tulla inn i eit varmt teppe og har trygge, erfarne hender på seg. Særleg premature har godt av eit miljø som minner mest mogleg om livet i mors mage. Sjukepleiarane bruker nokre få dropar sukkervatn til smertelindring like før stikket kjem. Sukkerløysinga blir gitt med ei lita sprøyte i munnen og babyen smattar fornøyd.

– Det er faktisk samme effekt som når du har skikkeleg lyst på noko godt og får i deg sjokolade, smiler Sundal.

Blodprøvar er ein viktig del av kvardagen på nyføddintensiv. Snart får dei sin eigen syre-base-maskin på eininga, noko som gjer kvardagen enno betre for både medarbeidarar og babyar.

– Maskinen kan måle bilirubin, elektrolyttar, pH, laktat, CO2 og mykje anna som gir oss viktig informasjon om babyens tilstand. Det er ein ny maskin som treng mykje mindre blod for å gjere desse analysane enn det vi treng i dag. Vi får også raskare svar enn om vi skal sende prøvane ned på laboratoriet og det blir enno enklare for oss å tilpasse prøvetakinga til babyen. Og alt som er betre for babyen er betre for oss, smiler Sundal.


BABYENS BESTE: Rutiner på nyføddintensiven er tilpassa babyens behov. – Vi brenn for at babyen skal ha det bra, seier einingsleiar Mette Erdal (til høgre). Fagsjukepleiar Anne-Berit Sundal til venstre.