– Dette var tidlegare legevaktslokalar. No har vi flytta behandlingsrom for kirurgisk poliklinikk og skadepoliklinikk inn hit, i tillegg til rom for sjukepleiar i triage, seier leiar for kirurgisk seksjon Anne Karin Fossdal.
Saman med leiar for akuttmottaket Britt Johanne Rikstad Myklevoll gir ho ei omvisning i dei «nye» gamle lokalane. Dei er glade for å vere tettare på pasientane – og kvarandre.

TETTARE PÅ: Anne Karin Fossdal (t.v.) og Britt Johanne Rikstad Myklevoll ser fram til å komme tettare på ventande pasientar i både skadepoliklinikk og akuttmottak.
– No kan vi ha betre tilsyn med pasientar som ventar på skadepoliklinikken på kveldstid og det er enklare for legane å få assistanse ved behov. Det blir tryggare for både medarbeidarane og pasientane, seier Fossdal.
Rikstad Myklevoll opnar dei doble dørene og viser veg inn i akuttmottaket.
– Det viktigaste for oss er å betre pasienttryggleiken og få vurdert pasientane raskt. Målet er å triagere kvar pasient snarast råd og bare minutt etter ankomst.
Færre pasientar i seng
Her er det laga til nytt observasjonsrom med store, komfortable stolar. Ho og kollegene ser fram til betre oversikt og tettare kontakt med pasientar som ventar.
– Dei fleste aksepterer å vente viss det er travelt, men det er fint å kunne trygge pasientane med å gi dei god informasjon om kor lenge dei må rekne med å vente og kvifor, seier Rikstad Myklevoll.
Sjukepleiar Camilla Frugård Lunde trur det nye observasjonsrommet blir betre for pasientane.
– Mange kjem seg til akuttmottaket på eigne bein og vil helst ikkje ligge i seng. Det er godt om dei då kan få sitte komfortabelt. Ein kjenner seg kanskje litt mindre sjuk også?

RASK VURDERING: – Vi skal sikre alle pasientane ei triagering (prioritering- og hastegradsvurdering) snarast råd og bare innan få minutt, fortel Britt Johanne Rikstad Myklevoll. Her saman med frå venstre Else Marie Agasøster, Torill Kaldefoss, Hilde Nordtun Alfsvåg og Camilla Frugård Lunde.