Styremøte - Stram sjukehusøkonomi

Styret i Helse Fonna vedtok i dag langtidsbudsjettet for 2018-2023. Trass i auke i befolkningsvekst, auke i talet på eldre og auke i forventningane til sjukehusa er tala klare. Det vil bli trongare økonomiske tider.

Helse Fonna skal i 2023 ha redusert personalkostnaden med 32 millionar i forhold til dagens nivå. Det kom fram i debatten om langtidsbudsjettet som i dag blei vedteke på styremøte i Odda.

Det vil bli sett i verk ulike tiltak for å redusere kostnadane. Samstundes skal kvaliteten i behandlinga oppretthaldast og vidareutviklast til beste for pasientane. Mellom anna vil det ved sjukehusa blir redusert i talet på senger som ein konsekvens av at stadig fleire pasientar får behandling i poliklinikk i staden for som inneliggjande pasient. Siste året har det vore ein nedgang i talet på pasientar som er innlagt i sjukehus.

- Det går føre seg eit kontinuerleg arbeid med å legge om sjukehusdrifta frå døgn- til dagbehandling, det ser vi allereie resultat av, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Han legg ikkje skjul på at det vil bli økonomisk utfordrande år og at omstillinga til meir effektiv drift må halde fram. Ny teknologi, medisinsk utvikling og betre samhandling skal bidra til meir effektiv drift. I dag opplev sjukehusa at ferdigbehandla pasientar blir liggjande i sjukehus på grunn av mangel på plass i heimkommunen.

Ventetida skal ned

Helse Fonna har i dag ventetider på om lag 60 dagar for dei som har fått somatisk behandling, ventetida variere for ulike diagnosar og mellom sjukehusa. Ventetida er lågast innan psykisk helsevern. I 2021 er det eit krav at ventetida skal reduserast til under 50 dagar, innan psykisk helsevern er kravet til ventetida kortare. Talet pasientar som får rask behandling i pakkeforløp er venta å auke. Det er slik at dei sjukaste skal få hjelp raskast. Hovudtyngda av kreftpasientane er i denne gruppa og skal ikkje ha unødig ventetid.

- Det er imponerande korleis det blir arbeidd i sjukehusa for å gi rask diagnose og start av behandling for kreftpasientar, seier Svendsen. Han påpeikar at det for alle diagnosar og behandlingar er viktig med godt samarbeid mellom fagfolk og felles prosedyrar mellom sjukehusa. Dersom det er ledig kapasitet på eit sjukehus må denne bli nytta. I forslaget til langtidsbudsjett er det eit konkret forslag om å legge til rette for at fleire av normalfødslane i føretaket går til Stord sjukehus.

- Føde- og barseltilbodet på Stord ligg på landstoppen i nasjonale undersøkingar i forhold til pasientoppleving for nybakte foreldre. Både informasjon til fødande, relasjon mellom foreldre og personalet og ivaretaking av far/partnar under føde- og barselopphaldet scorar høgt. Difor er det viktig at dette tilbodet blir gjort kjend og held fram med å vere tilgjengeleg for alle gravide i føretaket, ikkje berre dei med adresse i Sunnhordland, seier Svendsen.

Psykisk helsevern

Det vil i løpet av hausten 2018 bli innført pakkeforløp innan psykisk helsevern for vaksne, for barn og unge og innan rusfeltet. Fram mot 2023 skal både det polikliniske og ambulante tilbodet vidareutviklast til beste for pasient. Målet er å satse vidare på førebygging og tidleg oppdaging av psykiske lidingar. Innan psykisk helsevern blir det arbeidd tett med kommunane for å sikre eit godt tilbod, dette gjeld særleg til barn og unge som har utfordringar.

- Det gler meg at det blir satsa sterkt på brukarinvolvering i psykisk helsevern, seier styreleiaren. Det vil i åra som kjem blir lagt til rette for tilsetting av erfaringsmedarbeidarar for å styrke tenesta og sikre at brukarane si stemme bli høyrd. Innan psykisk helsevern er det òg ei tydeleg dreiing av tilbodet frå døgn- til dagbehandling. Det gjer at barne- og ungdomspsykiatrien og dei distriktspsykiatriske sentra vil bli styrka, medan det blir ein reduksjon på sjukehuspostane i psykisk helsevern.