Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styremøte i Helse Fonna

Denne veka var det styremøte og styreseminar i Helse Fonna i Ullensvang.

Publisert 25.05.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Styremøte-Odda1.jpg

Omvising: Styremøtet starta med informasjon om drifta og omvising på Odda sjukehus. Frå venstre Valborg Sekse (varamedlem i styret), avdelingsleiar Kari Marie Tjelmeland, administrerande direktør Olav Klausen og sjukepleiar Malin Ramsøy.


Resultatet for Helse Fonna i april syner eit underskot på 16,5 millionar kroner, som er 14,9 millionar dårlegare enn budsjettert. Så langt i år er underskotet på 93,4 millionar kroner, 86,7 millionar under budsjett. I dette resultatet ligg det 31,5 millionar kroner i tilført tilskot grunna covid-19.

​ Tiltaka som blei sett i verk i april har allereie hatt ein effekt på om lag 6 millionar kroner. Underskotet i høve til budsjett er lågare enn i tidlegare månader. Leiarar og medarbeidarar har høg merksemd på å følgje opp dei tiltaka som er vedtekne, heiter det i saka som vart lagt fram for styret tysdag. Blant tiltaka som har gitt effekt er redusert innleie og bruk av overtid og ekstrahjelp.

 

Nøgde med tilt​aka

Sjukefråværet og ekstraordinære innkjøp som følgje av pandemien vil etter alt å døme framleis gå ned, noko som vil styrke effekten av tiltaka vidare.

Fleire styremedlemmer uttrykte at dei ser alvorleg på den økonomiske situasjonen, men at dei er glade for at tiltaka gjev effekt. Og dei understrekar at styret kjem til å vere tett på den økonomiske utviklinga dei neste månadene.

​ Diskusjonen rundt bordet fortel meg at vi ikkje er pessimistar, ikkje optimistar, men at vi er realistar. Vår jobb er å drive Helse Fonna innanfor dei rammene vi har, og det kan bli humpete framover. Rammene blir nok ikkje høgare, heller tvert imot, og vi må difor vere tett på, oppsummerte styreleiar Petter Steen jr.

Gjennomsnittleg ventetid for alle behandla pasientar var 63 dagar. I somatikken er ventetida på 63 dagar. Vaksenpsykiatri og rusbehandling hadde 54 dagar ventetid, i barne- og ungdomspsykiatrien var ventetida for behandla pasientar på 66 dagar. Over tusen pasientar på ventelistene har ikkje fått time innan fristen som er sett.

Styremøte-Odda2.jpg

Nøgde: Styret var nøgde med det avdelingsleiar Kari Marie Tjelmeland (i midten) fortalde. Framme til venstre styreleiar Petter Steen jr.

 

Rekrutteringskam​​panje

Fleire overlegar ved medisinsk avdeling på Stord sjukehus har sendt eit brev til styret der dei uttrykte uro for rekruttering av legar til Stord sjukehus.

Seinare år har vi sett at mangelen på rekruttering til LIS 2 og 3 har auka nasjonalt og er ei stor utfordring, særleg for dei mindre sjukehusa. Dette har fått konsekvensar for rekrutteringa til ledige stillingar ved fleire sjukehus, inklusiv Stord sjukehus. I styremøtet gjorde administrerande direktør Olav Klausen greie for at dette er urovekkande og at det er sett i verk fleire tiltak.

Blant tiltaka er ein brei rekrutteringskampanje, med annonser i fleire riks- og lokalaviser og tidsskrift​. I tillegg orienterte administrerande direktør om at det er oppretta ei ny legestilling ved medisinsk avdeling og at arbeidet med ny arbeidstidsordning for å lette arbeidet for legane er sett i verk. Det er pr. i dag fleire søkarar til dei ledige stillingane.

Det er også starta kampanjar på sosiale media med filmar og intervju av tilsette ved Stord sjukehus. Arbeidet med med å opprette eigne utdanningar innan hjartesjukdommar, mage- og tarmsjukdommar og nyresjukdommar på Stord er starta og vil bidra til betre rekruttering.

Helse Fonna har løpande kontakt med rekrutteringsbyrå for å løyse ledige stillingar og vakter.

​ Det er gjort ein svært stor og ekstraordinær innsats av både legar og leiarar ved Stord sjukehus i samband med desse rekrutteringsutfordringane, seier Olav Klausen.

 

 

Styreseminar​

På styreseminaret onsdag stod internkontroll og forsking på agendaen.

styremøte-odda3.jpg

Tonje Aukland Sandtorv (biletet), avdelingsleiar for kvalitet og pasientsikkerheit, informerte styret om internkontrollsystemet i føretaket, med fokus på registrering og læring av uønska hendingar, der ein no også kan dele risikomeldingar med dei andre føretaka i Helse Vest. Kvalitetsutvalet har møte ein gong i månaden, der dei går gjennom alle melde hendingar siste månaden, og det blir laga læringsmeldingar.

Helse Vest har kartlagt og prioritert fem risikofaktorar som helseføretaka skal ha særskilt fokus på. Dei fem områda er legemiddelhandtering, vald og truslar mot medarbeidarar, uønskt variasjon radiologi og ortopedi, IKT- og informasjonssikkerheit og ekstern turnover.

​ I helsevesenet er det mange maskinar og medisinar, men sanninga sin augneblink er møte mellom menneske. Då er det mykje som kan gå gale. Feil vil alltid skje, og det er godt å sjå at Helse Fonna har gode system, vilje og kunnskap til å jobbe systematisk med læring og forbetring, slik at ein reduserer risikoen for feil, seier styreleiar Petter Steen jr.

 

Forsking

Fagdirektør Haldis Økland Lier fortalde om forsking med spesiell vekt på kliniske studiar.

​ ​Å drive med forsking er ei av fire hovudoppgåver i spesialisthelsetenesta, og det er ikkje berre universitetssjukehus som skal drive med forsking. Forsking skal skje i alle helseføretak. Dette er eit meiningsfullt og viktig oppdrag, og eg er glad for at dette er prioritert som ei viktig satsing, seier Lier, som kom med døme på fleire studiar som inkluderer pasientar, såkalla kliniske behandlingsstudiar.

Helse Fonna er blant anna stolt deltakar i den såkalla Impress-studien, der målet er at pasientar som har «prøvd alt», utan hell, skal få prøve ut ny, livsforlengande behandling, dersom det vert avdekt genfeil i kreftsvulstane som tilseier at det kan gje effekt.

Andre døme på kliniske studium er utprøving av medikament for koronavirusinfeksjon i starten av pandemien, irritabel tarm og Aneed-studien om demens.

Helse Fonna hadde 71 forskingspublikasjonar i 2021, noko som er bra i høve til storleiken i føretaket.

Vil du lese meir om forsking og innovasjon i Helse Fonna? Då kan du lese her: Forsking og innovasjon - Helse Fonna (helse-fonna.no)​​