Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Studentar i praksis lærer meir av kvarandre

Studentar som får sjølvstendig pasientansvar og ein medstudent som partnar får betre læringsutbytte, meistring og personleg utvikling. Det viser ein ny praksismodell som er utvikla i Helse Fonna.

Stina Steingildra
Publisert 18.01.2018
Sist oppdatert 01.03.2024

– Det vanlege er at studenten får ein kontaktsjukepleiar som dei følgjer i praksisperioden. Det er mykje positivt med å få opplæring av ein erfaren sjukepleiar, men vi såg også ein del utfordringar. Derfor ville vi prøve å tenke nytt.

Det seier studentansvarleg sjukepleiar ved geriatrisk og gastrologisk/nefrologisk sengepost på Haugesund sjukehus, Helga Karin Kvalevaag.

helga-karin-kvalevaag-foto-stina-steingildra-3spalter.jpg

TENKER NYTT: Helga Karin Kvalevaag er studentansvarleg sjukepleiar og har utvikla ein ny praksismodell. Foto: Stina Steingildra

Sjølvstendig pasientansvar gir læring og meistring

– Vi ville prøve å la studentane jobbe i team på to, og gi dei sjølvstendig ansvar for enkeltpasientar. Dei har framleis kontaktsjukepleiar, men i staden for å «gå i hælane» på denne, skal studentane i lag reflektere over og diskutere seg fram til kva dei vil gjere av undersøkingar og tiltak for den aktuelle pasienten. Så legg dei fram planen sin for kontaktsjukepleiaren og forklarar kva dei har tenkt og kvifor.

Målet med å teste «peer learning» eller «samlæring» var i følgje Kvalevaag å gi studentane meir rom for eigen refleksjon.

– Mange oppgir at det er lettare å drøfte saker med ein medstudent enn med ein erfaren sjukepleiar. Dei er ikkje så redde for å stille spørsmål dei føler dei burde vite svaret på. Studentane bruker også meir av teorien dei har lært på studiet og må gå til litteraturen for å finne svar, seier Kvalevaag.

Den nye ordninga inneber ei todeling av praksisperioden: Dei første tre vekene jobbar studenten saman med sin dedikerte kontaktsjukepleiar, som introduserer dei for kolleger og rutiner. Deretter blir studentane sett saman to og to for å jobbe dei fem siste vekene i par. Turnusen er lagt slik at dei til ei kvar tid blir følgt av éin av dei to kontaktsjukepleiarane frå introduksjonsvekene.

– Arbeidsplanen legg opp til faste treffpunkt, slik at ingen studentar skal føle at dei går aleine, seier Kvalevaag.

sondre-eie-johannessen-kenneth-gjermundsen-foto-stina-steingildra-3spalter.jpg

KLAR FOR SAMLÆRING: Sondre Eie Johannessen er i starten av praksisen. Han ser fram til å jobbe i tospann med ein medstudent. - Vi kjenner kvarandre frå studiet, så eg er sikker på at det skal gå bra, seier han. Her saman med kontaktsjukepleiar Kenneth Gjermundsen. Foto: Stina Steingildra
 

Får betre pasientkontakt

Studentane sjølv har gitt samlæringsmodellen gode tilbakemeldingar gjennom ei spørreundersøking Kvalevaag og kollege gjennomførte etter praksisperioden. Studentane opplevde både meistring og godt læringsutbytte. Kvalevaag sjølv ser at studentane får meir tid til den enkelte pasient og at dei får ein betre relasjon til pasienten enn når dei følgjer ein kontaktsjukepleiar.

– Eg har opplevd at pasientar spør etter studenten. Ein student eg hadde fortalte kor audmjuk han kjente seg over at pasienten viste han så stor tillit. Ein slik observasjon er ein god inngang til refleksjon med studenten om kvifor han fekk den tilliten. Var det håndtrykket, blikkontakten, kroppspråket, ei oppriktig interesse for pasienten som menneske?

Kvalevaag trur samlæring gir meir sjølvstendige studentar.

– Som erfarne sjukepleiarar har vi fordeler av å kjenne pasientgruppene og diagnosane godt, men vi kan også legge oss til uvaner vi ikkje er så medvitne sjølv. Det krev mot frå ein student å vere kritisk til måten erfarne kolleger jobbar på, derfor ser eg fordeler av at dei får presentere det dei tenker er ei god tilnærming til pasienten i staden for å bli fortalt kva dei skal gjere og korleis.

Frå prøveordning til ny modell

Det som begynte som ei prøveordning er no implementert som fast praksismodell på medisin der Kvalevaag er studentansvarleg sjukepleiar.

– Det krev arbeid å få til ei god implementering. Det må vere forankra hos leiaren, og ein må ha med seg både kontaktsjukepleiarane, legane og ikkje minst høgskulen, seier Kvalevaag.

Ho strekar under at samlæring er ein pedagogisk modell i tråd med Kunnskapsdepartementet sin rammeplan for sjukepleiarutdanninga, som slår fast at det overordna målet er å utdanne reflekterte sjukepleiarar som kan planlegge, organisere og gjennomføre tiltak i samarbeid med sine pasientar og andre tenesteytarar.

Saman med høgskulelektor Karen Johanne Ugland Vae og professor II Anna Löfmark ved Høgskulen på Vestlandet har Kvalevaag publisert ein artikkel om studentane si oppleving av praksismodellen i Nordisk tidsskrift for helseforsking.

– Studentane er våre framtidige kolleger, og det er spennande å dele kunnskap og erfaringar om utviklinga av nye rettleiingsmodellar, seier ho.