Stram budsjettdisiplin i Helse Fonna

Styret i Helse Fonna har i dag vedteke budsjett for 2018. Budsjettet blei vedtatt med krav om kontinuerleg endring- og forbetringsarbeid.
Resultatet i Helse Fonna er i 2017 venta å bli 20 millionar lågare enn budsjettert. Neste år må den økonomiske situasjonen rettast opp i og føretaket må drive innan den ramma som er vedtatt. Styret krev stram budsjettdisplin.

Tid for endring

– Styret er klar på at det er tid for endring i Helse Fonna i 2018, seier nestleiar i styret, Brian Bjordal. Han peikar på at stadig fleire pasientar får behandling i poliklinikk og slepp å bli lagt inn i sjukehus.

– Dette er ei ønskjeleg utvikling og til beste for pasient, men dette må speilast i organisasjonen og bli lagt til grunn for både drift og planlegging. Talet på inneliggjande pasientar i sjukehusa i Helse Fonna har gått ned i 2017, men det har ikkje vore tilstrekkeleg reduksjon i innleige og bruk av overtid. Dette skaper ei ubalanse i rekneskapen.

Det vil bli redusert antall senger for å tilpasse drifta til utviklinga med at pasientar i større grad får dagbehandling utan innlegging i sjukehus. Ingen medarbeidarar vil bli sagt opp, men det er planlagt ei innsparing på naturleg avgang og reduksjon av overtid og innleige. Reduksjon av antall senger vil ikkje påverke breidda i behandlingstilbodet eller i beredskapen ved sjukehusa, heller ikkje ved Odda sjukehus.

Forbetring

– Det må i 2018 vere kontinuerlege endring- og forbetringsprosessar på alle sjukehusa. Styret har i dag fått skissert tiltak for å redusere talet på sjukehussenger. Auka legekompetanse i mottak, medisinsk utvikling og auka bruk av kommunale ø-hjelpssenger skal sørgje for at pasientar som ikkje er i behov av innlegging blir raskt diagnostisert og behandling blir starta. Dette er bra for pasientane og vil føre til både kortare liggetid og færre innleggingar i sjukehus for dei som er somatisk sjuke.

Knytt til nytt sjukehusbygg i Haugesund er det sett i verk mange forbetringsprosjekt som fylgje av samlokalisering av einingar og betre samhandling. Både nytt teknisk utstyr og nytt fullautomatisert laboratorium er venta å gi meir effektiv drift.

Det vil bli ei styrking av psykisk helsevern i 2018 og tilbodet vil bli ytterlegare endra frå døgn- til dagbehandling.
Vidare skal ein i 2018 halde fram med satsinga på gode pakkeforløp for pasientar med kreft og andre alvorlege sjukdommar. Radiologisk eining blir styrka med ein overlegestilling og i Vindafjord er det inngått avtale om leige av ny ambulansestasjon i nytt bygg som skal stå klart våren 2018.

Investering

Helse Fonna har for 2018 eit investeringsbudsjett på 260 millionar kroner. 200 av desse millionane skal nyttast til nytt sjukehusbygg i Haugesund. 60 millionar skal nyttast til bygg og utstyr i heile føretaket. Mellom anna vil brannoppgraderinga på Stord sjukehus halde fram, det same vil arbeidet med fasade og bytting av vindu og dører. Det er sett av midlar til nye autoklaver på både Odda og på Stord sjukehus. På Valen skal taket på fleire bygningar rehabiliterast . I 2018 vil det bli kjøpt inn tre nye ambulansar.
Her er noko av det som er gjort ved Stord sjukehus: 

 


 

Framleis kort ventetid

Ventetida for pasientane i Helse Fonna samla sett er framleis innanfor det som er kravet frå eigar. Samla for alle behandla pasientar var ventetida 60 dagar. Innan psykisk helsevern er ventetida kortare enn kravet, både for vaksne, barn og ungdom og innan rusfeltet. Innan somatikken er ventetida for behandla pasientar 62 dagar, medan kravet er 60 dagar.