Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Statsråden på besøk

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøkte Stord sjukehus.

Publisert 29.11.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

For tre veker sidan kom det ein e-post frå Helse- og omsorgsdepartementet: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol ønskjer å komme på besøk til Stord sjukehus tysdag 29. november.

Statsrådbesøk er som regel ganske så godt planlagde, med omsyn til program, tidsplan og kven som skal få vere med, så det har vore nøye planlegging for at ein ikkje skal sprekke på tida.

 

kjerkol-besøk1.jpg

Storfint besøk: Styreleiar Petter Steen jr. ønskte Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) velkomen til Stord sjukehus.

 

Tysdag var dagen endeleg komen, og ministeren og følgjet hennar starta besøket med informasjon og omvising på Sunnhordland interkommunale legevakt, før turen gjekk til kantina på Stord sjukehus. Her møtte dei leiarar, fagfolk og tillitsvalde. Styreleiar Petter Steen jr. ønskte velkomen og innleia litt om Helse Fonna, før klinikkdirektør Anne-Beth Njærheim orienterte om Somatikk Stord. Klinikkdirektør Kenneth Eikeset fortalde om tilbodet innan psykisk helsevern, med spesielt fokus på BUP-feltet.

Det var også tid til å ta opp utfordringar, blant anna økonomi, korleis det er å jobbe i eit freda bygg, og ikkje minst korleis ein skal klare å rekruttere legar og psykologar til føretaket.

Det var ein engasjert gjeng som var samla, og også dei tillitsvalde nytta høvet til å få fram bodskapen sin til statsråden, før ho returnerte til hovudstaden, og skal leggje siste hand på neste års statsbudsjett.

I tillegg til ministeren og hennar politiske rådgjevar  Kai Steffen Østensen (Ap), deltok lokale politikarar frå regjeringspartia, og stortingsrepresentantane Odd Harald Hovland (Vestland Ap), Tove Elise Madland (Rogaland Ap) og Lisa Marie Ness Klungland (Rogaland Sp) på besøket.

–​ Flott å vere her, og Helse Fonna blir ofte nemnt i regjeringskorridorane. Vi er godt kjende med mange av problemstillingane som er presenterte, og samstundes merkar vi oss alt det gode arbeidet som vert gjort av alle medarbeidarane, var Kjerkol si slutthelsing.

Og tidsplanen? Den heldt – akkurat! Takk for besøket!​

kjerkolbesøk2.jpg

Vertskap: Administrerande direktør Olav Klausen (t.v.) og styreleiar Petter Steen jr. (t.h) er glade for at helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol prioriterte å besøkje Helse Fonna og Stord sjukehus i innspurten før neste års statsbudsjett.

kjerkolbesøk3.jpg

God tone: Klinikkdirektør Anne-Beth Njærheim (t.h.) hadde mykje å snakke med ministeren om.