Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samla seg for å gi det beste tilbodet til traumepasientar

I løpet av det siste året har 55 påmelde frå kommunar og spesialisthelsetenesta i Hardanger vore med på felles traumeopplæring. Slik sikrar vi at pasientane får best mogleg oppfølging der dei er, og god samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunane.

Eirik Dankel
Publisert 19.05.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

I regi av RVTS (Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) har dei vore med på Traumebehandling i vest, eit kursopplegg om forståing og behandling av posttraumatisk stressliding og komplekse traumar. Deltakarane har møttest fem gonger og mellom samlingane fått rettleiing der dei jobbar.

Ansvarleg er psykologspesialt Sylvi Ramsli Fiskerstrand. Ho er særs nøgd med studentane sine.

– Det er så kjekt å ha desse kursa og rettleie, fordi eg ser at det eg gir betyr noko. Eg ser at deltakarane er engasjerte og involverte og tar med det dei lærer til pasientane. Det er ei god tilbakemelding.

Sylvi Ramsli Fiskerstrand frå RVTS Vest og Åse Marit Jørgensen. (Foto)

Psykologspesialist Sylvi Ramsli Fiskerstrand frå RVTS Vest og Åse Marit Jørgensen frå Folgefonn DPS.

Skape samla forståing og god samhandling

– Gjennom å samle DPS og kommunehelsetenesta ønskjer vi å gi ei samlande fagleg forståing for pasientar utsatt for traume, forklarar ho vidare.

– Slik kan vi sikre at pasientar får meir lik behandling på tvers av avdeling og sektor. De siste ti åra har det nemleg komme mykje ny traumekunnskap.

At dei treng eit år på kursopplegget har si grunn.

– Mellom kursdagane er vi ute på arbeidsplassane. Når vi får rettleia deltakarane skapar vi betre forståing og gjer at dei relaterer betre til kursdagane. Og så får dei utvikle seg, bruke handlingskompetansen, og den praktiske kunnskapen og reiskap vi gir i møte med pasientar. Som for eksempel behandling i tre fasar for traume, ein metode alle her på kurset kan ha nytte av.

– Gir oss verkty i kvardagen

Karin Melkeraaen Eike, Gunnbjørg Rosseland og Arnhild Nesheim arbeider ved Odda helsestasjon. Etter kursdagar og rettleiing har dei no fleire nye verkty i arbeidskvardagen.

– Vi arbeider i skulehelsetenesta, seier Arnhild. – Der møter vi mange asylsøkjerar og flyktningar, og mange av desse har traumar. Det har vore veldig fint at vi har fått vere med på dette for no føler eg at vi kjenner til fleire behandlingsmetodar, veit korleis vi kan nærme oss problema betre og handtere situasjonar. Dessutan gir det oss tryggleik, fordi vi har større kunnskap om problemstillingane.

Medarbeidarar i Odda kommune. (Foto)

Kursopplegget har også gitt dei større innsikt i korleis dei ulike instansane arbeider.

– No veit eg meir om korleis dei andre jobbar, og det gjer det enklare å kontakte for eksempel DPSet. At det er tverrfagleg har også gitt meg forståing for korleis dei andre jobbar, seier Karin.

Særleg ei oppleving sitt igjen hos Arnhild.

– På den eine kursdagen fekk vi høyre ein samtale mellom ein pasient og ein behandlar. Det gav meg ein heilt annan forståing av ein slik situasjon. Eit høgdepunkt.

Seksjonsleiar ved Folgefonn DPS, Hege Lægreid Røssland overrekker blomster til Åse Marit Jørgensen. (Foto)

Seksjonsleiar ved Folgefonn DPS, Hege Lægreid Røssland overrekker blomster til Åse Marit Jørgensen etter vel gjennomført kursopplegg.

Primusmotor Åse Marit

At samlingane blei til, kan deltakarane i stor grad takke Åse Marit Jørgensen for. Ho er psykiatrisk sjukepleiar ved Folgefonn DPS.

– Eg syntes det var eit behov for kurs for oss som er sjukepleiarar og andre høgskuleutdanna på DPSet. Difor tok eg kontakt med RVTS.

For at dei skulle komme ville dei også ha med kommunane. Så difor inviterte Åse Marit også personell i kommunane Odda, Jondal, Kvinnherad og Ullensvang, alle fastlegar, helsestasjon, familievernkontor og barnevern, i tillegg til poliklinikken på DPSet og døgnpostar ved Valen sjukehus.

– Interessa var overveldande, seier ho med eit stort smil.

Saman med kollega Turid Hauge Wesenlund, fekk dei det heile på plass.

– Eg ville at vi skulle få fagleg oppdatering for alle, og det fikk vi til. Dette har også skapt kontakt mellom kommunale tenester og DPS, det er viktig for vidare samarbeid. Eg er veldig nøgd.