Det var i juni at administrerande direktør Olav Klausen opplyste om at han no ynskjer å fråtre stillinga etter 10 år. Styret i Helse Fonna har no starta prosessen med å rekruttere ny toppleiar.
– Tilsetjingsutvalet er godt i gang med prosessen. Tilsetjingsutvalet får bistand frå Habberstad i prosessen, opplyser styreleiar Petter Steen jr. (biletet).

Helse Fonna er med sine over 4.000 medarbeidarar ei av dei største verksemdene mellom Stavanger og Bergen. Helse Fonna gir spesialisterte helsetenester til over 180.000 innbyggjarar i Nord-Rogaland, Sunnhordland, Indre Hardanger og deler av Ryfylke.
Stillinga blir no lyst ut førebels i diverse mediekanalar. Full utlysing kjem seinare i september.
– Dette er ein av dei viktigaste, mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet, så eg håpar sjølvsagt at mange er interesserte, seier Petter Steen jr.
Er du interessert i stillinga? Fram til full utlysing kan du gå sjå førebels utlysing her, og gjere deg meir kjend med oss på www.helse-fonna.no.
Tilsetjingsutvalet består av Petter Steen jr., Brian Bjordal, Nina Budal og Anne Sissel Faugstad.