Rekordlåge ventetider i Helse Fonna

Styremøte 19. desember:

Helse Fonna har no rekordlåge ventetider innan både somatikk, vaksenpsykiatri og barne- og ungdomspsykiatri.

 

Det er fjortande månad på rad administrerande direktør Olav Klausen kan rapportere om låge ventetider til styret i Helse Fonna. Det nasjonale kravet er at pasientar ikkje skal vente på behandling i meir enn 65 dagar. I snitt ventar pasientar i Helse Fonna no bare 56 dagar. I vaksenpsykiatrien er ventetida under 45 dagar, og i barne- og ungdomspsykiatrien under 40 dagar. Administrerande direktør Olav Klausen trakk fram seksjonen øyre-nase-hals ved Haugesund sjukehus som eit eksempel på gode rutinar for tildeling av timar, som nyleg var omtala i Dagens Medisin.

 

Prisvinnande forsking

Forskingsaktiviteten i Helse Fonna aukar. I vår blei Merethe Røthing den første sjukepleiaren i Helse Fonna til å disputere for doktorgraden. Miriam Hartveit følgde like etter, med ei avhandling om kor viktig innhaldet i tilvisinga er for kvalitet og pasienttryggleik i psykisk helsevern. Hartveit presenterte forskinga si for styret, og fortalte korleis ho og forskingsmiljøet no jobbar vidare med resultata frå doktorgradsstudien:

– Vi har no starta ein intervensjonsstudie og forbetringsarbeid mellom fastlegar og sjukehusa for å betre informasjonsoverføringa, auke den felles forståinga for prosessen og skape gjensidig tillit og respekt, seier ho.


FORSKAR: Miram Hartveit. Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Hartveit blei i vår tildelt Helse Vests kvalitetspris for arbeidet sitt, og hennar kollega frå Valen sjukehus, Tone Henriksen, fekk i haust Helse Vest sin innovasjonspris for studier på blåblokkerande briller som behandling av bipolare i manisk fase.

Helse Fonna har i år lansert ein ny strategi for forsking og innovasjon, som du kan lese her: https://helse-fonna.no/avdelinger/forsking-og-innovasjon. Fonna-TV har ein eigen serie om forsking, sjå alle filmane her: http://htv.no/fonna-tv-serie/forsking/

Omfattande oppussing

Helse Fonna har i år fått rundt 33 millionar kroner i sysselsettingsmidlar frå Staten. Til no er i overkant 20 tatt i bruk til omfattande oppussing, renovering og utbetring i heile Helse Fonna. Heile Stord sjukehus er no pakka inn i stillas og presenningar, når heile den verna betongfasaden skal renoverast og vindauga byttast ut.

– Det er krevjande for både medarbeidarar og pasientar med så omfattande arbeid i eit sjukehus i full drift, seier administrerande direktør Olav Klausen. – Utbetringane er viktige for god og sikker drift, og skal etter planen vere ferdig tidleg i 2017. 

Også ved Haugesund sjukehus pågår omfattande arbeid, særleg ved kjøkkenet. Her skal heile kjøkkenet byttast ut, samtidig som pasientar og pårørande framleis skal forsynast.

– For å løyse utfordringa blir halve kjøkkenet bytta om gangen, slik at ein kan ha produksjon i den andre halvdelen. Dette er sjølvsagt ei påkjenning for medarbeidarane, som no gjer ein imponerande innsats, seier Klausen. Arbeidet som skal vere ferdig rett over nyttår. 

Helse Fonna har ein stor og for det meste eldre bygningsmasse og søkjer no om nye statlege sysselsettingsmidlar. 

– Tiltaka vi har søkt om midlar til vil alle ha høg sysselsettingseffekt og vil gjere det mogleg å sette  i gang med nødvendig vedlikehald, seier Olav Klausen.

 

Betre enn budsjettert i november

Administrerande direktør kunne vise til noko betre resultat i november enn budsjettert.

– Resultatet for perioden syner eit overskot på rundt 3,7 millionar mot eit budsjettert overskot på 3, 3 millionar, seier Klausen. Den justerte prognosen viser at Helse Fonna ligg rundt 10 millionar under resultatkravet frå eigaren Helse Vest på 40 millionar kroner.

 

Helse Vest støttar tilrådingane i rapporten om Stord sjukehus

Det regionale helseføretaket behandla i styremøtet 7. desember rapporten frå prosjektet «Stord sjukehus i lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan». Styret i Helse Vest sluttar seg til tilrådingane i rapporten og ber Helse Fonna om å realisere dei. Tilrådingane gjeld mellom anna samhandling og kultur, leiing, bemanning og kompetanse, forsking og kvalitet og IKT, og at Stord sjukehus skal oppretthalde dagens akuttfunksjonar. Ei tilsvarande utgreiing for Odda sjukehus skal vere sluttført i løpet av desember 2016. Etter at rapporten har vore på høyring, vil han bli styrebehandla i Helse Fonna og Helse Vest på same måte som rapporten for Stord sjukehus. Når tilrådingane frå begge prosjekta er klare, vil Helse Fonna etablere eit prosjekt med mandat om å følgje de opp.

– Dette er eit viktig arbeid for å sikre god utvikling av det samla tenestetilbodet i Helse Fonna, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

 

Helse Fonna får positiv omtale av Riksrevisjonen

Riksrevisjonen har hatt utvida kontroll med korleis helseføretaka handterer uønskte hendingar. I rapporten er Helse Fonna trekt fram fordi det er eitt av bare to helseføretak i landet som rapporterer på omfanget av nestenulukker til eige styre. Helse Fonna er også eitt av helseføretaka som rapporterer mest statistikk og opplysningar om uønskte hendingar til styret.

Internrevisjonen i Helse Vest RHF har også gjennomført revisjon med uønskte hendingar som tema, og rapporten blei sluttført i februar 2016. Riksrevisjonen gir Helse Fonna ytterlegare positiv omtale  for måten rapporten til internrevisjonen er handtert på. Der dei andre styra har tatt saka til orientering, har styret i Helse Fonna også gjort vedtak om at administrerande direktør skal følgje tilrådingane i revisjonsrapporten i tillegg til å rapportere til styret på status for handlingsplanen.

– Styret skal følgje opp kvaliteten i tenesta, og må derfor vere involvert i arbeidet med å førebygge og lære av uønskte hendingar, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Styret fekk også lagt fram leiinga si gjennomgang av internkontroll i Helse Fonna, der mellom anna meldekultur er tema. Av saka kjem det fram korleis leiinga i Helse Fonna jobbar med å styrke meldekulturen i føretaket, både når det gjeld HMS-avvik og uønskte hendingar i pasientbehandlinga.

Nye medlemer i Brukarutvalet

Brukarutvalet i Helse Fonna er eit rådgivande organ for styret og leiingai saker som angår tilbodet til pasientar og pårørande. Det er no oppnemnt nye medlemer for toårsperioden som startar 1. januar 2017. Styret takka i møtet av sittande leiar av Brukarutvalet, Jostein Havnerås, som har gjort ein solid innsats i sin periode.

– Vi kjem til å sakne deg og takkar for godt arbeid, sa styreleiar Kjell Arvid Svendsen. 


LEIAR: Jostein Havnerås går av som leiar av Brukarutvalet.

Oversikt over representantar i Brukarutvalet frå 1. januar 2017: 

ParaplyorganisasjonOrganisasjonNamn
FFO HordalandAstma- og allergiforeningenLaila Stensletten
FFO HordalandOdda revmatikarlagTurid Tomasgaard (NY)
FFO RogalandHørselshemmedes landsforbundBerit Askvold Eriksen (NY)
FFO RogalandMental HelseEinar Skibevaag (NY)
SAFO SørvestNorges Handikapforbund SørvestKjell Inge Bringedal
SAFO SørvestNorsk forbund for utviklingshemmede HordalandHilde Land Eikeland (NY)
KreftforeningenBrystkreftforeningenJanne-Elin K. Thronsen (NY)
Hordaland fylkeseldreråd Synnøve Solbakken (NY)
Rusmisbrukernes interesseorganisasjon Janniche Kristengård
VARAREPRESENTANTAR
FFO HordalandLandsforeningen for hjerte- og lungesykeSteinar Kroka (NY)
FFO RogalandNorges blindeforbundSolfrid Eggen (NY)
SAFO SørvestNorsk forbund for utviklingshemmede Rogaland Alf Anvedsen (NY)
KreftforeningenBrystkreftforeningenHeidi Larsen Wåge (NY)
Rogaland fylkeseldreråd Astrid Rørvig (NY)