Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Radiografane kjem

Ho kallar seg «skjelettidiot» og elskar ny kunnskap. No blir Tonje Apalen-Velde ein av få norske radiografar som kan beskrive bilder.

Stina Steingildra
Publisert 20.12.2016
Sist oppdatert 01.03.2024

– Eg kom heim frå eksamen i England på fredag og har ny eksamen i januar, seier Tonje og smiler som om ho snakkar om juleferie. Men er det noko ho får lite av i år, så er det ferie.

Då ho fekk klarsignal frå leiinga om at ho kunne ta vidareutdanninga som beskrivande radiograf, var ho ikkje i tvil om at det var til England ho skulle. Til 18 månadar med beinhard jobbing, kontinuerlege eksamenar og språkutfordringar i møte med både skottar og irar.

– Eg valde England fordi dei har hatt tilbod om denne vidareutdanninga i 30 år, medan Norge ikkje har hatt tilsvarande før no i haust, seier Tonje.

Det er nemleg fleire tiår sidan britane hadde diskusjonen som no går friskt i det radiologiske fagmiljøet i Norge: Skal radiografar bare ta bilda, eller kan dei også delta i diagnostiseringa av pasienten?

En kvinne som sitter ved et skrivebord med en datamaskin

"SKJELETTIDIOT": Radiograf Tonje Apalen-Velde har eit sterkt fagleg engasjement og vidareutdannar seg no til å kunne beskrive bilder. Foto: Stina Steingildra

– Inspirerande og fornyande

Då styret i Norsk radiologisk forening i mars gjekk ut og oppmoda sine medlemer om å ikkje stille som mentor for radiografar som tar denne vidareutdanninga, var det bare månadar før det første norske vidareutdanningstilbodet skulle starte opp.

– Dette punkterte basisen for den nye utdanninga, seier seksjonsleiar og radiolog Harald Nes. Sjølv hadde han då allereie gitt tilsegn om vidareutdanning til to av sine radiografar, og radiolog Vidar Kloster hadde sagt ja til å vere rettleiar gjennom studiet. Dei er begge positive til utviklinga.

– Formålet er at dei beskrivande radiografane skal bidra i produksjonen og få unna arbeid, seier Nes.

– Men beskrivande radiografar bidrar også til å heve kvalitetsnivået generelt. Når radiografar beskriver bilda, fører det også til at dei tar betre bilder. Så det å ha beskrivande radiograf i drifta vil vere både inspirerande og fornyande. Vi tar på alvor ei viktig faggruppe som ofte kjem i andre rekke, seier seksjonsleiaren.

– Aukar kvaliteten

Vidar Kloster ser allereie auka interesse for kvaliteten på bilda blant radiografane, og gler seg over spørsmål som «Er dette eit godt sidebilde?».

– Engasjementet blant radiografane er til å ta og føle på, seier Kloster. – Så dette handlar faktisk om kvalitet og pasienttryggleik; Betre bilder gir betre behandling.

Seksjonsleiar Harald Nes er nyleg valt inn i styret i Norsk radiologisk forening, der han håpar å kunne bidra med ei meir diplomatisk tilnærming.

– I staden for å bruke krefter på å motarbeide ei faggruppe, bør vi trekke radiografane med oss.

Sjølv har han ikkje konkrete planar om å sende fleire radiografar på vidareutdanning, men vil sjå an erfaringane når dei to første er ferdige.

– Det er viktig å ta eitt skritt av gangen, seier han.

Ingen konkurranse

Tonje Apalen-Velde rosar leiinga for å vere opne for nytenking. Sjølv har ho eit avklart forhold til yrkeskonflikten.

– Eg trur nøkkelen er å vere audmjuk. No fordjupar eg meg i eitt enkelt område, muskel og skjelett, og lærer korleis eg skal tolke og beskrive dei bilda. Det gjer på ingen måte at eg kan «konkurrere» med radiologar som har ein heilt annan medisinsk bakgrunn og dekkjer eit mykje større felt.

Kvar åttande veke reiser ho til England. Der ventar både skriftleg og munnleg eksamen, ikkje bare i stoffet dei har vore gjennom sidan sist, men også det samla pensumet sidan oppstarten.

– Det er høge krav til oss som studentar. Du må ha 95 % score på kvar test for å få lov til å fortsette. Midt under ein skriftleg eksamen kan eg bli henta ut for å beskrive fem casar, sette diagnose og eventuelle differensialdiagnosar og anbefale korleis pasienten bør følgjast opp vidare. Det er skittøft, men det gjer meg òg trygg på at eg blir godt skikka til desse oppgåvene når eg er ferdig.

Ein som ser kor hardt ho jobbar, er kollega og rettleiar Vidar Kloster.
– Eg sa ja utan å blunke då eg fekk spørsmål om å vere rettleiar. Tonje har ein genuin interesse for faget, eit enormt pågangsmot og eigenskapar som gjer at ho treng utfordringar. Eg ser på Tonje som ein likestilt kollega og eg veit at ho vil gjere ein utmerkt jobb.

Tonje er ferdig med utdanninga til sommaren, men først ventar meir pugging og fleire eksamenar. Break a leg!