Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stord sjukehus:

Opererer prostatapasientar på løpande band

Før opererte dei 1-2 prostatapasientar til dagen. No utfører Fredrik Gaustad og hans team fire operasjonar på ein dag, og ventelista har blitt redusert frå to år til 3-4 månader.

Magne Kydland
Publisert 12.06.2024
En gruppe mennesker i kirurgiske scrubs som står ved siden av en pasient
God planlegging og godt teamarbeid må til for at ein skal klare fire operasjonar til dagen. Frå venstre funksjonsleiar Gunvor Bye på operasjonsavdelinga Stord sjukehus, kirurg/urolog Fredrik Gaustad, anestesisjukepleiar Maiken Haldorsen og operasjonssjukepleiar fagutvikling, Anne Louise Remø Tveiten. Foto: Magne Kydland

– Utan det gode samarbeidet mellom ulike avdelingar og yrkesgrupper hadde dette aldri gått, seier klinikkoverlege og avdelingsleiar Fredrik Gaustad, og ramsar opp alle som er involverte – frå innkalling og planlegging, til anestesilegar og -sjukepleiarar, teamet på operasjonsavdelinga, inkludert dei som reingjer operasjonsstova mellom kvar operasjon, til postoperativ avdeling og kirurgisk sengepost, der pasientane hamnar etter operasjonen.

Vi er på operasjonsavdelinga på Stord sjukehus, der dei no får unna prostataoperasjonane, eller såkalla TUR-P (transuretral reseksjon av prostata ) i rekordfart. Pasientane kjem frå heile Helse Fonna-regionen, og ventelista blir redusert for kvar veke som går.

– Før pandemien var ventetida 1-1,5 år. Etter pandemien var det over to år. Vi starta prosjektet her på Stord sjukehus i september i fjor, og no er det berre 3-4 månaders ventetid, fortel Gaustad.

 

«Fast-track»

Tidlegare var det Privatsjukehuset i Haugesund som utførte størsteparten av slike operasjonar med avtale med Helse Vest. Så gjorde Helse Vest eit utgreiingsarbeid, og fann ut at kapasiteten på denne type operasjonar på Stord sjukehus burde aukast, frå 1-2 om dagen, til 4, slik dei gjer på dei beste sjukehusa i landet, blant anna Haraldsplass. Dermed starta planlegginga og i september i fjor var ein i gang. Tal etter fire månader viste at målet var nådd: Dei hadde operert fire pasientar kvar dag, utan komplikasjonar.

– Ja, det har vore ein suksess. Vi har laga ein god flyt, såkalla «fast track», der første pasienten er klar til operasjon klokka 08. Neste pasient blir klargjort når det går mot slutten av den første operasjonen, slik at nummer to blir trilla inn rett etter at første pasient er ferdig. Så er vi klar for nytt inngrep når operasjonsstova er reingjort. Denne auken har vi klart med god planlegging og samarbeid, og utan at vi har tilsett fleire medarbeidarar, og utan overtid, fortel Gaustad.

En mann iført blå skjorte og et grønt pannebånd
– Vi har fått ein stor auke i aktiviteten, utan at kostnadene har auka. Og pasientane slepp å vente så lenge som tidlegare, fortel klinikkoverlege og avdelingsleiar Fredrik Gaustad. Foto: Magne Kydland

Urologane frå Haugesund har operasjon på Stord eine dagen, og poliklinikk og oppfølging av pasientane neste dag. Som regel er det Gaustad som gjer dette. Det er praktisk, fordi han sjølv bur på Stord. Og kan ikkje han ei veke, så stiller andre urologar frå urologisk avdeling i Haugesund opp.

 

Svært godt nøgde

Tidlegare vart slike operasjonar også utført i Haugesund, men no blir alle prostatapasientane sende til Stord sjukehus. Det er ein vinn-vinn-situasjon, som gjer at dei får frigjort kapasitet til andre typar kirurgi i Haugesund. Og viktigast av alt: Dette kjem pasientane til gode.

Fagdirektør Andreas Andreassen i Helse Fonna er svært nøgd med resultatet.

– Dette viser at også offentlege sjukehus kan vere svært effektive, noko vi stadig blir skulda for at vi ikkje er. Her har vi gjennom å nytte ressursane våre på rett måte, auka kapasiteten for denne type operasjonar. Dette er til glede for pasientar som tidlegare venta lenge med plagsame symptom. Eg vil gi stor ros til alle som har bidratt med å få dette til. Vi har no også lært korleis vi kan arbeide vidare med å få til liknande for andre pasientgrupper, seier Andreassen.

Klinikkdirektør for kirurgisk klinikk i Haugesund, Kjersti Tollaksen, og klinikkdirektør Anne-Beth Njærheim Somatikk Stord er også fulle av lovord.

– Dette er eit døme på korleis vi kan samarbeide på tvers for at fleire pasientar kan få behandling. Godt teamwork i praksis, seier Njærheim.

– Det er stort fokus i helsevesenet på å redusere ventelister og ventetid. Dette er eit flott døme på korleis det er mogeleg å få det til. Å redusere ventetida frå over to år til berre nokre månader står det stor respekt av. Eg er veldig nøgd over kva Fredrik og alle dei involverte har fått til når det gjeld denne pasientgruppa, seier Tollaksen.

 

Ros frå Helse Vest

Fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF heng seg også med i all rosen av det vellukka prosjektet.

– Helse Vest er svært glad for at Helse Fonna har kunna auke sin kapasitet og sjølv dekke behovet for TUR-P-operasjonar for innbyggjarane i Fonna-området. Dette er gjort gjennom god planlegging og iverksetjing av gode pasientforløp og er eit døme som ein kan bruke også for mange vanlege kirurgiske inngrep, seier Vikse.

 

Fakta: TUR-P er ein kirurgisk behandlingsform som blir brukt for å behandle forstørra prostata. Forstørra prostata kan gje vannlatingsproblem. Ved å føre eit instrument inn i urinrøyret og høvle vekk delar av prostata frå innsida, så vil vannlatinga bli betre.