HELSENORGE

Populært trainee-program

Helse Fonna tek inn fleire trainee-sjukepleiarar for kvart år. Her er sju av våre nye. 

Traineesjukepleiarordninga ved Helse Fonna har vore ei populær ordning med mange søkjarar, mellom anna grunna høve for fast 100% stilling i føretaket.  

Her får dei nyutdanna sjukepleiarane fast stilling frå første dag, og i løpet av to år skal dei innom tre ulike avdelingar. 

Nyleg var det oppstart for 11 nye trainee-sjukepleiarar, 9 i Haugesund og 2 på Stord. 

–​ Helse Fonna har hatt traineeordning sidan 2014, og har tilsett 3-5 traineear kvart år. Dei siste åra har vi utvida ordninga noko, slik at vi i år har teke imot 11. Vi prøver å fordele traineeane slik at dei får vera innom både medisinsk, kirurgisk og psykiatrisk praksis, opplyser rådgjevar i Utdanning og kompetanseavdelinga i HR, Ingrid Hovden Stava. 
 

 trainee.jpeg
Populært: Her er sju av våre 11 nye traineear, som nyleg starta på sine første to år i Helse Fonna. Frå venstre Emilie Figved Åsen, Natalie Sjursen, Cecelie Sætre, Marte Steinsvik Kolstø ​, Tina Le, Signe Malin Damm og Katrine Bendiksen. Foto: Magne Kydland