Det er lovpålagt å ha ø-hjelpstilbod i kommunane. Brukarundersøkinga viser seg at pasientane både i Haugesund, Karmøy, Tysvær, Kvinnherad og Suldal set pris på tilbodet. Dei opplev at det blir gitt god behandling ute i kommunane for ulike diagnosar. Måler er mellom anna å sleppe sjukehusinnlegging i dei tilfella kor dette ikkje er heilt nødvendig.
Hovudtyngda av pasientane seier dei har hatt godt utbytte av behandlinga i dei kommunale ø-hjelpssengene. Dei føler seg trygge og har tillit til legane og sjukepleiarane sin kompetanse. Totalt 107 pasientar deltok i undersøkinga.
Undersøkinga blei avslutta i fjor. Svara på kva brukarane seier om tilbodet er opplyftande. Pasientane opplevde i det store at det blir gjort ein god jobb knytt til det kommunale helsetilbodet:
73 % har hatt stort utbytte av opphaldet i «stor til svært stor grad»
96 % opplevde seg trygge under opphaldet i «stor til svært stor grad»
94 % opplevde at dei vart tatt godt vare på
91 % opplevde at dei vart høyrt i «stor til svært stor grad».
94 % opplevde at dei fekk tilfredstillande hjelp/behandling i «stor til svært stor grad».
90-93 % opplevde «stor til svært stor grad» av tillit til legane og sjukepleiarane sin kompetanse
85 % opplevde å få behandling tilpassa sin situasjon i «stor til svært stor grad».
82 % opplevde å få tilstrekkelig informasjon i «stor til svært stor grad».
82 % opplevde tilbodet som «godt til svært godt» organisert
84 % opplevde det kommunale utstyret til å vere i «god til svært god» stand.
75% meinte at dei ikkje på nokon måte vart feilbehandla
Det er Samhandlingsutvalet i Helse Fonna-regionen og FOUSAM (eining for forsking og utvikling innan samhandling) som har utvikla, gjennomført og samkjørt data i undersøkinga. Undersøkinga skal gjennomførast som ein kontinuerlig del av drifta og er forankra i samarbeidsavtalane mellom føretak og kommunar. Sikker lagring av data og elektronisk oppsett vart ivaretatt av Fagsenter for pasientrelaterte data ved Haukeland universitetssykehus.
Kven er brukarane?
44 % menn og 56 % kvinner
56 % er over 80 år
29 % er mellom 61 og 80 år
72 % svarer at dei har frå «nokså god til utmerka helse»