– Det er alltid kjekt å opne ein flott ambulansestasjon. Vi har ei bra ambulanseteneste her med eit godt mannskap. Eg syns de gjer flott jobb.
Administrerande direktør Olav Klausen og leiar Nelly Karin Særsten Oma.
– Fantastisk bra
Dei første tankane om det nye bygget blei gjort for over ti år sidan – kva med å samle legevakt og ambulansetenesta i Vindafjord under same tak? Sjølve arbeidet starta i 2011 og i mai var det klart og teke i bruk av legevakt, legekontor og ambulansetenesta i Helse Fonna.
– Det har vore ein lang prosess, men resultatet er fantastisk bra, seier klinikkdirektør for medisinsk service og beredskap, Sverre Kolbeinsen Lien.
– Eg er stolt over kva vi har fått til og deltakinga under prosessen. Den nye stasjonen støtter opp under ambulansefaget.

Ambulansestasjonen er no samlokalisert med blant anna legevakt i Vindafjord.
Mange år med venting
Nelly Karin Særsten Oma er leiar for ambulansetenesta i Vindafjord. Opninga av den nye stasjonen ho og kollegaene skal nytte, har dei venta på.
– Dei siste fire og eit halvt åra har vi vore i midlertidige lokale. Nokre småting treng vi å få på plass enno, men eg er nøgd. Dette blir bra.
Og nye naboar er ein god ting.
– No kan vi ha eit betre og tettare samarbeid med legevakta. Vegen er kortare om det er noko.

Feiring av ny stasjon.
Vindafjord ambulansestasjon
- Har to døgnambulansar og ein beredskapsbil
- Har 2100 oppdrag i året, det vil seie omtrent 5 i døgnet
- Dekkjer eit stort område med Suldal, Sauda, Odda og Haugesund som ytterpunkt