Administrerande direktør Olav Klausen vil ha ein gjennomgang av tilrådingane som ligg føre.
Rapporten skal behandlast i styremøte i Helse Fonna den 7. mars og skal seinare behandlast i styret i Helse Vest.
- På det opne møtet ynskjer vi å fortelje kort kva som ligg i rapporten og deretter lytte til innspel frå innbyggarane i Hardanger, seier kommunikasjonssjef Margareth H. Langebro.
Administrerande direktør Olav Klausen vil den 28. februar gi si tilråding i saka til styret.
Helse Fonna håpar på godt oppmøte og gode innspel i det opne møtet. Odda kommune legg til rette for at møtet blir sendt i bilete via internett. Dersom media vil vere til stades er dei sjølvsagt velkomne til det.
- Vi ynskjer først å fremst å lytte i dette møtet, seier Langebro.
Dersom innbuarane vil dele eigne opplevingar på møtet er det rom for det, men desse vil ikkje bli svara ut eller kommentert.
- Vi diskuterer eller kommenterer ikkje enkelte pasientsaker i opne møte, i media eller på sosiale media. Dette gjeld i alle samanhengar i føretaket, seier Langebro.