Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ombygginga er ferdig

Fredag 4. november inviterer medarbeidarane på nyføddintensiv til open dag i sine nye lokale.

Publisert 26.10.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Ombygginga på Haugesund sjukehus er inne i sin aller siste fase, og i løpet av veke 45 er alle lokala tekne i drift.

4. november frå klokka 13 til 17 inviterer nyføddintensivavdelinga til «open dag» på ny avdeling før dei flyttar og tek imot nye pasientar over helga.

nyføddintensiv1.jpg

Spent gjengDei kan nesten ikkje vente til å få ta i bruk dei nye, flotte lokala sør i 3. etasje, og håpar flest mogeleg tek turen innom fredag 4. november. Frå venstre Irene Ask, Mette Erdal, Elisabeth Hanesand og Anne-Berit Sundal.


​ Eg veit at det er mange som vil komme og sjå. Alle er hjarteleg velkomne innom oss fredag 4. november frå klokka 13 og utover. Invitasjonen gjeld både dei som jobbar her, men også tidlegare pasientar og folk som har jobba her før, seier funksjonsleiar Mette Erdal.  Ho fortel at det er vanskeleg å ta imot besøk når pasientane har teke i bruk lokala, og at det difor må gjerast siste dag før innflytting.

Medarbeidarane på avdelinga kan nesten ikkje venta med å komme inn i nye lokale.

​ ​Vi har levd trongt lenge, og no får vi skikkelege møterom, pauserom og eige medisinrom. Og ikkje minst betre fasilitetar for pasientar og pårørande, med fleire nye  kuvøse- og familierom, fortel dei tilsette på avdelinga.

I tillegg til «open dag» spanderer ByggHaugesund2020 kake på medarbeidarane og pårørande på nyføddintensivavdelinga som takk for godt samarbeid i planlegging og bygging av ny avdeling måndag 7. november klokka 13.

Også dei to røntgenlaboratoria er snart ferdige og klar til bruk. Her vil det bli invitert til kake og opning om kort tid.

støyva.jpg

Kuvøse: Prosjektleiar Vidar Støyva i byggorganisasjonen viser fram eitt av fleire kuvøserom.

nyføddintensiv3.jpg

Familierom: Det er mange flotte familierom på den nye avdelinga.

intervensjonslab.jpg

Intervensjonslab: Her har det alt vore drift i samband med opplæring nokre veker.

nuklærlab.jpg

Snart ferdig: Nuklær-laben er snart klar til bruk.

nyføddintensiv2.jpg