Økonomiske utfordringar i Helse Fonna

I løpet av sommarmånadane er det i Helse Fonna brukt omlag 40 millionar kroner meir på helse enn det som er budsjettert. Mindre inntekter for sjukehusbehandlinga, meir overtid og dyre legemiddel er noko av årsaken til budsjettsprekken. Nå er det sett i verk sparetiltak.

Margareth H. Langebro
Publisert 29.09.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

– Dei siste fire åra har Helse Fonna drive sjukehusa i tråd med budsjett, ventetida er redusert og det er behandla stadig fleire pasientar. Kvart år er det sett av pengar slik at det er høve til å investere i både bygg og utstyr på alle sjukehusa. I sommar er diverre den økonomiske situasjonen endra, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Skjermar pasientbehandlinga

Styret i Helse Fonna fekk i dag ein grundig gjennomgang av den økonomiske situasjonen. Dei er tidlegare blitt varsla om meirforbruket og at resultatprognosen for 2017 er justert ned med ti millionar kroner. Målet var 40 millionar kroner i pluss, nå blir det arbeidd for å klare 30 millionar. Reduksjon av overskotet vil redusere investeringsevna neste år, mellom anna vil det bli handla inn ein ambulanse mindre og vedlikehald på bygningar vil bli redusert.

– Sparetiltaka skal ikkje ramme pasientbehandlinga, slår styreleiaren fast. Ein av grunnane til det økonomiske meirforbruket er økte kostnader på omlag ti millionar kroner til medisinar. Dette er livsviktige og nye medisinar til alvorleg sjuke pasientar, seier Svendsen. Dei nye medisinane er ikkje blitt tilstrekkeleg kompensert av staten. I alt har sjukehusa i Helse Fonna fått nye og pålagte oppgåver med ein pris på omlag 30 millionar som ikkje er finansiert.

Færre innlagt i sjukehus

Hittil i år har det vore færre pasientar innlagt i sjukehus enn tidlegare år, medan fleire har fått behandling i poliklinikk. Det er ei ønska utvikling at pasientar får behandling i poliklinikk i staden for som inneliggjande i sjukehus. Inntektene er derimot vesentleg lågare for poliklinisk behandling slik at inntektene i føretaket i sommar totalt sett er ti millionar lågare enn budsjettert.

I sommar har talet på fristbrot auka, i alt har 112 pasientar fått behandling etter at fristen er gått ut. Det var i sommar to prosent av sengedøgna på korridor, dette er ein nedgang i talet på korridorpasientar.

Forsking

Helse Fonna har dei fem siste åra hatt ei kraftig auke i forskingsproduksjon. I fjor disputerte to medarbeidarar for doktorgrad ved Universitetet i Bergen, dette var dei to første sjukepleiarane som har disputert i Helse Fonna. I år er fire doktorgradsprosjekt under fullføring.

– Det er imponerande å sjå den formidable auken innan forsking. Det er viktig at vi som helseføretak bidrar til å auke kunnskapen innan viktige område, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Han viser til at forsking er ei lovpålagt oppgåve, men kor det å få høve til delta i å utvikle ny kunnskap også er rekrutterande i forhold til dyktige fagfolk. I fjor blei det publisert 56 vitskaplege publikasjonar i Helse Fonna, hittil i 2017 er det publisert 55 publikasjonar.

Professor Bjørn Egil Vikse er til dagleg nyrelege ved Haugesund sjukehus. I dag presenterte han sitt forskingsprosjekt som omhandlar spørsmålet om risiko for nyresjukdom er bestemt før du er fødd. Dette forskingsprosjektet er finansiert av Helse Fonna og Helse Vest. Forskinga viser så langt at dei som er fødd med låg fødselsvekt, under 2,5 kg, har høgare risiko for å få nyresjukedom seinare i livet. Dette skuldast at funksjonelle einingar i nyrene først blir utvikla frå uke 37 i svangerskapet.

I forskingsprosjektet som Vikse leiar er det tilsett to stipendiatar. Internasjonalt har forskinga stor verdi og den utnytter unike moglegheiter i eksisterande norske helseregistre. Det er venta at det blir avlagt minst to doktorgrader innan dette område.

ByggHaugesund2020

Styret i Helse Fonna ga i dag klarsignal til å sende søknad til Haugesund kommune om å rive bygg som føretaket eig. Desse bygga er lokalisert tett ved eksisterande sjukehus i Haugesund og må rivast for å skape plass til nytt sjukehusbygg. Det skal byggast ut 18000 kvadratmeter nytt sjukehuslokale mot Smedasundet, arbeidet med riving startar i januar 2018. Det betyr mellom anna at gamle legebustadar mot vest og huset kor eining for behandlingshjelpemidlar er lokalisert må rivast. Dagens barnehagebygg må rivast og tilbodet vil bli flytta. Også eit mindre parkeringshus som i dag er reservert for medarbeidarane i føretaket skal rivast. Parkering for pasientar og pårørande blir ikkje ramma av dette.

Også eit hus nær ved hovudinngangen til Haugesund sjukehus skal rivast, dette vil føre til betre tilkomst for pasientar og pårørande og vil vere eit framtidig busstopp for Helseekspressen. Ein mindre del av eksisterande bygg for psykisk helsevern vil også bli rive og pasientane får eit nytt tilbod.

Vedlikehald og investeringar

Hittil i år er det nytta meir enn ti millionar kroner i sysselsettingsmidlar til omfattande vedlikehald på dei ulike sjukehusa, dette er i tillegg til ordinær investeringsramme. Det er utført vedlikehald med nye tak på deler av både Stord og Haugesund sjukehus. Det er skifta vinduer på hovudbygget på Stord sjukehus og ved sjukehuset i Odda. Stord har fått ny mur på fasaden og bassenget er rehabilitert. Det er vidare installert trådlaust nettverk på Valen sjukehus og på sjukehuset i Odda. På Valen er det i tillegg installert nye varmesentralar. Det er planlagt og sett i verk brannsikringstiltak på Stord og i Odda. Det er mellom anna levert og sett i drift tre nye ambulansar. Ved Haugesund sjukehus er nytt kjøkken ferdigstilla.

Utviklingsplan

Styret i Helse Fonna vedtok i dag mandat og organisering av prosjektet for utarbeiding av utviklingsplan i Helse Fonna. Som ein del av Nasjonal helse- og sjukehusplan skal alle helseføretaka utarbeide utviklingsplanar i tråd med ein overordna rettleiar. Målsettinga er å legge til rette for god og framtidsretta pasientbehandling og god bruk av ressursar for å skape pasientens helseteneste.

– Dette er eit viktig arbeid som Helse Fonna allereie godt i gang med, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen. Arbeidet som tidlegare har gått føre seg i prosjekta ved Odda og Stord sjukehus i lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan er eit naturleg grunnlag for den nye utviklingsplanen. Det same gjeld utviklingsarbeidet som er gjort i ByggHaugesund2020. Det vil bli starta eit eige prosjekt for leiing og organisering som følgje av utviklingsplanen. Utviklingsplanen vil gjelda for perioden 2018-2021, og skal styrebehandlast innan sommaren neste år.