Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyttig verkty for klinisk kommunikasjon

«Eg ønsker å være sikker på at eg har vore tydeleg. Kan du med eigne ord gjenfortelle det eg har fortalt deg nå?». Slik er teach-back metoden. Behandlaren spør pasienten om å gjenfortelle.

Margareth H. Langebro og Stina T. Steingildra (foto)
Publisert 30.03.2017
Sist oppdatert 01.03.2024

Sjukepleiarar fra hjarteavdelinga. (Foto)

Metoden er enkel og så spennande at den nå er løfta som nasjonalt verkty i Pasienttryggleiksprogrammet.

Pilotprosjekt

Medarbeidarane ved både hjarteeininga og gastro/nefro ved Haugesund sjukehus har delteke i eit fag- og kommunikasjonsprosjekt kor pasienten skal gjenfortelle det som er viktig i løpet av utskrivingssamtalen. Det har stilt krav til både behandlar og pasient. Behandlarane må i auka grad spisse bodskapet, vere tydeleg og særs bevisst på kva som er viktig for pasienten å vite før dei reiser heim. For mykje informasjon i utskrivingssamtale kan opplevast som støy for pasienten.

-Det blei sett i verk eit pilotprosjekt i to einingar i Haugesund som ein del av eit såkornprosjekt, seier fagdirektør Haldis Ø. Lier. Tidlegare har ho gått i pasientens fotspor for å sjå og høyre korleis ein kommuniserer med pasientane utskrivingsdagen. Det resulterte i eit nytt prosjekt saman med kommunikasjonseininga som altså baserer seg på teach-back metoden. Prosjektleiar er Hans Williksen Haug som er funksjonsleiar ved gastro/nefro.

Teach back undervising. (Foto)

Opplæring

Det har vore undervisning om kommunikasjon og funn i prosjektet «i pasientens fotspor» for alle medarbeidarane i dei to einingane. Vidare har det vore gjennomført fleire rollespel for å øve inn metoden. Hjarteeininga la i fjor inn kommunikasjon som tema på fagdagar i år og var derfor ivrig etter å kome i gang.

-Dette er eit spennande prosjekt som vi har tru på vil styrke kommunikasjon med pasientane, seier seksjonsleiar Inger Magnusson Hauge. Ho er stolt over iveren den enkelte legg til grunn for læringa. Alle medarbeidarane har delteke og det har vore gode tilbakemeldingar. Praksisen viser at metoden er enkel, men likevel vanskeleg. Trykk på filmen under for å sjå korleis dette fungerar med interne skodespelarar i hovudrollene.

 

-Vi kan tru at pasientane forstår i og med at dei nikkar til det som blir sagt, men når dei skal gjenfortelle viser det seg at det er lett å misforstå både medisinbruk, symptom når pasienten er heime og vidare behandling, seier Hauge. Ho får støtte av prosjektleiar Hans W. Haug. Sistnemnde har brukt mykje tid i begge einingane for å gjennomføre prosjektet. I tillegg har den erfarne psykiateren og kommunikatøren Anne Kristine Bergem arbeidd i einingane i fleie dagar for å delta i utskrivingssamtalane og motivere for bruk av teach-back.

-Kommunikasjon i møte med pasient er eit viktig område å utvikle og kvalitetssikre, kommenterer Magnusson Hauge. Dei skal arbeide vidare med implementering av metoden. Det er gjort undersøkingar blant pasientane før prosjektet starta og det vil bli gjort nye undersøkingar etter at prosjektet er avslutta for å finne ut om det er endring i pasienterfaringane som fylgje av bruk av metoden. Studie i USA viser at god bruk av teach-back i pasientbehandling har redusert talet på re-innleggingar. God kommunikasjon kan styrkje pasienten si eigenmestring etter at dei er komen heim frå sjukehuset.

Teach back skal hjelpe til å unngå misforståing mellom behandlar og pasient. (Foto)

Pasientane gløymer

Teach back-teknikken kan forhindre farlege misforståingar og styrke pasienten i forhold til å medvirke i eigen behandling. Forsking viser at pasientane gløymer mykje av det som behandlaren har fortalt i utskrivingssamtale. Fleire studie viser at pasientame gløymer så mykje som mellom 40 og 80 prosent av informasjonen de får frå helsepersonell. Nesten halvparten av det dei hugsar er feil, og mange opplev det som vanskeleg å forstå informasjonen dei får. Forsking viser at helsepersonell ofte gløymer å sjekke pasienten si forståing i diskusjonar om avgjersle.

Prosjektleiar Hans Williksen Haug, psykiater Anne Kristine Bergem og fagdirektør Haldis Ø. Lier. (Foto)

Tryggleik

Det nasjonale Pasienttryggleiksprogrammet har delteke i undervisning og rollespel ved hjarteininga i Haugesund for å sjå korleis metoden blir nytta i praksis. Nå er metoden løfta som nasjonalt verkty. Pasienttryggleiksprogrammet omtaler metoden på fylgjande måte:

«Forskning viser at alle pasienter, uavhengig av helsekompetanse, foretrekker metoden for å bekrefte forståelse. En studie fant for eksempel at metoden gav bedre glykemisk kontroll hos pasienter med diabetes, også hos pasienter med høy helsekompetanse (7).

En annen studie av kunne dokumentere at metoden gav en vedvarende reduksjon i antall reinnleggelser hos hjertesviktpasienter (8). Undersøkelser viser at Teach back gir mer effektive utskrivninger og dermed tryggere overganger mellom sykehus og hjem. Pasienter som tydelig forstår hvordan de skal ta medisiner og avtale oppfølgingstimer har 30 prosent mindre sannsynlighet for å bli re-innlagt eller for å besøke akuttavdeling, enn pasienter som ikke får eller oppfatter denne informasjonen (9).»

Heile nyhetsbrevet kan du lese her.

Trening i Teach back. (Foto)