Nytt verktøy kan gi betre behandling for kreftpasientar

"Eir" er eit nettbasert verktøy for symptomvurdering og klinisk beslutningsstøtte i kreftbehandling. Målet er å sikre raske og målretta tiltak mot nye symptom. I masteroppgåva si har kreftsjukepleiar Mona Didriksen funne ut kva som må til for å ta det i bruk.

 

–  Eg har intervjua elleve pasientar og tjueseks helsearbeidarar. Dei meinte alle at "Eir" er eit nyttig verktøy som er enkelt å bruke og relevant for deira situasjon. Både sjukepleiarar og legar meinte at "Eir" kan gjere konsultasjonane meir effektive og målretta, som igjen løftar kvaliteten på behandlinga, seier Didriksen.

"Eir" er utvikla av forskingsmiljø innan palliativ behandling ved NTNU og St. Olav. Verktøyet lar pasienten vurdere og rangere smerte og symptom, og sidan det er nettbasert, kan pasienten gjere det heimefrå. Informasjonen blir sendt direkte til legen.

Portrett av kreftsjukepleiar Mona Didriksen
NYTTIG VERKTØY: Både sjukepleiarar og legar meinte at "Eir" kan gjere konsultasjonane meir effektive og målretta, seier Mona Didriksen. Foto: Stina Steingildra

Suksess og barriere

–  Det er liten tvil om at dette er eit nyttig verktøy for både behandlar og pasient. Det eg ville finne ut var korleis ein kan implementere bruk i ei kirurgisk avdeling. Kva ville suksesskriteria og barrierane vere? spør Didriksen retorisk.

Funna hennar viser at dei viktigaste suksesskriteria er at dei som skal bruke verktøyet ser nytte av det, at dei er motiverte for å ta det i bruk og forstår korleis det skal brukast. Barrierane ligg i følgje Didriksen både i det tekniske og det organisatoriske:

– "Eir" er ikkje integrert med andre elektroniske verktøy helsepersonellet brukar. Det å måtte ta i bruk enno eit program gjer implementering vanskelegare enn om det hadde vore integrert i pasientjournalsystemet. Det er også utfordringar knytt til personvern og oversending av sensitive personopplysningar, seier Didriksen.

Ho fann også at deltidsstillingar kan vere ein til hinder for god implementering:

– Med ein stillingsdel på for eksempel 60 % kan du ha fleire dagar og av og til ei heil veke fri mellom vaktene. Sjukepleiarane bør vere tett på heile implementeringsprosessen og det blir vanskeleg utan kontinuiteten heiltidsstillingar gir, meiner Didriksen.

Invitert til internasjonalt seminar

I oktober er ho invitert til å presentere ein poster på eit internasjonal seminar med forskingssamarbeid mellom onkologi og palliasjon som tema. Arrangørane er European Palliative Care Research Center og European Association of Palliative Care Research Netwerk (PRC og EAPC).

–  Det er med stor ærefrykt eg skal delta, for der kjem eg til å få treffe mange av namna som står i kjeldelista i oppgåva mi, smiler Didriksen.

Ho er glad for at den intense studieperioden no er over, og gler seg til å vere i klinisk arbeid for fullt igjen.

–  Eg fekk heilt klart lyst til å drive med forsking, men eg er veldig glad i klinisk arbeid. Akkurat no ser eg fram til å «bare» vere kreftsjukepleiar og mindre reising, seier den engasjerte sjukepleiaren.

Kreftbehandling krev høg kompetanse

Leiar Bodhild Håkull roser den ferske mastergradsstudenten.

– Mona er ein stor ressurs for oss, både fagleg og menneskeleg. Vi har mange kreftpasientar og jobbar heile tida for å halde kompetansen i eininga på eit høgt nivå. Mona har vidareutdanning innan kreftsjukepleie og det passa godt å bygge på denne kompetansen med ein mastergrad. Ho får tileigna seg kunnskap på eit høgt nivå og det kjem både pasientar og medarbeidarar til gode, seier Håkull, som også legg vekt på dei personlege eigenskapane hennar.

– Ho er god med både pasientar, pårørande og kolleger. Det kan vere tøft å jobbe tett på alvorleg sjuke menneske og vi må sjå  og støtte kvarandre, seier Håkull.

Bilde av sjukepleiarar som snakkar saman
HØG KOMPETANSE: Vi har mange kreftpasientar og jobbar heile tida for å halde kompetansen i eininga på eit høgt nivå, seier funksjonsleiar Bodhild Håkull (t.v.)

Ho er ikkje overraska over Didriksen sitt funn av at deltidsstillingar er ei utfordring for implementering av nye verktøy.

– Vi ønsker at flest mogleg av dei som vil ha det skal få heile stillingar og vi jobbar målretta med det. Men vi treng også deltidsstillingar for å få turnusen til å gå opp. Vi har mange dyktige studentar inne i helgestillingar som gjer at vi kan tilby fleire auka stilling. Studentane trivs godt hos oss og fleire av dei går over i fast jobb hos oss etterpå, seier Håkull.