Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt forløp for pasientar med brystsmerter

Frå 1. oktober skal lege vurdere om pasientar som kjem med brystsmerter til akuttmottaket ved Haugesund sjukehus kan få oppfølging i poliklinikk i staden for å bli lagt inn. Målet er å sikre at alle pasientar som kan ha hjertesjukdom får vurdering av hjertelege.

Publisert 19.07.2021
Sist oppdatert 01.03.2024

I dag er det berre 10-15 prosent av dei som kjem til akuttmottak med brystsmerter som faktisk har akutt hjertesjukdom. Dei treng innlegging og rask behandling. Tala viser tydeleg at brystsmerter som oftast er symptom på andre tilstandar. Desse pasientane treng som regel ikkje sjukehusinnlegging, og det skal det nye pasientforløpet ta høgde for.

Hastegrad

– Vi har arbeidd for å finne gode løysingar for å sikre at dei akutt hjertesjuke får rett og kvalitetsmessig god behandling til riktig tid, seier avdelingsoverlege og hjertespesialist Saied Nadirpour.

Ny kunnskap og endringar av metode for diagnostikk innanfor fagfeltet hjertesjukdom gjer det mogleg å raskt kunne slå fast kven som er akutt hjertesjuk og kven som kan vente på behandling. Det er denne kunnskapen som nå er lagt til grunn for nye pasientforløp i akuttmottaket ved Haugesund sjukehus. Frå 1. oktober skal alle pasientar med brystsmerter bli vurdert av lege i akuttmottaket og kategorisert i éi av tre ulike grupper:

  • Akutt hjertesjuke får rask behandling og blir lagt inn på hjerteavdelinga.
  • Pasientar med brystsmerter som kan skuldast hjertesjukdom, men som etter grundig undersøking ikkje treng innlegging, kan reise heim. Dei blir kontakta innan 1-3 arbeidsdagar for time på hjertepoliklinikken. Timen vil vere innan ei veke.
  • Pasientar som truleg ikkje har hjertesjukdom. Alle pasientar med brystsmerter blir vurderte av vakthavande lege i akuttmottaket. Om undersøkinga viser at pasienten ikkje har hjertesjukdom, kan pasienten dra heim med vidare kontroll hos fastlege. Enkelte kan det vere aktuelt å vise til andre undersøkingar i sjukehuset.

Bilder fra hjerteavdeling. (Foto)

Avdelingsoverlege Saied Nadirpour og kollegene sikrer at akutt hjertesjuke får rett og kvalitetsmessig god behandling til riktig tid.

Hjertelege til alle

– Alle pasientar med brystsmerter som kan ha hjertesjukdom blir vurderte av hjertespesialist. Dette er viktig for å sikre pasienttryggleiken, seier leiar på hjerteavdelinga Inger Magnusson Hauge.

Ho fortel at dei nye pasientforløpa er nødvendig for at dei som har akutt hjertesjukdom blir behandla og får plass i den spesialiserte hjerteavdelinga så raskt som mogleg. Målet er å sikre at berre dei som faktisk treng det blir lagt inn på den spesialiserte avdelinga. Samtidig skal tilbodet i poliklinikk styrkast, der pasientane kjem inn til poliklinisk time utan å bli lagt inn.

– Pasientar vil få rask avklaring om dei faktisk er hjertesjuke eller ikkje, og om kor akutt tilstanden eventuelt er, seier Magnusson Hauge.

Tal frå norske sjukehus viser at dei fleste av pasientane som blir innlagt med brystsmerter ikkje er hjertesjuke. Ofte kan brystsmerter passere utan at ein finn ut kvifor dei kom. Pasientar med uspesifiserte brystsmerter er den neste største pasientgruppa i akuttmottak.

Har sett til Stavanger

Ved Stavanger universitetssjukehus har dei nytta tilsvarande kategorisering av pasientane sidan februar 2018. Med bakgrunn i det har fagmiljøet på hjerteavdelinga i Haugesund sett til Stavanger for å lære. Endringane er fagleg funderte med ei godt utvikla metodebok.

– Fagmiljøet i Stavanger meiner den nye kategoriseringa har styrka pasientryggleiken og pasientflyt i sjukehuset, seier avdelingsoverlege Saied Nadirpour.

Stavanger universitetssjukehus si erfaring er at det ikkje har vore ei auke av reinnleggingar eller dødsfall blant pasientane som i dei nye forløpa ikkje har blitt innlagt. Det vil vere viktig at dei pasientane som ikkje har teikn på hjertesjukdom får god informasjon for å kjenne seg trygge. Det same gjeld pasientar som skal få vidare utgreiing i poliklinikk i løpet av dei næraste dagane etter avklaring i akuttmottaket.