Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny rekord i forskingspublikasjonar

Helse Fonna har aldri før hatt så mange publikasjonar i fagtidsskrift. Sist ut er Magdy El-Salhy, som endeleg har fått publisert ein artikkel i det høgast rangerte gastroenterologi-tidsskriftet.

Publisert 09.06.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

​ Ja, dette er stor stas, seier Anne Lise Kvalevaag, som er leiar for forskings- og innovasjonsavdelinga i Helse Fonna.

Sist ut i ei fin rekkje er Magdy El-Sahly (biletet), som har fått publisert ein artikkel i det høgast rangerte tidsskiftet innan gastroenterologi, «Gastroenterology».​

Magdy-ElSalhy.jpg

 

Oppdaga nye bakteriar​

Artikkelen har tittelen «Efficacy of fecal microbiota transplantation for patients with irritabel bowel syndrome at three years after transplantation".

​ I denne vitskaplege rapporten viser vi ikkje berre at fekal transplantasjon gir langvarig effekt, men vi oppdagar også 11 nye tarmbakterier som fører til både IBS og utmatting. Dette er ein stor sensasjon, seier ein nøgd forskar.

Magdy El-Sahly er professor i gastroenterologi og hepatologi ved Universitetet i Bergen og har jobba som gastroenterolog ved Stord sjukehus. El-Salhy har dei siste 13 åra vore engasjert i forsking på irritabel tarm syndrom (IBS).

Han er no pensjonist og er i ferd med å avslutta forskinga si, som har ført til at mange pasientar med irritabel tarm har blitt friske ved at såkalla fekal transplantasjon. Det vil seie at dei har fått overført tarmbakteriar frå ein frisk donor. El-Sahly har hausta ei rekkje internasjonale utmerkingar for forskinga si.

 

Rekordmang​e publikasjonar

Anne Lise Kvalevaag er stolt over resultata som Magdy El-Sahly og dei andre forskarane i Helse Fonna får fram, og ho er stolt over at Helse Fonna aldri har hatt så mange publikasjon i dei mest anerkjende tidsskrifta.

​ Forsking er ein internasjonal dugnad der forskarar deler sine funn med andre.  Forskinga blir spreidd gjennom publisering i fagtidsskrift og resultata blir gjort tilgjengeleg for alle. Forskinga i vårt føretak bidreg til og betrar dermed kunnskapsgrunnlag i helsetenestene. Kvalitativ god og relevant forsking kan også gjennomførast i små føretak og det er eg svært stolt av, seier Anne Lise Kvalevaag.

Helse Fonna har nemleg aldri før hatt så mange publikasjonar som i 2021. Til slutt vart det 71 publikasjonar. 19 av desse vart publisere i såkalla nivå 2-tidsskrift. I norsk vitenskapsindeks vert vitskaplege tidsskrift delt inn i nivå 1 og nivå 2, der nivå 2 er det høgaste nivået. Nivå 2 består av inntil 20 prosent av tidsskrifta, som blir rekna som internasjonalt leiande i faget. Når 19 av 71 publikasjonar er publisert i nivå 2- tidsskift, så utgjer det 26,8 prosent, noko som er ein høg prosentdel, og som plasserer Helse Fonna ganske høgt på lista over alle føretak i Noreg.​

Forskingsstafett 2022 - foto Eirik Dankel_6.jpg

Nøgde: Leiar i forskings- og innovasjonsavdelinga i Helse Fonna, Anne Lise Kvalevaag (t.v.), er stolt over alle bidraga frå Gunnar Sjøen og dei andre forskarane i føretaket. 

Foto: Eirik Dankel