Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

No sjekkar du inn sjølv på sjukehuset

På sjukehusa i Haugesund og på Stord har vi no sjølvbetjening for deg som er pasient.

Eirik Dankel
Publisert 13.11.2020
Sist oppdatert 01.03.2024
Innsjekkautomat i Haugesund. (Foto)

Automat for innsjekk i Haugesund. (Alle foto: Eirik Dankel)

Men kva betyr det? Her er det forklart på ein-to-tre.

1. Sjekk inn

Første steg er å gi registrere deg.

– Når du kjem til sjukehuset nytter du telefonen din eller automaten i resepsjonen for å registrere at du er her. Då får du ein referansekode. Denne finn du igjen på skjerm i venterom og kan sjølv sjå når du skal inn. Har du fleire timar på ein dag, gjeld same kode, forklarar Anne Møklebust som har leia innføringa.

2. Finn lettare fram

Det er mange gangar og krokar på eit sjukehus. I tillegg til innsjekking og betaling, hjelp det nye systemet deg å finne fram der du skal.

– I automaten er det kartvisning over sjukehuset som viser kor du skal sitte å vente. Kartet viser deg din ventesone ut frå kva time du har registrert seg til, seier Møklebust.

3. Betaling

Når du er ferdig er det lagt opp til enklare betaling.

– Bruk telefonen din eller Vipps, eller få med deg faktura – om du heller vil det. På Stord sjukehus kan du også bruke kort i automat.

Kvifor gjer vi dette?

Ved å leggje til rette for sjølvbetjening håpar vi at du som brukar opplever større fridom og moglegheit til å vere ein ressurs i pasientforløpet ditt.

For oss på sjukehusa får vi moglegheit til betre pasientoppfølging og ressursplanlegging.

Automat for innsjekk. (Foto)

Slik er skjermbildet på automaten.

Referansekode på papir. (Foto)

Du kan få referansekoden tilsendt til mobil eller skrive ut fra automat.

Skilt for venterom. (Foto)

Du får oppgitt kva ventesone du skal til. Desse er merka. Du kan også nytte Finn fram-tenesta på mobil eller automat for å finne vegen.

Skjerm på venterom. (Foto)

På venterommet kan du sjå når det er din tur. Bruk referansekoden din, denne er den same om du har fleire timar same dag.