Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

No er stillinga lyst ut

Arbeidet med å finne ny administrerande direktør i Helse Fonna er formelt i gang.

Publisert 22.09.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

«Helse Fonna søkjer ein strategisk, motiverande og engasjert administrerande direktør som skal vidareutvikle spesialisthelsetenesta i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Spesialisthelsetenesta står overfor fleire store utfordringar dei neste åra. Oppgåvene er krevjande, spennande og motiverande for den rette leiaren. Kvalitet og pasienttryggleik står fremst, i tillegg til å balansere økonomi, fag og prioritering innanfor dei rammene som ligg til føretaket.  Helse Fonna vil, som dei andre helseføretaka i regionen, vere avhengig av å tak i bruk nye IKT løysingar, bidra til høg grad av digitalisering og å nytte teknologi rett for å møte behova i framtida. For å få til dette til søkjer vi ein toppleiar som vil utvikle tenesta, saman med leiarar og medarbeidarar i heile helseføretaket, for å sikre ei framtidsretta spesialisthelseteneste for befolkninga».

Dette står i lese i utlysingsteksten til direktørjobben i ein av dei største organisasjonane mellom Stavanger og Bergen. Helse Fonna har over 4.000 tilsette, som er fordelte på fire sjukehus, fire DPS-ar og ti ambulansestasjonar.

Sjå annonsen her: Ein av dei mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet | Habberstad AS (recman.no)

Styreleiar Petter Steen jr. trur det kan ta nokre månader før Olav Klausen sin etterfølgjar er på plass.

Petter Steen - 2022 - foto Eirik Dankel_4.jpg

Styreleiar: Styreleiar Petter Steen jr. reknar med det kan ta nokre månader før han får på plass den nye administrerande direktøren i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel


– Dette er ei svært viktig stilling, som bør vere attraktiv for mange. Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit helseføretak med dyktige leiarar og medarbeidarar. Direktøren får gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar, seier Steen jr., som ikkje har tru på at tilsetjingsprosessen er over før nærare nyttår.

Det er rekrutteringsfirmaet Habberstad som har fått i oppgåve å finne den beste kandidaten.

–​ Dette er ein av dei mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet. Stillinga ligg no ute offentleg, og eg er tilgjengeleg for dialog med dei som er interesserte i stillinga, seier rekrutterar Hans Petter Karlsen, som har lang og god erfaring med å rekruttere toppleiarar innan spesialisthelsetenesta.

Søknadsfristen er sett til 23. oktober.