Mjør skal leie arbeidet med utviklingsplan

Nasjonal helse- og sjukehusplan stiller krav om at alle helseføretak skal ha ein utviklingsplan. Reidun Mjør skal leie dette arbeidet i Helse Fonna.

 
                                     

– Det blir eit viktig arbeid og eg er glad for at Reidun Mjør har takka ja til å leie det, seier administrerande direktør i Helse Fonna Olav Klausen.

Reidun Mjør har sidan 1. januar 2014 vore direktør for somatisk klinikk ved Stord sjukehus og sit i direktørgruppa i Helse Fonna.

– Reidun kjenner Nasjonal helse- og sjukehusplan, har godt innblikk i helsepolitikken både lokalt og nasjonalt og har inngåande kjennskap til Helse Fonna og Helse Vest etter til saman åtte år som leiar. Mjør er ryddig og god på prosess og eg ser fram til å følgje arbeidet med utviklingsplanen tett, seier Klausen.

– Eg takka ja til denne oppgåva av same grunn som eg søkte stillinga som klinikkdirektør, seier Mjør.

– Det er avgjerande at sjukehusa er godt organiserte for at du og eg skal få best mogleg pleie og behandling. Det er eit privilegium å få jobbe for å gjere spesialisthelsetenesta enno betre og utvikle sjukehusa i takt med medisinske framskritt og samfunnsutviklinga.

 

Eit verktøy for å nå måla

I Nasjonal helse- og sjukehusplan står det at ein overordna utviklingsplan skal danne grunnlag for endringar og utviklingstiltak i føretaket. Utviklingsplanen skal gi eit framtidsbilde og vere ei operasjonalisering av overordna planar og strategiar. Den ferdige planen må godkjennast av både styret i Helse Fonna og styret i eigarføretaket Helse Vest.

– Vi har allereie strategiane og måla vi skal jobbe etter, så grunnlaget er gitt. Utviklingsplanen skal vere eit verktøy i arbeidet med å komme dit. Vi treng innspel frå medarbeidarar, brukarar og samarbeidspartnarane våre for å lage ein best mogleg plan, og involvering blir derfor ein viktig del av prosessen, seier Mjør.

Arbeidet med å lage ein utviklingsplan for Helse Fonna blir organisert som eit prosjekt. Mjør går inn i stillinga som prosjektleiar frå 21. august 2017 til sommaren 2018, då planen skal vere ferdig. Ho vil i prosjektperioden organisatorisk vere ein del av fagdirektøren i Helse Fonna sin stab. 

 

Anne Karin Fossdal konstituert som direktør

I prosjektperioden blir Anne Karin Fossdal konstituert i stillinga som direktør for somatisk klinikk ved Stord sjukehus. Fossdal er i dag leiar for kirurgisk seksjon ved sjukehuset.

– Eg set pris på tilliten eg er vist, er audmjuk og ser fram til nye utfordringar, seier Fossdal.

Olav Klausen er glad for at Fossdal har takka ja.

– Fossdal er ein dyktig leiar med lang erfaring og solid bakgrunn både teoretisk og praktisk. Ho kjenner Stord sjukehus og medarbeidarane der svært godt, er løysingsorientert og evnar å tenke nytt. Det er positive og viktige leiareigenskapar, seier Klausen.

Anne Karin Fossdal er utdanna sjukepleiar og jobba i tretten år ved medisinsk seksjon ved Stord sjukehus før ho jobba fire år innan HR i Helse Fonna. Dei siste seks åra har ho vore leiar for kirurgisk seksjon ved Stord sjukehus. Ho har studert helseleiing, økonomi og kvalitetsforbetring ved Universitetet i Bergen og deltatt i det nasjonale toppleiarprogrammet for spesialisthelsetenesta.