
Niklas, Mari og Daniel er stjernene i Habilitering sin nye video. (Foto: Eirik Dankel)
På torsdag var det duka for lanseringsfest på Haugesund sjukehus.
– "Plutselig voksen" er ein video som er laga til kursrekka "Plutselig voksen", kurs til føresatte av ungdom med oppfølgingsbehov inn i vaksenlivet, forklarar Randi Hjelmervik som er klinisk barnevernspedagog.
I denne kursrekka blir mange temaer presentert, som oppnemning av verge, arbeidstilbad, rettigheiter frå NAV og kommune og så vidare.
– Også presentasjon av ulike boformer og støtteordningar. Videoen om bolig er i hovudsak retta mot føresatte og ikkej til ungdommen sjølv. Men dei kan gjerne sjå den.

Utdeling av blomster og gåver til dei nye filmstjernene.
Eit vanleg tema
– Vi får mange spørsmål om bolig, sa Marian Yrke ved habiliteringsavdelinga då ho presenterte videorn.
– Kva er viktig for akkurat deg, kva kan vere best? Vi fikk hjelp av ungdomsrådet, Lærings- og meistringssenteret og fleire andre for å få eit godt utgangspunkt.
Mari, Niklas og Daniel
For det med bolig til barn med funksjonshemming er det mange foreldre som tenkjer på.
– Slik blei ideen til om å lage ein video. Mange foreldre vil gjerne ha noko dei ka sjå og lære av, fortsatte Yrke.
Mari, Niklas og Daniel er dei vi får komme heim til i videoen. På lanseringsfesten var dei stjernene.
Vi får lære meir om kva dei og foreldrene har gjort for å skape heimen deira.
I stedet for å lese om det, sjå heller videoen:
Tusen takk til Mari, Niklas og Daniel, og foreldra deira. Takk også til Vestbris for god hjelp med videoen, og til alle som stilt opp og gjort det mogleg.
*Videoen blitt til med såkornmidler fra Helse Vest.