Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

MAP: Trygg i møte med aggresjon

– Det er vanskeleg å seie kva eit menneske vil gjere litt fram i tid. Vald er eit samspelsfenomen som blir påverka av ei rekke skiftande faktorar i og rundt personen, seier Torill Storhaug.

Eirik Dankel
Publisert 14.12.2021
Sist oppdatert 01.03.2024
Torill Storhaug. (Foto)

Torill Storhaug

Sjukepleiaren på Valen har vore med i den nasjonale arbeidsgruppa som har utarbeida MAP (Møte med aggresjonsproblematikk). Visjonen til MAP er å auke tryggleik og sikkerheit for pasientar og personale, og bidra til å redusere aggressive og valdelege episodar.

– Vi har ikkje direkte tilgang til folk sine tankar og følelsar så risikoen kan bli påverka av det som skjer rundt. Men også moglegheita til å utøve vald kan endre seg og effekt av førebyggande tiltak som verkar hos nokon gjer det ikkje for andre. Difor må vi prøve å forstå kva som motiverer og driv aggresjon – og møte det på rett måte.

Tryggt for både pasient og medarbeidar

Eit eige opplæringsprogram i forståing, førebygging, handtering og oppfølging av aggresjon og valdsproblematikk er ein del av MAP.

– Det vi ønskjer er ei trygg oppleving for pasient og personalet i møte med aggresjon. Difor er det viktig å også kunne tilpasse oss til kvar pasient. Lukkast vi med det vil vi kunne redusere tvang, løyse vanskelege situasjonar og skape dei trygge møtene med pasienten, forklarar Storhaug.

Opplæringsprogrammet er no i gang på Valen, og etter kvart i heile klinikk for psykisk helsevern. Før start på Valen blei det gjennomført ei undersøking for å validere MAP-programmet.

– Slik kan vi følgje med og sjå om personale får auka mestringstrygghet i møte med aggressive pasientar, samt om postkultur endrar seg. I tillegg vil vi følgje med på valdsrate og tvangsbruk framover.

 

Sjå video om MAP frå Valen sjukehus.

Simulering som metode

MAP bruker blant anna simulering som treningsmetode, der det førebyggande aspektet er sentralt. Gjennom simulering får ein trening i å bruke verbale og non-verbale tilnærmingar for å løyse ein realistisk situasjon. Etterpå gjennomførast ein strukturert refleksjon.

Medisinsk simulering innanfor fagområdet psykisk helsevern er nytt i Helse Fonna. Først ute er dei altså på Valen.

– Vi ønskjer å vise korleis obligatorisk undervisning og jamleg trening og simulering kan gjennomførast i MAP-modellen. Kanskje kan vi inspirere kollegaer andre plassar også?

Fysisk trening.

Trening i fysiske teknikkar er ein del av MAP, men det er førebygging som er viktigiast i programmet. F.v.: Andreas Eide, Hege Sund, Frank Finnebotten, Lisbeth Koløy, Frode Aakre og Torill Storhaug. Sjå fleire bilde nedst i saka.

Mengdetrening

Før kveldsvakta startar på onsdagar møter alle dei som skal på jobb på simulerings- og undervisningsposten. Frå før har dei hatt to kursdagar, no skal dei få mengdetrening. Deltakarane blir fordelt i tre grupper: Teori, fysiske øvingar og simulering med scenario på pasientrom.

–  For å handtere aggresjon er vi heilt avhengig av å kjenne igjen situasjonar. Difor er mykje trening i team viktig. Vi må lære korleis vi kan jobbe saman om ein situasjon oppstår. Kollegaer må vere trygge på kvarandre og trener vi i lag lærer vi kvarandre å kjenne og opptrer tryggare, forklarar Storhaug.

Kunnskap om korleis vi reagerer på aggresjon og vald er viktig kompetanse som betyr mykje for korleis vi møter dette på ein god måte.

– Det er krevjande å måtte gå inn fysiske i situasjonar for å stoppe vald og aggresjon og vi ønsker ikkje å komme her. Når det likevel skjer, er grunnleggande fagetiske prinsipp ikkje å påføre skade, smerte og unødig krenkelse. Etterarbeid for alle involverte partar i førebyggings- og læringsperspektiv står sentralt og det er viktig å ha gode rutinar for dette.

Alle som er avbilda i denne saka er tilsette på Valen sjukehus.

Fakta

I MAP er førebygging vist med utgangspunkt i WHO sin modell for førebygging av vald.

  • Primærførebygging er grønt nivå og er dei tiltaka som blir nytta for å stoppe vald før den oppstår. Programmet legg størst vekt på grønt nivå.
  • Sekundær førebygging handlar om å oppdage ein konflikt så tidleg som mogleg. Gjennom kommunikasjonsteknikkar kan vi møte menneske som opplev sterkt emosjonelt ubehag med empati slik at vi kan bremse eit eskaleringsforløp, hjelpe til å oppretthalde kontroll og kome tilbake på grønt nivå.
  • Dersom vi ikkje klarer å førebygge og stoppe konfliktar på gult nivå, kan desse ende i den mest kritiske røde fasa som krev god samhandling, tydeleg leiing og god kommunikasjon.

  • MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) er eit opplæringsprogram i forståing, førebygging, handtering og oppfølging av aggresjon og valdsproblematikk.
  • MAP skal innførast i klinikk for psykisk helsevern. MAP erstattar TERMA og koordinerast frå Valen sjukehus.
  • Ei nasjonal arbeidsgruppe, der Valen har vore representert, har laga ein kunnskapsbasert manual med 10 kapittel som blei lansert nasjonalt 16. september 2019.
  • Du kan lese meir om MAP hos Sifer

 

  • I MAP-modellen blir det utdanna eigne instruktørar som driv opplæring i eigen organisasjon. For å bli godkjent MAP-instruktør må ein ta tidagars instruktøropplæring. Instruktørane skal vere i stand til å holde MAP-grunnkurs, undervise i dei ulike modulane i MAP, samt kunne vedlikehalde denne kompetansen ved sine arbeidsplassar. Påmelding av instruktørar krev forankring og avklaring frå leiinga. Vidare forpliktar deltaking til implementering av grunnkurset på eigen arbeidsplass.

  • Medisinsk simulering er praktisk trening for helsepersonell. Det handlar om alt frå individuelle ferdigheiter til fleirfagleg trening i team, og fasilitatorar innan medisinsk simulering.
  • Treninga gir helsepersonell moglegheit til å opparbeide seg betre kompetanse på pasientbehandling og er tilrettelagt slik at deltakarar møter pasientsituasjonar som er realistiske og passe utfordrande, utan at pasienten blir involvert i treninga.
  • Etter scenario leiar fasilitator systematisk gjennomgang etter konkrete debriefingprinsipp for å skape felles forståing av hendinga. Tilbakemeldingane frå personalet er at treninga opplevast relevant og nyttig.
  • Utdanning som fasilitator bygger på modellen «train The trainer» der ein gjennom tredagars utdanning blir i stand til å legge til rette for læring i aktuelle situasjonar basert på simulerte pasientar (levande markørar). Aktuelle tema innan psykisk helsevern kan vere teamsamarbeid i forbindelse med valdelege og utagerande pasientar, mottakssamtalar, suicidvurderingar. Les meir: http://www.simoslo.no/pha
Instruktørar. (Foto)

Instruktørane planlegg kva som skal skje under denne øvinga. F.v.: Hovedinstruktør Torill Storhaug, MAP-instruktør Benedicte Merkesdal, MAP-ressursperson Lisbeth Koløy, MAP-instruktør Agnar Lauritzen og sim-fasilitator Endre Eik.

Simulering på pasientrom. (Foto)

Simulering på pasientrom. Markørane er også utdanna i MAP-programmet. F.v.: Miljøpersonale Svein Ørjan Saghaug og markør Ørjan Bakke.

Simuleringstrening er ein del av MAP

Simuleringstrening er ein del av MAP. F.v.: Sim-fasilitator Endre Eik, markør Ørjan Bakke og sim-fasilitator Inger-Lill Prestnes Ersland.

Øving i fysiske teknikkar. (Foto)

Å trene saman vil gjere det tryggare om ein situasjon oppstår. Fv.: Lisbeth Koløy, Flemming Bjønnes, Hege Sund og Andreas Eide (som blir halde).

Teoriøving. (Foto)

Teori er viktig i tillegg til simulering og fysiske øvingar. Bak: Bjarte Solheim, Hanna Teigen og Reidun A. Rosendahl. Midten: Rannveig Helland, Aage Røssland og Linda Teigen. Framme Anne Lie. Ståande: Benedicte Merkesdal.