Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mange vil bli klinikkdirektør

11 søkjarar til stilling som Klinikkdirektør medisinske tenester og beredskap.

Publisert 10.11.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Det melde seg 11 søkjarar til stillinga som Klinikkdirektør for medisinske tenester og beredskap då fristen gjekk ut 6. november. Fire av kandidatane har trekt søknaden, og éin søkjar har fått innvilga unntatt offentlegheit.

Sverre Kolbeinsen Lien sa tidlegare i haust opp stillinga han har hatt i snart fem år, og han går over i annan jobb på nyåret.

sverre-kolbeinsen-lien-foto-stina-steingildra1.jpg

Sluttar: Sverre Kolbeinsen Lien sluttar som klinikkdirektør etter snart fem år i stillinga, og prosessen med å finne hans etterfølgjar er godt i gang. Foto: Stina Steingildra

 

Administrerande direktør Olav Klausen er godt nøgd med søkjarlista, og tek sikte på å avslutte tilsetjingsprosessen i løpet av neste veke.

–​ Eg vil takke Sverre for den svært store innsatsen han har gjort i denne jobben, ikkje minst med beredskapsarbeidet gjennom pandemien. Det er også svært mange gode, både eksterne og interne søkjarar til stillinga, noko eg er glad for. Sverre blir i stillinga til midt i januar og vi satsar på å ha på plass ein etterfølgjar når han sluttar, uttalar Klausen.

I klinikk for medisinske tenester og beredskap er det om lag 415 årsverk, pluss vikarar, og eit årsbudsjett på rundt 56o millionar kroner. Mellom anna er ambulansetenesta, det radiologiske/røntgentilbodet og laboratoria organisert i denne klinikken.

 

Søkjarlista:

Hamre, Anne Marion (54), operations administrator, Katy, Texas, USA

Daliri, Ahmad Shoeyb (28), fastlege og legevaktslege, Lindesnes

Kyvik, Ingvill Hystad (47), avdelingsleiar, Stord

Kandidaten har trekt seg

Kandidaten har trekt seg

Moen, Svein Oddvar (43), avdelingsleder, Haugesund

Unntatt offentlegheit

Kandidaten har trekt seg

Kandidaten har trekt seg

Grov, Bjarte (54), ansvarlig leiar/direktør, Stavanger

Huseby, Elisabeth (56), regional leder Pasientsikkerhet og

kontinuerlig forbedring, Haugesund