Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Livet som lærling

Dei jobbar i lag, bur i lag og veit aldri kva arbeidsdagen vil bringe. Ambulanselærlingane trenar på å bli best på det verste.

Publisert 08.03.2017
Sist oppdatert 01.03.2024
Ambulanselærlingane Veronica Hettervik (t.v.) og Emma Selvig.
UTFORDRANDE: Veronica Hettervik og Emma Selvig trivs som ambulanselærlingar. - Du må utfordre deg sjølv i denne jobben, seier Hettervik. Foto: Stina Steingildra

– Det er eit paradoks, seier Emma Selvig (18) frå Sauda. – Eg vil jo få med meg dei verste tinga for å lære, samtidig vil eg ikkje at slike ting skal skje med folk. Emma er førsteårs lærling og har jobba på ambulansestasjonen i Haugesund i eit halvt års tid.  Ho har ikkje vore ute på dei tyngste oppdraga enno, men veit at det vil kome.
– Vi må jo få erfaring for å bli gode. Du må utfordre deg sjølv i denne jobben, seier kollega og andreårslærling Veronica Hettervik (30). 

Alltid noko nytt å lære

Dei to har heilt ulike vegar inn i yrket som ambulansearbeidar. Emma har gått ambulanselina på vidaregåande i Sauda og fekk læreplass i Helse Fonna. Veronica var legesekretær, men tok eit kurs for åtte år sidan for å kunne jobbe som ambulansevikar. Deretter tok ho fag som privatist og søkte læreplass.

– Du må verkeleg ville jobbe med dette. Det er knallkjekt, men det er ikkje for alle, seier ho.
Som ambulansearbeidar må du halde deg fagleg oppdatert.
– Det er jo som eit sjukehus på hjul. Behandlinga startar i ambulansen, seier Emma. Veronica nikkar:
– Derfor er det alltid noko nytt å lære, nytt utstyr, nye metodar og nye medisinar.

Dei er einige om at det viktigaste likevel er samarbeidet.

– Vi gjer kvarandre gode. Vi bur i lag på stasjonen når vi er på jobb, så vi blir godt kjent. Det gjer at vi jobbar betre i lag ute. Ofte kan eg bare sjå på kollegaen min, så veit eg kva eg skal gjere og kva den andre vil gjere, seier Veronica.

Profesjonell i tøffe situasjonar

Tunge oppdrag er ein del av kvardagen for ambulansearbeidarane.
– Vi veit jo ofte kva vi køyrer ut til, og førebur oss i bilen når vi er på veg. Både mentalt og på oppgåvene: Kven som skal gjere kva. Så i sjølve situasjonen er vi profesjonelle. Reaksjonane kjem gjerne etterpå, seier Veronica.

– Vi snakkar mykje om oppdraga vi har vore på. Kollegene er ei god støtte. Kanskje lenge etter ei hending kan nokon spørje om det går bra, for alle kjenner til at ein kan få reaksjonar seinare, seier Emma.