Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skal hindre at barn utfører seksuelle overgrep:

Leiar nasjonalt prosjekt

Opp mot halvparten av alle seksuelle overgrep mot mindreårige blir utført av andre mindreårige. Helse Fonna leiar eit nasjonalt prosjekt som skal få ned dette talet.

Publisert 28.12.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Forsking viser at 30-50 prosent av overgrep og krenkande seksuell adferd mot mindreårige blir utført av jamaldrande. Og av desse er det estimert at rundt ein tredjedel har nedsett kognitiv funksjon.

– ​Funna viser at her trengst det meir kompetanse. Dette er eit ungt fagfelt, som har fått lite merksemd fram til no, seier Randi Hjelmervik. Ho jobbar som klinisk barnevernspedagog i habiliteringstenesta, og saman med vernepleiar Malin Lillenes Tvedt leiar ho eit nasjonalt kompetanseutviklingsprosjekt innan problematisk og skadeleg adferd. Prosjektet vart sett i gang av Helsedirektoratet i fjor, der målet er å førebyggje at barn og unge med funksjonshemming utøver problematisk eller skadeleg seksuell adferd mot andre, eller mot seg sjølv.

 

​Ofte nære relasjonar

Fokuset, blant anna i media, er på vaksne som utfører seksuelle overgrep mot barn. Og når noko slikt skjer er det hjelp å få for offeret, men det finst ikkje noko system for å fange opp den som har krenka. 

Ingeborg Halvorsen er Helse Fonna sin representant i det kliniske nettverket. Ho vart sjølv overraska over kor mange seksuelle overgrep mot mindreårige som blei utført av andre mindreårige.

– ​Veldig ofte skjer desse overgrepa i nære relasjonar, og det har nok ikkje vore snakka så mykje om. Det kan vere sterke kjensler i sving når dette til dømes råkar ein familie. Slike saker vert gjerne tabubelagt, og familien prøver sjølv å ordne opp i utfordringane, framfor å søkje hjelp. Difor er det viktig med god informasjon, og førebyggjande arbeid, fortel Halvorsen, som er vernepleiar.

– ​I tillegg til at slik adferd må forhindrast og stoppast, må denne gruppa få hjelp til å samhandle med andre, også når det handlar om seksualitet. Då er det viktig å gje god og rett rettleiing til ungdommen, og dei som står ungdommen nær, slik som foreldre og eventuelt hjelpeapparatet. Dette for å unngå at ungdommen står åleine om ansvaret. Heilskapen må kartleggjast, ikkje berre adferda, seier Lillenes Tvedt.

 

 

Samarbeid mellom etatar

Hjelmervik og Tvedt er frikjøpt 60 kvar for å jobbe med prosjektet, som varar ut 2023. Eit viktig fokus er samarbeid mellom ulike etatar.

nasjonalt prosjekt.jpg

Viktig jobb: Seksuelle overgrep mot mindreårige, utført av andre mindreårige, er eit større samfunnsproblem enn ein har vore klar over. Malin Lillenes Tvedt (t.v.), Randi Hjelmervik og Ingeborg Halvorsen er blant dei som skal finne ut korleis ein betre kan førebyggje slike overgrep. Foto: Magne Kydland

 

– Barnehusa, politi, barnevern og BUP er blant etatane ein samarbeider med. Målet er at alle skal vite litt meir om dette temaet, men samstundes må det vere nokon som veit meir enn andre, fortel Hjelmervik.

Det førebyggjande arbeidet bør starte tidleg i livet. Og så tenkjer ein ikkje på berre på skulen eller i tidleg barneskulealder. Dei tre engasjerte pådrivarane i Helse Fonna meiner arbeidet må starte allereie i barnehagen.

–  Menneske er seksuelle vesen heilt frå dei vert fødde. Dette er ikkje noko som startar i tenåra, eller i puberteten. Ei av oppgåvene våre er å informere om at det finst hjelp å få for å komme seg vidare i livet. Dette må bli like naturleg å snakke om som andre problem. Og kva er eigentleg «normalt»? Det er eit nokså vidt spekter, og ein ser jo korleis utviklinga innan seksuell adferd og utfolding har endra seg dei siste tiåra. For enkelte unge kan det vere vanskeleg å navigere i dette terrenget, og vite kor grensene går, seier Ingeborg Halvorsen.

 

Habilitering – fakta

Habilitering har tilbod til pasientar med medfødde funksjonshemmingar, eller funksjonshemmingar som pasienten har fått tidleg i livet, og som gjer at dei har trong for hjelp frå spesialisthelsetenesta. Sentrale oppgåver er utgreiing, diagnostisering, behandling, opplæring til pasient og pårørande samt rettleiing til personale.

Tilbodet skal vere eit supplement og ei støtte for statlege og kommunale helse- og sosialtenester og samarbeidspartnarar innan skule og NAV.

Habilitering i Helse Fonna held til i 2. etasje på Berg-senteret på Raglamyr i Haugesund.

 

Prosjektet – fakta

Helse Vest fekk i oppdrag frå Helsedirektoratet om å starte opp det nasjonale kompetanseutviklingsprosjektet innan problematisk og skadeleg adferd.

Målet er å gje utgreiings- og behandlingskompetanse for habiliteringstenestene over heile landet, og å stoppe og redusere talet på skadelege hendingar og talet på utsette på eit tidleg stadium.

Målgruppa er barn og unge med medfødd eller erverva skade, med problematisk eller skadeleg seksuell adferd.

Helse Fonna leiar prosjektet, og i det nasjonale, kliniske nettverket er det fem representantar frå kvar helseregion, utanom Helse Sør Øst, som har ti representantar.