Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kvalitetsbloggen: Kva held vi eigentleg på med?

Av og til er det nyttig å stille seg dette spørsmålet sjølv om det kan vere skummelt. Kva er det vi held på med, og er det vi gjer til nytte for pasientane? Nyleg møttes fastlegar og sjukehuslegar for å diskutere når nok er nok. Det var eit nyttig møte.

Publisert 08.03.2018
Sist oppdatert 01.03.2024

Av og til er det nettopp dialog som er det viktigaste verktøyet for å skape konsensus og endring. Det er rikhaldig dokumentasjon på variasjon i val av behandling for same liding mellom sjukehus, avdelingar og legar. Mykje av variasjonen er forklarleg ut i frå at pasientane har ulike behov og ønsker. Vi kan likevel ikkje forklare all variasjon ut frå pasienten sine val eller sjukdomsførekomst.

For vi har inga god forklaring på at folk i Oslo er i behov av fire gonger så mange CT-undersøkingar som dei som bur i Finnmark, eller at barn frå Vestfold skal leggjast dobbelt så ofte inn på sjukehus som barn busett andre stader. I kvardagen er det er utfordrande for legane å finne rett nivå på diagnostikk og behandling, og det er vanskeleg å seie nei når pasientane krev vidare utgreiing. Etter fine og reflekterande innlegg i møte mellom fastlegar og sjukehuslegar kom det eit konstruktivt tiltak frå den eine fastlegen:

Vi må gå gjennom tilvisingar og røntgensvar som er sendt og motteke på ei veke, slik at vi får diskutert oss kolleger i mellom. Vi må spørre oss om det viktig og riktig å sende pasienten til MR-undersøking og om tilvisinga var god nok til at legekollegaene i sjukehus enkelt kunne starte arbeidet med diagnostisering og behandling, sa fastlegen.  

Vi som arbeidar i sjukehus må stille dei same spørsmåla. Vi kan ringe fastlegen for ein prat når vi lurer på kva som er til beste for pasientbehandlinga og kva som er nyttig. Vi må støtte kvarandre i staden for å lage meirarbeid, og vi må samhandle for å unngå å påføre pasientane tidvis smertefulle utgreiingar ut i frå diffuse symptom.

Ingen har fasiten på kva som er rett, det må vi diskutere oss fram til. Vi må starte med å våge å stille spørsmålet om behandlinga er nyttig for den enkelte pasient. Tala viser alt for stor variasjon i bruk av helsetenester. Og det er slik at «for lite og for mykje skjemmer alt».

Vi må hjelpe kvarandre i kvardagen for å gi plass til dei som er i behov av tenestene våre. Eg gler meg til neste møte med fastlegane den 13. juni. Då skal vi arbeide vidare med utfordinga for å vere sikre på at vi behandlar dei vi skal, til rett tid og på rett måte. Eg håpar du som er som er lege i sjukehus blir med på møtet, sjølvsagt saman med fastlegane.

Haldis Ø. LIer (Foto)

Helsing

Haldis Økland Lier
Fagdirektør i Helse Fonna