Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kvalitetsbloggen: Gjer vi forskjell på pasientane våre?

Nei, er det umiddelbare svaret på dette. Vi som er helsepersonell har som grunnverdi å behandle alle likt og profesjonelt. Vi trur at vi ikkje gjer forskjell i korleis vi behandlar pasientar og pårørande. Dessverre gjer vi det.

Publisert 02.02.2018
Sist oppdatert 01.03.2024

Det var etter å ha mottatt eit brev frå ei pårørande mor eg forsto at i praksis behandlar vi pasientar og pårørande ulikt. I brevet stiller mora til ein rusmiddelavhengig ungdom eit enkelt spørsmål: Kvifor får ikkje eg som pårørande beskjed når dotter mi er lagt inn på sjukehus?

Ho viste til opplevingar der dottera var frakta bevisstlaus til sjukehus og var innlagt i nærare to døgn utan at foreldra visste kor ho var. Andre gonger var dottera innlagt i eit par timar. Oftast ringde ho til mor for å bli henta ved hovudinngangen til sjukehuset når ho skulle heim.

   Mora respekterer teieplikta, men den kan ikkje vere til hinder for å ringe henne som pårørande? Som mor vil ho vere med dotter si, anten når ho vaknar frå overdosen eller for å ta farvel.  

Denne mora har også eit barn med kronisk somatisk sjukdom. Då blir ho alltid kontakta ved innlegging i sjukehus, utan unnatak.

Brevet gjorde inntrykk på oss og Helse Fonna inviterte pårørande til eit møte. I møtet deltok fleire frå akuttmottak, intensivavdeling, samhandling og eg. Vi blei svar skuldige. Vi kontaktar ikkje alltid pårørande når den rusmiddelavhengige har tatt ein overdose, men vi gjer det når sjukdomen er av somatisk karakter. Det er ingen vond vilje bak denne handlinga, det er berre ein praksis som har sett seg.

Møtet mellom fagfolk og pårørande har ført til at vi har laga ein ny prosedyre. Denne er viktig å lese og bruke. For vi skal ikkje gjere forskjell på pasientane våre.

Nå skal pårørande bli kontakta. Og eg skal lytte enda meir til pårørande for å lære og utvikle tenestene våre. Eg håper du gjer det same.

Haldis Ø. LIer (Foto)

Helsing

Haldis Økland Lier

Fagdirektør i Helse Fonna